onsdag 30. april 2014

Den ufullendte


Det ruvar tårnet, sjølv om det ser noko uferdigt ut, der det stikk opp over ein nyare mur enn dei gamle bymurane eg har sett før i Marokko.
Porten inn til området er og av ei nyare dato.  Og i tillegg vert den vakta av to menn til hest, i vakre uniformer. Det har eg ikkje sett før under ferda. Er det tårnet dei vaktar tru?
 

Det er nok ikkje det, for bak muren ligg der eit staseleg kvitt bygg. Det er det kongelege mausoleumet. Då Marokko fekk sin fridom frå Frankrike i 1956, stod kong Muhammad 5. på denne staden og takka Allah for fridomen. Og då han døydde vart han gravlagd her, og sonen, kong Hassan 2. reiste mausoleumet. Seinare vart han sjølv og gravlagd her.
 

Men eg vart ikkje med straumen inn i mausoleumet. Det var den store plassen nedanfor. Plassen med alle søylestumpane og det uferdige tårnet i enden av plassen som hadde mi interesse.
Det er ikkje alltid det går slik som ein planlegg, heller ikkje for mektige sultanar.
Sultan Yacoub a-Mansour ynskte å reise den nest største moskeen i den islamske verda, og med den høgste minareten 86 meter høg. Men slik gjekk det ikkje, for då han døydde i 1199 var ikkje draumen ferdigbygd, og sonen ynskte ikkje å fullføre arbeidet. I staden flytte han sin residens til Fes, og let den ufullenda moskeen og minareten stå der. Minareten hadde då nådd ei høgde på 44 meter og der moskeen skulle vere står der 200 søylerestar i dag. De var nok høgre i starten, for det vart lagt tak av tre over den ufullenda moskeen, men det fall saman ved det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Men sjølv i dag gjer den store plassen med alle søylene, og det raude tårnet i enden, eit mektig inntrykk.
 

mandag 28. april 2014

Rabat


Etter at den romerske byen, Sala Colonia, vart flytta av di elva vart for grunn for båtane, (elva førde med seg mudder som la seg på botnen) vart byen flytta til andre sida av elva, og lenger nede ved havet, og den nye byen vart kalla Sala. Men i 1146 bestemte Almohad-kaliffen seg for å bygge ein ny by overfor Sale, det vart Rabat. Og om den nye byen bygda han ein solid bymur. Den neste kalifen, Yacob el Mansur flytta hovedstaden dit i 1170. På 1600-talet var Sale og Rabat tilhaldsstad for sjørøverar som herja utanfor kysten. Dei hadde sin eigen republikk, som heldt ut til langt ut på 1800-talet. Etter at Frankrike overlet styret til marokanarane, gjorde den nye kongen Rabat igjen til hovedstad.





Inne bak murane til det gamle Rabat, inne i medinanen finn ein trange gater med kvite hus, dekorert med blå dører og vindauge.
Og sjølvsagt handelsmenn som tilbyd ulike slags varer og suvenirar. men og trivelige matstader og vakre parkar.


Heilt nede ved utløpet av elva Bou Regreg ligg festningsmurane som var vernet mot åtak frå havet.Og på andre sida ser vi den moderne byen av idag, Sale.


Og når vender oss innover mot det moderne Rabat, ser vi eit tårn rage opp over den omliggande byen. Det er restane av ein gamal draum som ikkje vart fullførd.


onsdag 23. april 2014

Chellah

Romarane hadde nokre støttepunkt sørover langs Atlanterhavskysten som Mogador ( Essaouira), Anfa (Casablanca) og Sala Colonia som låg ved elva Bou Regreg som idag skil byane Sale og Rabat.
Staden vart forleten i 1154 til fordel for Sale på andre sida av elva, men Almohad-dynastiet brukte den som gravsrad. Den svarte sultanenAbu-I-Hassan bygde i 1339 den store bymuren som omkransar gravbyen, ein moske med koranskule og hovedgata, og er sjølv gravlagd der. Men etter det store jorskjelvet ved Lisboa i 1755. med styrke 9.3, er det berre ruinar att.
I dag er staden innanfor murane kalla Chellah, og og innbyggarane er storkar i store mengder. Men framleis kan ein sjå spora etter romarane som bygde Sala Colonia i det vakre park og friluftsområdet som er på staden.













