søndag 31. januar 2016

Nysnø og sol

 

Så er det over eit døgn sidan Tor for forbi på veg nordover. Det var lenger ute på kysten han slo hardast med hammaren sin, men vi fekk då merke han her inne i fjordbygda og.  Det høyrdest at han var ute og for. Her i heimen slapp vi frå det utan skade. Ikkje alle var så heldige. Og i natt fekk vi litt snø, så pass at eg fekk starte opp snøfresen om vi to skulle kome oss til kyrkje.  No ut på dagen kiker sola og fram mellom skyene. Og vakkert er det med sol på snøtunge tre.

fredag 29. januar 2016

Tor

Ute kjem vinden her i fjordbygda frå sydaust denne formiddagen og med litt regn i lufta, og temperaturen er bra for å vere i januar. Med 8 grader pluss treng eg ikkje å bruke snøfresen, for snøen som kom i går , den er alt reist sin veg. Men seinare i dag får vi Tor på besøk, og han har visst tenkt å bruke hammaren, etter som værmeldarane seier. Kor mykje vi får merke av stormen her inne i fjordbygda får vi sjå etter kvart. Vi har hatt ein slik sterk storm mest årleg no nokre år, med skog som vert lagt ned og tek straumen, tak som blir borte og stengde vegar. Heilt ute på kysten har det vore stormflo og store bårer som herjar i tillegg. Men det var nok verre før då uværa kom uventa, i dag sørgjer værmeldarar for at vi er førebudde på kva som kjem.  Så no er det berre å vente i spenning på kva som skjer seinare i dag når Tor kjem på vitjing.

tirsdag 26. januar 2016

Pilegrim, kvifor går du?


Eg har nokre gonger rota med spørsmålet om kva som skil pilegrimen og langvandraren. Og sjølv om eg har vandra nokre mil etter pilegrimsvegar, eller kanskje vandringsvegar så har eg endå ikkje funne eit tilfredstillande svar. Kva slags veg det er, er vel avhengig av kvar den enkelte plasserar seg, om ein er vandrar eller pilegrim?  Kvifor finn menneske i vår moderne tid ut at dei skal svette seg fram mange mil etter ukjende vegar og stiar, i sol, regn og vind, når dei kunne kome lettare fram med motoriserte framkomstmiddel?
Det er fleire enn eg som har bala med det spørsmålet, klokare menneske enn det eg reknar meg for å vere. Men der er nok mange svar på det spørsmålet, og svaret den enkelte gir vil nok vere med på å sei om vedkomade er langvandrar eller pilegrim. Mange er nok litt begge deler, halvdelen vandrande turist medan den andre halvdelen er vandrande pilegrim.
Eg las ein stad at ei ung kvinneleg pilegrim hadde svara slik på spørsmålet om kvifor ho gjekk. "Eg vandrar ikkje for å leite etter svar, men for å finne spørsmåla mine.
Kanskje er det der mange av oss må starte, med å leite etter spørsmåla våre? Har vi dei, kan vi kanskje også finne svara på dei. For der må då vere eit kvart som dreg oss ut på slike vandringar?

mandag 25. januar 2016

Pålsmesse

25.januar er det Pålsmesse. Ein av desse gamle kyrkjedagane som vart borte frå vår kyrkje som feiringsdag etter reformasjonen, men som levde att på den folkelege kalendaren, primstaven. Så lenge den var i bruk på landsbygdene, før almenakkene overtok som kalender for folk flest. På primstaven var dagen sitt merke ein spent boge med ei pil på. Derfor bar dagen også namnet Pål skyttar i nokre deler av landet.

