fredag 30. september 2011

Haustkveld ved fjorden

Ein varm haustdag glei over i ein mørk kveld. Framleis lun med vel 20 grader.
Eg har forlete den lyse stova og sit i godstolen min på uteplassen vår.
Framfor meg, nær nok til at lyset innanfrå når dei, heng eit par blomar og svingar seg sakte i den svake vinden frå aust.
Trass i det svake lyset innanfrå, lyser dei grøne greinene og dei kvite og raude blomane mot den mørke kveldshimmelen.

Eit glas te varmar hendene mine, og når eg lyfter det til leppene, kan eg nyte smaken og varmen av den lysbrune væska.

Kvelden er still og fredfull. Berre kvar gong ein bil raser forbi på vegen ved fjorden, vert freden uro for eit bel. Så stilnar det att.
Men i stilla er der og gode lydar.
Eit klokkespel litt bortom meg svingar seg sakte i den svake vinden, og når vinddraget aukar litt, sender klokkene sine spede tonar ut i kveldsmørkret.

Ingen stjerner lyser opp himmelen i kveld. Skyene har lagt sitt lok over bygda. Men fjorden ligg der still, og lysa frå heimane i bygda der borte under fjellet, får teikne sine lysstrimer i den stille fjorden.
Ein liten båt hastar inn og bryt lysstrimene. Kjølvatnet spreier si vifte ut etter den. Men snart er bylgjene viska bort, og fjorden ligg der still som før.


Eit lite fivreld flagrar forbi i lyset innanfrå, der eg sit med mine tankar i den lune kvelden og eit snart tomt glas med te.
Ein god kveld går mot sin ende.
Døra skal stengast, og lysa sløkkjast.
Snart ventar natta si kvile.

Haustgule blad


Mi kjære og eg er så heldige at no når vi er komne inn i det haustgule blad sin alder, så har vi, etter som åra har gått, fått har ei stor familie. Noko som gjer at det vert nokre årmålsdagar å kome i hug.
Og sjølv om eg ikkje alltid er heilt oppdatert på når desse viktige datoane er der, så har eg ei ved sida mi som hjelper meg å hugse.

I dette månadskifte har vi heile fire årmålsdagar i løpet av ei veke.
Sist mandag vart Einar 10 år. I dag er Isak 3 år, og i morgon er det Helga sin tur med sin 5 årsdag. Og dagen etter er det vår eldste dotter, Einar og Helga si mor, som fyller år.
Og på toppen av det heile fekk vi igår vite at vårt tolvte barnebarn som kjem til jul, vert ei lita jente.
Vi gled oss, og vonar at med Guds velsigning over den vesle, så kjem ho til verda både velskapt og frisk.. Til glede for foreldre, syskjen og oss besteforeldre.

Det er ikkje så verst å vere inne i dei haustgule blad si tid.

torsdag 29. september 2011

Mikkelsmess

St. Michael høyrde ikkje med til min barnelærdom.
Han og mange andre forsvann ut i det grå skuggelandet då den dansk/norske kongen gjorde ei helgedagsreform i 1770.
Men i dei siste tiåra har han igjen dukka opp i gudstenestefeiringa, gjerne knytt til hausttakkefesten. Men hans dag er idag.

St. Michal er ein erkeengel, og nest Jesus i rang. Han er den engelen som leier det endelege slaget i himmelen mot Satan og hans englehær. Slik vi finn det omtale i Johannes Åpenberring 12.kap. Ein kamp som endar med at Satan og hans hær vert kasta ut av himmelen og ned på jorda.
Han er og sentral i den mektige slagscena i Draumkvedet. Der Grutte Gråskjegg kjem ridande frå nord på ein svart hest, medan sankte sæle Mikkel kjem frå sør på ein kvit hest.


Han er og skildra med ein lang lur i handa, og med den bles han sjelene til doms.
Og i domen veg han sjelene og deira gjerningar på skålvekt.
"Det var sankte såle-Mikkjel han vog i skålevekt,
så vog han alle synde-såline hen til Jessum Krist:"

Der vi byrja vår vandring mot Santiago de Compostela, i Le Puy-en-Velay i Frankrike, ligg der ei kyrkje oppe på restane av ein gamal vulkan. Det er ei St.Michael-kyrkje. Og som vi ser på biletet er det hoggen ut ein veg opp til toppen av søyla som kyrkja står på.