 

Tvers over eit lite dalsøkk frå muren rundt Chellah'en reiser ein annan mur seg, det er muren rundt kongen sitt område, der slottet hans og regjeringskontora ligg. Dei kvite husa vi ser over muren er ambasadeområdet.
 

tirsdag 22. april 2014

Ein ser så mangt

Ein ser så mangt når ein dreg  langs vegane. Sjølv om ein må fare forbi mange gonger får ein ser. Kanskje er ein for oppteken av vegen når ein har rattet i hendene, sjølv om mi kjære skuldar meg for å ha augene alle andre stader enn på vegen. Vi køyrer nokre gonger til Sogn gjennom eit år. Som oftast er deg som held i rattet, men denne gongen var det mi kjære som hadde den oppgåva, og då, brått såg eg det store dyret som, vart det fortalt meg, hadde vore der over året alt. Og då måtte eg ta ein sving innom for å sjå litt nærare på dyra. Ja for dei var ikkje berre eit, men heile tre. Mammutane som står utanfor veggen på Bremuseet i Fjærland.

søndag 20. april 2014

Han er oppstaden

Før påskesabbaten vart varsla med hornlyden frå tempelmuren, tok dei hans døde lekam ned frå krossen, stelte han, og la han i ei tom grav som låg like ved. Og gravopninga stengde dei med ein stor stein.
I solrenninga, om morgonen då påskesabbaten var over, kom nokre kvinner til grava og fann at steinen som stengde var flytta bort frå gravopninga, og endå meir sjokkerande for dei, grava var tom.
I dag sit eg i ein solfyllt morgon og ser på eit bilete av ei tom grav der steinen er rullla tilsides. Om denne grava har vore tom, det veit eg ikkje, Det betyr heller ikkje så mykje for meg, men det som betyr mykje for meg er at kvinnene den morgonen fekk møte han som hadde lege i grava, møte han  ansikt til ansikt. Den døde var ikkje død lenger. Han var stått opp. Han hadde brote dødens makt.
Derfor er påskemorgonen sin bodskap for meg kristentrua sin største bodskap til oss som menneskeætt. På den bodskapen bygge eg mi tru. Han lever, og vi skal få leve ved hans oppstode.
Som Paulus skriv at hadde ikkje Messias stått opp frå dei døde så er mi tru gagnlaus og til inga nytte, Då er eg ein store dåre som fester lit til eit eventyr. Men no er Messias, Kristus, stått opp frå dei døde. Mange var dei som fekk møte han og kunne vitne at den døde levde igjen.
Foto: Hanne Lise Velle
I natt var mi kjære og eg, saman med mange andre,  til påskenattsmesse i kyrkja vår. Og etter messa stod vi med levande lys hendene, i ei lang rekke, på begge sider av vegen frå kyrkja og ned mot kyrkjegardsporten, og song "Dei være ære, Herre over dødens makt. Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se en engel kom. åpnet den stengte graven. Jesus grav er tom." ut i nattemørkret. Det er like sterkt kvar gong. Og om litt skal vi til påskedagsgudsteneste for å feire oppstodedagen, vonleg i ei fullsett kyrkje. Sjølv om sola skin frå ein klår himmel og det er nydeleg turvær.
God påske.