Pålsmesse? Kva for ein Pål er det? 
Pål er den norske uttalen av Paul, og Paul var den store brevskrivaren i nytestamentet, Paulus. Det var den dramatiske hendinga som førde til hans omvending utanfor murane til Damaskus som vart minna i Pålsmessa.
Paulus bar opphaveleg det hebraiske namnet Saul, og som Saul var han ein forfylgjar av dei som trudde at den krossfeste Jesus var deira Messias. På veg til Damaskus for å ta til fange dei truande og føre dei i lekkjer attende til Jerusalem, vart han overraska av eit sterkt lys og ei røyst som spurde, "Saul, kvifor forfylgjer du meg?" På spørsmål kven som spurde, fekk han svaret: "Eg er Jesus, han som du forfylgjer" .Saul var førd blind inn i Damaskus, der han seinare vart lækt av ein av Jesus sine læresveinar, og kom til tru og vart døypt. Seinare endra han namnet sitt til det greske Paulus. Og det er under det namnet han er med på å føre trua på Jesus som Kristus vidare ut i det romerske riket.

fredag 22. januar 2016

Værbyte

 

YR seier minusgrader her i fjordbygda, men mine målarar er ikkje heilt samde.  Eg klagar ikkje på dette værbytet. Frå like mange minusgrader for eit par døgn sidan til nesten vårlege grader ute. Og snøen sekk saman, 20 cm har vorte borte utanfor stovedøra sidan i går, det er bakdelen. Når den først kom så kunne den fått ligge nokre veker framover, for eg skal ikkje nekte for det er fint når heile naturen er dekt av det kvite. Og så kunne dei som er gla i å nytte ski, fått ha den gleda framover. Men vind og vær er ikkje råd å styre, ein får ta det som kjem med same sinn. 

torsdag 21. januar 2016

Kristus Allherskaren

Eg las for nokre år attende eit innlegg i eit amerikansk magasin. Det var ein som hadde vore på leit etter ein kyrkjelyd å høyre til i. Og ei kyrkje som lyste ut at dei var ei nytestamentleg kyrkje høyrdest interessant ut, så han byrja å gå der.  Han gjekk der ei tid, men det enda med at han forlet kykja. Og grunnen var nettopp det dei lyste ut med, Dei var ei nytestamenleg kyrkje, heile det gamle testamentet var fråverande i deira gudsteneste og forkynning.

Eg held no på å lese opp att Tom Wright (N T Wright) si bok; "How God became king", og den soga hadde ikkje vore den same om det berre gjaldt Det Nye Testamentet sine skrifter han gjekk ut ifrå. Nei han gjer det på same måten som den oppstadne gjorde det overfor Emmausvandrarane då han tok føre seg lova, profetane og skriftene og opna for dei kva som var skrive der om kvifor Menneskesonen måtte døy.
Eller for å bruke Wright sitt bilete, korleis Gud gjennom Menneskesonen vart konge ved å døy på krossen. Ikkje i eit framtidig, enno ikkje rike, men eit frå der og då rike som omfatta alt. Meg er gitt all makt i himmel og på jord, sa han.

Etter at keisar Konstantin gjorde kristentrua akseptabel i sitt keisarrike, endra trua vektgrunnlaget sitt, seier Wright, noko som speglar seg att i våre trusvedkjenningar. Der er det vår frelse ved Jesu død på krossen og ved hans oppstoda frå døden som vert hovudsaka for kvifor Kristus kom, levde, døydde og stod opp att igjen. Det er vår bustad i himmelen som Kristus gir oss eingong, som vert vårt mål. Guds rike, Jesus sitt allmakts rike vert eit enno ikkje rike for oss truande. Ikkje eit alt no rike. Medan det før keisar Konstantin var å bygge Kristi kongedøme her i verda, forkynne at Kristus var verda sin konge, ikkje keisaren i Roma eller Konstantinopel, som var dei truande si teneste, i ord og i gjerningar. Alle åra og gjerningane mellom Jesus sin fødsel og påska i Jerusalem er heilt fråverande i våre trusvedkjenningar. Betydde dei ingenting for dei som forma trusvedkjenningane, og med det også for oss?
Wright påstår at vi i vår vestlege kyrkje har skilt Kristi kongedømet og krossen ( slik dei kjem til uttrykk i Bibelen sine ord) frå kvarandre, medan dei burde vere bundne saman med kvarandre til eit heile, slik Bibelen, både i det gamle og det nye testamentet, syner det,