Idag fekk vi fagert haustvær, med skiftande skydekke og over 20 plussgrader.
Og då høver det med vakkert haustbilete frå mi kjære sine heimtrakter i Romsdal.

onsdag 28. september 2011

Opphaldsregn

Ein ven og namnebror gav meg eit nytt ord, her ein dag.
Opphaldsregn.
Det høyrest i første omgang ut som eit noko underleg ord,
men ...
vi har hatt mykje av det desse haustvekene.
Ja. tidlegare i sommar og.
Opphaldsregn kjem når YR eller Storm, eller værmeldaren på TV lovar oss opphaldsvær, og så vert det regn likevel.

Vel, regnet idag er lovt regn, og ikkje opphaldsregn og då er det lettare å bere.
Med så mange våte dagar, vert det lite av hausten si fargeprakt i skog og mark.
Bileta mine gir meg høve til å hugse korleis hausten kan vere når vi ikkje har så mykje av korkje opphaldsregn eller lovd regn.
Dei åra vi får ein haust med sol og mild luft.
Biletet er frå månadskiftet september/oktober i 2005.


tirsdag 27. september 2011

Regnet fell

Svisj, svisj, svisj...
vindusviskarane hastar over frontruta der bilen rullar fram etter vegen.
Lyden blandar seg med lyden frå rullande hjul over våt veg.
Det regnar.
Stundom bøttar det ned og viskarane får det ekstra travelt.
Berre inne i mørke fjellet får dei kvile denne dagen.

Vegen svingar seg fram gjennom dalar og langs strender medan dagen sitt lys går over til mørk kveld.
Billysa kastar sine lysstrålar fram over vegen, inn i den våte og mørke regnveggen framanfor.
Lysande auge frå møtande bilar dukkar opp, veks i styrke, kastar ein augneblink sitt skarpe lys inn i andletet til bilføraren, så er dei forbi og føraren sit atter i mørkret.
I spegelen ser han raude lys fjerne seg og bli borte, bak på vegen der han for ltt sidan kom.


Så er fergekaia der.
Ferga ligg still. Bommen er nede.
Den malande lyden frå bilmotoren sovnar inn og viskarane fell tl ro,
Over frontruta i bilen legg regndropane seg tett og lagar eit lite eventyrland av lysa frå ferga der framme.

mandag 26. september 2011

Stilt hav


Kvelden sig på over Hustadvika.
Havet ligg der, endelaust, mot vest.
Urørleg.
Ingen dønningar bryt mot stranda denne kvelden.
Ingen vind får havet til å reise seg i kvitskumande brenningar over skjera der ute.
På den stille flata under dei grå skyene teiknar ein liten båt små strekar av bylgjer etter seg, .
Langt vest i horisonten sender kveldsola sitt raudgule strålespel ned gjennom rivner i det grå.

onsdag 21. september 2011

Vestlendingen

Som eit lite haleheng til mine ord om at det er her i det våte vest eg høyrer heime, fann eg nokre strofer på ein annan blogg.
Kvinna bak bloggen kunne ikkje fortelje kven som var opphavet til versa. Og då kan ikkje eg det heller.
Men eg tykte dei var morosame, og dei tok oss vestlendingar litt på kornet.
Så då, kos deg med desse versa, eller syng dei med melodien til: Å, vestland, vestland.
Bileta har eg henta frå verdsveven. då eg sjølv har heller få bileta med regn.
God fornøyelse.


Vestlendingen

Å, Vestland, Vestland, med din våte hatt!
Her regnar, dryper, pøser dag og natt.
Og skodda heng så vakker og så tjukk,
og vestavinden dreg sitt våte sukk.

Eit fuktig ver er livets største lyst,
då plaskar hjarta i mitt fiskebryst.
Eg likar best å vera gjennomblaut,
og difor er eg vorten saftig staut.


Men kona surnar, ungane får sopp,
og bilen rustar, huset rotnar opp,
og sjela mugnar - alt er grått og trist -
eg er den fødde super-pessimist.

Men hender det at sol bryt gjennom sky,
då spring eg inn og søkjer livd og ly.
Eg skrur på dusjen, - å du sæle sprut!
Du er mi trøyst når allting turkar ut!