lørdag 19. april 2014

Påsketre

Høgtidene, eller skal vi sei dei store ferie-fridagane, treng samlande tradisjonar. Pinsedagane har forsvunne ut i gløymsla så dei dagane er det ikkje mykje meir å gjere med. Jula har julebord, konsertar og juletre. Juletretradisjonen fekk sin start i Tysklande på 15-1600-talet. Til vårt land kom dei første spede forsøka på 1800-talet, men det var først frå 1900 og utover at det slo rot hjå den ålmenne hop i landet vårt. Men påskedagane har mangla ein slik samlande tradisjon. Hyttetur, påskekrim, skituar, påskeegg og kvikklunsj høyrer den private sfære til, og den gamle påsketradisjonen med felles kyrkjegong har etterkvart vorte for ein stendig mindre krets. Men no er ein ny felles tradisjon på veg inn. Det er i Sogn dei går føre med oppstarten. Og då er det to tradisjonar dei knyter saman i ein ny. Treet frå jula, og påskeegga frå den private påskefeiringa, og samlar dei to til eit i eit påsketre  pynta med store og fargerike påskeegg. Dennne nye tradisjonen må sjølvsagt få vekse og breie seg ut over landet skal den verte samlande. Så målet neste år må då vere eit påsketre på alle torg i bygd og by utover landet. Kanskje kan egga også fyllast med smågodt, og så får borna, etter gongen rundt treet, lov til å hauste det på påskeaftan. Men, eg har vel vanskeleg for å tru at dette vil verte nokon stor og utbreidd  tradisjon i åra framover. Det er vel heller større sjangse for at det vert ei eingongshending. Men synteset det var eit artigt påfunn.




fredag 18. april 2014

Mysteriet


På ei gamal dør inn til katedralen i Leon, stig langfredagsdramet fram.
Ei kunstnar har med kniv og jarn, og med stø hand skore ut fleire av påskehendingane i ei eikedør. Dette er eit av bileta. Etter som åra har gått har vind og vær fått gjort si gjerning på døra, og slite på arbeidet han ein gong gjorde.
Men framleis fortel bileta om det som hende den gongen i Jerusalem. Ei påske for snart 2000 år sidan.
Snart skal eg i kyrkja for igjen å høyre lest fortellinga om langfredagen si lidingssoge. Ei fortelling om nattleg arrest, hastig rettargong, tortur og til slutt korsfesting og død.
Ikkje noko vakker soge, men kvifor hende det?
Svaret på det er ulikt frå kven det er som gir svaret, og kva ståstad den personen har til hendinga.
Eit av svara, som kristentrua gir, er at han måtte døy for frelse oss frå våre synder. Og det er nok sant, men for meg har det svaret vorte for enkelt. Eg trur grev vi oss ned i soga så finn vi djupare lag i fortellinga. Og til slutt endar vi opp i eit stort mysterium der Gud og Jesus er hovedpersonane i det som hende, og Pilatus og prestane vert bipersonar.  Bibelen har mange trådar som peikar i retning av noko vi kan ane, men nok aldri kan skjøne heilt ut. Men at hendinga ikkje hende heilt tilfeldig kan vi skjøne av at Jesus var førebudd på hendinga lang tid i forvegen, og gjekk inn i den med opne auge. Det var noko som måtte skje for å oppfylle all rettferd, som han sa ein gong. Ein vond dag, men paradokset er at den og er god. På sitt vis.
Den lange fredagen heiter det på vårt mål. Den gode fredagen er den kalla på engelsk mål.

onsdag 16. april 2014

Den store moskeen





 



Casablanka sitt store landemerke ut mot Atlanterhavet sine brenningar er den store, kvite, moskeen, med namn etter kong Hassan II, som sette igang bygginga av den. Ferdig stod den i 1993, og den er bygd i andalusisk, maurisk, stil. Det er den 7.største i den muslimske verda, og med den høgste minareten av alle. 210 meter høg. Sjølve moskeen har plass til 25.000 inne og 80.000 ute på plassen framfor moskeen under bønetimen.
I underetasjen er der ei store søylehall som minte meg om søylehallen i Cordoba. I denne hallen tek muslimane sitt rituelle vask før bønestunda oppe i moskeen. Nede er det og eit stort basseng. Kva det vart brukt fekk vi ikkje fortalt.
Før vi gjekk inn måtte skorne av, for det var ikkje lov å kome inn på teppa med dei på.