Tom Wright i si bok gjer Israel si soge til ei viktig brikke i fortellinga som fører fram til at Kristus ( Wright nyttar Messias i si bok for å synleggjere at det er jødefolket sin Messias som er vår Kristus) vinn siger  over dei vonde åndsmaktene, ved sin død på Golgata. Han syner ein raud tråd, ein av Guds  mange raude trådar ( der er fleire av dei) gjennom lova, skriftene, profetane, evangelia og breva som fortel at vår frelse som kom ved krossen og oppstoda, er ein del av den store fortellinga om korleis Kristus vart konge, Herre over himmel og jord, og vi borgarar av dette kongeriket.

Spørsmålet vert då; betyr det noko om dette kongedømet kom alt ved Kristi død og oppstode, eller om det først vert ein realitet den dagen han kjem att? Har det nokon konsekvens for mitt (våre) trusliv om det hende alt då - eller om der framleis heiter enno ikkje?

onsdag 20. januar 2016

Raudstrupe



 
Vinteren kan vere hard for mange, ikkje minst for dei små fjørkledde som må leite i snø og kuldegrader etter føda. Då kan det vere godt å finne noko å mette seg med der dei med omsorg for desse små, legg ut mat for dei. Dette er er ein av våre faste gjester gjennom mange vintrar. Vel eg veit ikkje om det er den same som kjem kvar vinter, men ein av sorten har vi fast vitjing av når trongen melder seg hjå dei små flygande skapningane. Det har snøa trutt no nokre dagar, 70 cm målte eg i dag tidleg. Men no ser det ut for det meste er gjort for denne gongen. Og til helga skal det kome mildare vær, melder YR, og då renn det vel vekk det meste. I alle fall om temperaturen kjem heilt opp i 7-8  grader pluss, som dei spår for komande veke.

mandag 18. januar 2016

"Alnakka"

For nokre dagar sidan skreiv eg noko om det komande været, etter moderne værspåingsmetodar, kontra å spå etter almenakka som mi kjære gjer.  3.januar sa ho at 10.januar er nymånen i nord/nordaust, og då vert det mest truleg kaldt og snø. Eg såg på mi værside på nettet, og var ikkje heilt sikker. Rett nok synte prognosane at kjølegare vær ville kome, men samstundes trykte mildare sørlege vindar på vest frå, og eg meinte at dei ville presse bort dei kalde nordfrå. Vel, eg fekk ikkje rett, det gjorde ho. For det var dei kalde vindane frå nord og aust som vann, dei milde stansa opp midt ute i Atlanteren. Og vi fekk prøve minusgradene, om ikkje så mange dagane. Og snøfresen har eg og fått starte nokre gonger, omlag 30 cm snø er kome her hos oss til no. 
Men sola stig for kvar dag, når vi får sjå den då. Frå 1 januar til i dag har soltida auka frå 0 min. til 4 timar inn våre stoveglas.
No til kvelden er det snøfnugg i lufta att. Yr melder at vi skal få ein del av det kvite både i natt og i morgon. Så spørst det berre om kor mykje som kjem hit av det, eller om fjella tek av for oss som ligg i le for nordavinden.
Men så ser det ut at mi kjære med almenakken igjen får rett når ho ved nyårsskifta sa at fullmånen den 24 januar kjem i sør/sørvest, og då vert det mildarte vær att. Og værnettsida eg fylgjer med på fortel det same. Mildare vindar er på vest austover inn mot våre kystar. Kanskje almenakka ikkje er noko å kimse av?

søndag 17. januar 2016

Antonmesse

I dag, 17.januar er det ein av dei gamle kyrkjedagane, som no berre lever sitt liv på primstavane.   Antonmessa til minne om Antonius den store. Anton er ei forkorting av det greske Antonius. Han levde på 300-talet i Egypt, og vert rekna som grunnleggaren av klosterrørsla, og han fekk stor verknad i både austleg og vestleg kyrkjeliv. Då foreldra døydde arva han mykje midel, men ved eit ord av Jesus, gav han bort alt og søkte ut i øydemarka vest om Nilen som einebuar. Han prøvde og ei tid å verte martyr, men lukkast ikkje og drog igjen ut i øydemarka der han levde resten av sitt liv. Om ikkje i vårt land, så finn vi lenger sør mange kyrkjer som er vigsla til St. Anton.
Eg har tidlegare, etter ein tur til det keltiske Skotland, skrive litt om påverknaden frå han i keltisk kristenliv, som i sitt klosterliv hadde tydelege egyptiske straumdrag.