Ein sjeldan gong eg ut i verdi dreg
til sydens land, der soli steikjer meg.
Då turkar eg så eg blir nesten sprø
- mi berging er den salte, våte sjø.

Eg elskar lågtrykk, - la dei stå i kø
og spreia herleg fukt der vi skal trø.
Den gilde lyd av regn på paraply,
den gjer meg lukkeleg og rein og ny.


Å våte Vestland, kor du er meg kjær!
Du fuktar håret, væter mine tær.
Så sælt når søla sutlar rundt min sko
og regnet driv som byger i mitt blod!

Når eg ein gong må dra frå denne jord,
mi grav eg ynskjer djupt i Sognefjord.
Eg vonar at det finst eit paradis
med evig regn og evig vestleg bris!

tirsdag 20. september 2011

Blåne bak blåne


Blåne bak blåne.
Rygg bak rygg.


Undrer meg på hva jeg får å se
over de høye fjelle?
Øyet møter nok bare sne.
Rundt omkring står det grønne tre,
ville så gjerne over;-
tro, når det reisen vover?

let Bjørnstjerne Bjørnson Arne synge i boka med same namn.

Jau visst kan ein undre seg på kva det er der, bak dei høge fjell.
Så kjem ein ut og får sjå at der er ikkje berre snø. Der kan vere både vent og rikt på opplevingar.
Men likevel så er det her eg hører heime,
Her mellom dei høge fjell.
Sjølv om det til tider både regnar og bles surt.
Når sola strålar ned frå ein høg himmel. Då er alt anna gløymt.
Då finst det ikkje fagrare stad på jord enn her i dette våte vestland.

mandag 19. september 2011

På ein regnvåt dag

På ein regnvåt dag treng ein noko som kan glede sinnet.
Som minnet om ein skuggefull veg mellom haustgule strå.


søndag 18. september 2011

Capilla de San Olav

Nokre mil nord for Madrid, inne mellom Oca-fjella, ligg den vesle byen Covarrubias.
Ein vakker by der sentrum er prega av gamle bygningar, og ei stor klosterkyrkje.


For eit år sidan kom vi frå Burgos i nord, for å vitje staden der kong Håkon Håkonson si dotter Kristina ligg gravlagd.
Sarkofaget hennar står inne i klosterhagen,

Ho vart gift med den spanske prins Don Felipe i 1258 i kongebyen Valladolid, og dei busette seg i Sevilla.
Men Kristina fekk ikkje så mange år. Ho døydde barnlaus alt i 1262, berre 28 år gamal.
Don Felipe let henne frakte nordover til Covarrubias der han la henne til kvile i klosteret som han hadde ei sterk tilknyting til.
Han hadde vore utpeika til å verte biskop og prior der.


Kristina hadde eit ynskje om at det skulle reisast eit kapell til Heilag Olav si ære i Spania.
I dag, 749 år etter at ho døydde, vert kapellet vigsla der det er reist inne mellom åsane ved byen Covarrubias.
Der skulle eg gjerne vore tilstades, men eg får greie meg med å vere der i tankane.

lørdag 17. september 2011

Når eg ser ...

Ein fager, om enn noko kjøleg haustmorgon.
Når dei første solstrålane renn innover uteplassen framfor stova, leitar eg fram godstolen, legg puta på plass, og set eg meg ned for å nyte den sollyse morgonen.

Vi var samla for første gong denne hausten i går kveld, bibelgruppa vi er med i. Tankane sviv litt omkring samtalen vi hadde. Det var den miskunsame samaritanaren som var i fokus for den.
Slik skal du vere, sa Jesus til den lovkunninge, Gjer du det så skal du leve.
Han var ofte så kompromisslaus i sine ord, Jesus - tykkjer eg.
Der klarer ikkje eg å vere med mitt liv. Eg vik nok svært ofte undan og vel løysingar som kostar meg mindre.

Som så ofte før når eg sit utanfor døra med kaffikoppen i handa, vandrar mine auge mot fjellranda i aust.
Ho teiknar seg så skarp mot den lyse himmelen over, denne morgonen.
Då dukkar det opp nokre ord frå Den heilage boka.
"Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingarar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug, eit mennneskebarn sidan du tek deg av det."
Og " mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. Nei, så høg som himmelen er over jorda, er mine vegar høgre enn dykkar vegar, og mine tankar høgre enn dykkar tankar."