Bileta over er av moskeen utvendig og frå den store bønesalen .
Vidare frå forhalla i underetasjen og frå salen med dei mange reinsingsfontenene der,  og det store bassenget i eit rom attved.
For meg som er fasinert av denne andulsiske, mauriske stilen, var den ei vakker oppleving.



søndag 13. april 2014

Glimt frå Essaouira


Eit lite glimt av kva  eg såg på mi vandring, nokre få timar i Essaouira. Den kvite byen med dei blå dørene. 1184 står det på byporten. Ikkje etter Kristus men etter Muhammed. Og under, med arabiske bokstavar, fortel tavla at då byrja Muhammed III og hans franske ingeniør planlegginga av byen. Eller var det då dei rekna seg ferdige med verket? Ein by der det opphaveleg var ei befolkning av muslimar, kristne og jødar i god og fredeleg sameksistens. Dei kristne vart borte etter at Frankrike gav Marokko sjølvråderett. Og etter at Irael vart oppretta i 1948 er og det jødiske nærveret kraftig redusert, så å gå gjennom den jødiske bydelen var ei stille vandring i trange gater. Men på byporten er framleis rosa med den sekskanta jødiske stjerna, og det kristne pilegrimsskjelet å sjå. Og på bymuren peikar framleis kanonene ut mot det opne havet som ei åtvaring mot mogelege fiendtlege skip. Og på dei lange sandstrendene rullar bårene inn til glede for surfarar og andre badegjestar. I dag bygger folk frå innlandet, og utlendingar seg feriebustader på slettene innanfor byen på grunn av det gode klimaet i området.
















torsdag 10. april 2014

Essaouira

Så er vi ved kysten der Atlanterhavet sine bylgjer bryt inn over strendene. I eit frodigare og grønare landskap enn i innlandet under dei høge fjella. Og vår første stoppestad er Essaouira. Då bussen stoggar på utsiktsstaden oppe på åsen innanfor byen, ser vi den ligge ute ved havet. Ikkje raud som Marrakech, men kvit.

Og rett utanfor byen skimtar vi Mogador-øya. Kanskje var det den som var starten til byen. For der slo dei seg ned i tur og orden dei sjøfarande fønikiarane, grekarane, kartagenarane og til slutt romerane. Og årsaka var purpur. Dei fann store mengder purpursneglar som dei klarte å utvinne purpurfargen frå. Og purpurfargen i kle var av det dyraste og finaste ein kunne få. Det var berre dei mektigaste som kunne ha råd til slikt. Så når Moses får vite at kvar mannleg isrealitt skal bere eit bønesjal under bøna, så får han og vite at i hjørna av sjalet skal der vere ein dusk av trådar, og ein av trådane skal vere farga med purpur.     
                                
På 15-1600 talet prøvde Spania, England, Portugal og Frankrike å etablere seg i her. men måtte gi opp, og det var berberane som klarte å halde området, og på 1700-talet bygde Muhammed III festningsmuren mot havet, og byen med hjelp av ein engelsk renegat og ein fransk ingeniør. Som eit synleg teikn på det, er der over byporten ein tavle som fortel det, og i tillegg er der symbol som fortel at byborgarane er kristne, jødar og muslimar.


Den kvite byen reiser seg bak festningsmuren. Og framfor bryt havet mot klippene. Mange kjende namn har funne inspirasjon her, både songarar, filmfolk og diktarar. Av våre er det Torbjørn Egner som fann sin Kardemommeby her, og sitt Tobiastårn.

Essaouira byvåpen
 
Medan byen tidlegare var sentral då karavanene kryssa øydemarka frå sør med verdfulle varer for Europa, er byen i dag ein turistby og ei fiskerihamn.