Og medan sola stig på himmel, og varmen stig på terassen og kaffikoppen er lenge sidan tom, vender mine tankar seg frå kontrasten mellom Jesus sine ord og mi etterfylgjing av dei, til tankar i undring over Guds vesen og Guds handlingar mellom oss.

fredag 16. september 2011

Kvite toppar


I dag synte toppane seg kvite for første gong denne hausten
Det varslar at ein vinter står for døra og bankar på.
Vonar det går nokre veker enno før det er kvitt utanfor døra.

torsdag 15. september 2011

Hurtigrutedrama

På forsommaren sat eg og fylgde med på deler av den over fleire døgn lange fjernsynssendinga om hurtigruta "NordNorge" si ferd frå Bergen til Kirkenes.
Det var ei festferd utan pausar langs vår vakre kyst.
Frå dei djupe og trange fjordar til dei yste øyar og skjer..


I dag vart eit systerskip av "NordNorge", "Nordlys" råka av brann i maskinromet, på si ferd mot nord.
Til all lukke hende det rett ved kai i Ålesund, og ikkje langt unna all naudhjelp.
Alle dei vel 200 passasjerane fekk seg ei oppleving dei nok helst ville vore utan, men dei kom trygt i land.
Diverre miste to av mannskapet livet i brannen.


Etter å ha evakuert passasjerar fekk dei taua båten til kai for å starte sløkkingsarbeidet.
Då brannen i maskina var sløkt, synte det seg at skuta byrja å få slagside. Den auka etter som timane gjekk, trass i iherdig pumping. Det kom altså meir vatn inn enn det dei greidde å pumpe ut.
Spørsmålet vart etter kvart: Kor stor slagside toler skipet før det tippar rundt og går ned?
I morgontimane andre dag etter havariet var slagsida nær 22grader.
Men så snudde lukka. Dei greidde å bremse flyten av vatn inn, og dei fekk betre kapasitet på pumpene. Og båten byrja å rette seg opp att. Ut på ettermiddagen var slagsida minka til 17grader.


I skrivande stund ser det ut for at hurtigrutedramaet i Ålesund kan få ein lukkeleg ende.



mandag 12. september 2011

Job

"I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var."
Slik byrjar boka om Job.

William Blake: Job si klage.

La meg låne litt av Ingvar Ambjørnsen si omtale:
"Vi vet ikke hvem som har skrevet Jobs bok. De lærde strides om hvor røttene til denne vidunderlige og underfundige teksten er å finne. Og la dem endelig gjøre det. For den vanlige leser kan det være nok å vite at fortellingen om Job har paralleller i en rekke kulturers myter og overleveringer.
Vi finner ham i både persiske og sumeriske oldtidsnedtegnelser – og han har også sin plass i islamsk tradisjon.
Det er ikke særlig underlig. For Jobs bok omhandler det ondes problem, og er således å regne som selve kjernen i all litteratur. Jobs bok står med andre ord ikke i fare for, på noe tidspunkt, å bli uaktuell

Jobs bok er både vakker, grotesk og ikke minst bisarr. Alle tre kvaliteter som kjennetegner den gode fortellingen.
Som i mange av Bibelens beretninger, får leseren en følelse av at teksten ligger svært tett på oss i tid. Det er lett å hente ut essensen av den. Vi kjenner selve kjernen i det som fortelles fra vår egen hverdag

Kapittel 30 kan som resten av teksten, ja, hele Bibelen, leses på ulike måter. En av dem går ut på å betrakte Job som et sonoffer. Den menneskelige gestalten som bærer alles skyld, og utsettes for den kollektive forakt.
Her finnes paralleller til den korsfestede Kristus som roper: ”Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg?”
Kristus pakker hele sin smerte inn i denne ene setningen.
Job trenger mer plass. Han trenger en hel bok.
Han er et menneske som deg og meg. Vi kjenner ham ut og inn, i den grad vi kjenner oss selv."


Kanskje Jobs bok, med si tumling omkring det vonde som hender han, er ei bok for vår tid. Desse åra våre med alle desse meiningslause terrorhendingane som rammar så mange uskuldige.
Med våre himmelropande spørsmål om kvifor, kvifor?

Ein skulle tru at fortellinga med det evige spørsmålet som Job strevar med, ville ein finne uttrykt som bilete i mange av kyrkjene våre. Men han er ikkje tilstades i særleg stor grad.



Biletet over syner at han har ikkje vore heilt fråverande.
Dette gamle biletet i treskurd er ei altertavle frå eit fiskarkapell i Ytre Sogn.
Då kapellet vart teke ned, byrja biletet ei vandring som enda på Sogn Museum på Kaupanger, der det er å sjå idag.

søndag 11. september 2011

Livstidsfangen

Vi tok oss ein søndagstur etter gudstenesta idag, mi kjære og eg.
Det var Bakketunet inne på Bjørke som lokka med måleri av Sigmund Aarset.
Og dei fall i smak. Særleg dei fargesterke blomebileta.

Der er komen eit veghol mellom Bjørke og Leira, til avløysing av ein steinsprangutsett vegstubbe forbi Kalneset.
Sist vi var der inne i fjorden, var ikkje vegholet opna enno. Og då måtte vi idag sjølvsagt ta ei (for oss) førstegongskøyring.

Då vegvesenest starta opp arbeidet med vegholet, fann dei i berget ei godt gøymd jettegryte.
Det vart gjort vedtak om å flytte vegholet nokre meter, så gryta fekk ligge der i fred, slik ho hadde lege urørd sidan istida for minst 12000 år sidan.
Og sidan vi var på dei kantar, vart det til at vi tok ein pause frå bilkøyringa for å bisne på det store bergholet som stein og vatten hadde skapt langt attende i tida.


Gryta er 6-8 meter breid og omlag det same på det djupaste, og med glattslipte sider.
Idag var der ein del vatten i botnen på gryta.

Og som alltid så er det mi kjære som har syn for dei små detaljane. Ho ser ofte noko som eg ikkje hadde lagt merke til. Slik og idag.
Nede på ei nase som stikk litt fram frå veggen. Heilt nede ved vatnet ser ho eit lite levande vesen.
Brukar ein augene godt kan ein sjå det på biletet av jettegryta, men då må ein sjå ekstra godt etter. Så lite er det, og med mest same farge som berget.


Ein liten grolappe klorar seg fast på berget der nede, og såg, sikkert med lengt,
oppover mot kanten der vi stod og såg ned.
Men stakkaren var fange i eit fengsel han ikkje hadde sjangse til å kome seg ut av.
Han var ein arme livstidsfange i sitt fangehol.
Tre meter opp etter blanke bergveggen, er nok i meste laget for ein liten kropp som hans. Sjølv om han kan vere flink til å hoppe.
Han er nok dømd til eit opphald i gryta til døden hentar han. Om ikkje paddeberarane frå Fyrde, eller nokre andre, skulle kome han til hjelp med stigar og grolappehov.

Jona

Medan eg sjølv nytta den fine dagen igår til litt rydding utandørs, drog mi kjære på "jentetur" til Gloppen i Nordfjord.
Og kom heim, full av opplevingar etter ein flott tur. Og med mange bilete ho kunne syne meg.

Mellom anna hadde dei vore innom gamle Gimmestad kyrkje.
Der har eg enno ikkje vore. Har berre sett den på avstand der den ligg på ei flate på sørsida av fjorden inn til Sandane.
Men den litt spesielle utsmykkinga som heng inne i kyrkja har eg høyrt om.
Det er mange kyrkjer som har hengande eit kyrkjeskip, men denne har ein kyrkjetorsk.


Balsamert og gyllen måla.

Kvifor ein stor torsk, hengande under taket inne i ei kyrkje?
Den er frå 1700-talet, og heng der for å minne om ein av dei mindre profetane i Det Game Testamentet i Bibelen. Men som same boka fortel, var eit teikn på kva som skulle skje med hovedpersonen i Det Nye Testamentet, Jesus.

Det er profeten Jonas, eller Jona som er namnet hans er i dag, sitt teikn.
Han som vart kasta overbord i ein storm, og som var tre dagar i den store fisken sin buk, før han var spydd opp på tørt land igjen.
Og fortellinga om Jona vart eit teikn på Jesus som var tre døgn i dødsriket, før han igjen steig ut av grava.


Under hovudet på fisken ser vi Jona som vert spydd ut av fisken sin munn.

Men korleis, og kvifor, den hamna der. Sjå, det er ein anna soga som nok ingen idag veit å fortelje.

fredag 9. september 2011

Mosdalen


På Vallasetra igjen, denne gongen utan regnskodde i fjella.
Motbakketrimmen byrjar å gi resultat. Det går litt lettare å ta seg inn att når eg må ta pustepausar.

Det låg to setrar her den gongen det enno var seterdrift. Ei på kvar side av elva.
No er det hyttene som rår grunnen på Vallasetra og Mosetra. Det går bilveg opp langs elva på til kvar av setrane, og mange nyttar vegane til trimvegar.

Det er fjellet Kjerringa som ruvar mest i biletet, men dalen held fram vidare, og går då over i Langedalen, som endar i Ørstaskaret ved den spisse toppen lengst bak.

torsdag 8. september 2011

Kva så vidare?



Kva er det ein gir seg ut på, når ein tek ut på langvandring etter pilegrimsvegane.
Eg var nok ikkje klar over kva fylgjer det kunne få.
No hender det at eg er ute og vandrar i nattedraumane mine.
Og eg er ikkje ukjend med ei dragning til å gjere klar sekken for å reise mot sydlege vandringsvegar igjen.
Men det vert nok ikkje før om eit års tid.
Då, om ikkje noko kjem ivegen, skal siste strekket fram til Santiago de Compostela gjennomførast.
Då vil 6 år med vandring vere over. Vi som har vandra ilag, er i mål.

Men kva so?
Skal eg berre avslutte.
Konkludere med at det var det.
Eller skal eg la dragninga til å gå ny vegar, få verte røyndom?

For som kartet over her, viser.
Så er der mange andre pilegrimsvegar å vandre etter.
Somme på mange, mange mil. Andre kortare.
Nokre stort sett flate, andre meir kuperte.
Og opplevingar er der, om eg let dei få finne meg.
Bakdelen er at eg vert ikkje yngre med åra.
Men helsa mi hadde nok hatt godt av nokre vandringsmil kvart år framover.

Vel, "Time will show".

søndag 4. september 2011

Bøyabreen


På heimveg køyrer vi gjennom Fjærland.
Det er regn i lufta, og over den gråkvite elva ligg det lett skodde.
Framom Bøyafjellstølen, stoggar eg på vegkanten, og vasar meg over blaut myr ned til elva.
Borte i regndisen heng Bøyabreen ned fjellsida.
Han går ikkje lenger i eit brefall ned til brevatnet ved fjellfoten.
Opninga har vorte stor no på ettersommaren.

lørdag 3. september 2011

Vått



Eg les om den heilage byen, Jerusalem, si blodige soge.
Kanskje den til tider var "Byen av gull", men der har vore lite av "Byen av fred" ned gjennom tidene.
Og eg undrar meg over kva det er med den vesle byen som har hatt slik ei underleg dragning på verda sine mektige herrar.
Ikkje berre i tidlegare tider, men og i vår tid.

Og ute driv skoddeflaka mellom fjella i Sogn, og regnet fell som ein tåreflaum mot ei alt godt bløytt jord.

fredag 2. september 2011

Eggjenibba




På veg mot sør gjennom Breim, opp frå Byrkjelo mot Våtedalen, har eg den vakre tinden Eggjenibba ( 1338 moh) rett imot.
Her ser vi den med Bergheimsvatnet i framgrunnen.
Nibba ligg der som ei mektig pyramide mellom Våtedalen og Øvredalen.

Solregn



Inn mellom bratte og høge fjell skjer fjorden seg inn i landet.
Som skaret etter eit mektig øksehogg.
Oppe i lia over fjorden sit eg og seg ut vindauget..
I sør ser eg eit glimt av fjorden der han bryt seg veg innover mot sin ende i Lærdal.
Men den store revna som skapte fjorden, held fram vidare mot aust.
Då er det ikkje fjord lenger, men ein dal mellom flogbratte fjell og med ei brusane elv i botnen.

Det er tidleg morgon, og over det storslegne landskapet skaper lyset solregn over fjell og fjord.