På slutten av sitt liv fekk han høyre om ein annan eremitt som levde i øydemarka mellom Nilen og Raudehavet, Paulus frå Teben.  Antonius sette seg føre å gå for å finne denne Paulus, og etter mykje strev lukkast han med å møte Paulus i ei hole i øydemarka. Der hadde Paulus levd i mange år, og maten hans hadde vore palmene sine frukter. Men etter nokre år byrja ein ramn dagleg å kome med eit halvt brød til han. Då Antonius dukka opp og vart gjest hjå Paulus, så byrja ramnen å kome med eit heilt brød som dei to delte mellom seg. Det motivet der ramnen kjem med brødet til dei to er nytta i mange høve. Både som her der ramnen er med , men og der dei to held i kvar sin ende av brødet for å dele det. I Keltiske område finn ein det fleire gongen på dei gamle og store steinkrossane. Her er det brukt på ei St. Antonius kyrkje i Nederland, som tympanum over inngangsdøra.
St. Paulus av Teben hadde sin minnedag for ei veke sidan, 10.januar.

Der skal vere ein vandringsveg inn i øydemarka til klosteret etter St.Paulus av Teben, den vegen som Martin Lønnebo gjekk for nokre år sidan. Den hadde det vore interessant å gå, men det hadde nok vorte for tøft for denne gråhåra vandraren. Eg bør nok halde meg til enklarte og lettare vandringsvegar.

fredag 15. januar 2016

Det kolnar ute

Medan det på slutten av 2015 var sørlege og varme vidar som strøymde innover kystane våre, kom 2016 med eit værbyte. No er det nordlege og kalde vindar som har herredøme hjå oss. Og i dag vakna vi til snø i lufta Så mykje vart det ikkje, 20 cm, før snøbyene vart borte og det klårna opp. Og då sakk og temperaturen . Etter fleire dagar med temperaturar rundt 0, gjekk gradstokken raskt nedover mot kvelden. I skrivande stund er han komen ned på -6. Og kaldare skal det verte lovar værmeldarane på YR. Så mi kjære får nok litt arbeid med å passe på at småfuglane finn næringsrik føde no når det skal verte kaldare. Snøen på rekkverket syner at dei har vore på flittige vitjingar der maten er å finne. Mest blåmeis, kjøtmeis og gråsporv, men og raudstrupe og svarttrost.

torsdag 7. januar 2016

Blå kveldshimmel

Så fekk vi nokre dagar med vind frå aust, og med det - minusgrader. Ikkje så mange, vel minus 6 på det lavaste, og det er til å leve med. Sjølv for ein frostpist som meg. Men eg toler kylden betre no enn for eit par år sidan då eg gjekk på sterkare blodtrykksmedisin enn eg har gjort siste året. Kor bra det er er får legane krangle om, men eg frys i alle fall ikkje så lett som då eg brukte av dei sterkaste tablettane. Så får eg bære fylgjene av det, om det er galt av meg å redusere styrken.
 I dag har vi hatt ein klår dag. Sola stig litt kvar dag som går. I dag hadde vi henne ein heil halvtime. Og så , desse klåre, kalde dagane, får vi denne vakre blå himmelen før kveldsmørkret senkar seg over bygda.

søndag 3. januar 2016

Så kom kulden

I dag vakna eg til klår himmel og kuldegrader. Det har det ikkje vore så mange dagane av dei siste vekene av året som glei over i soga. I motsetning til kulde har vi hatt nærast sommarvarme. Over 15 varme grader målte vi ein dag i året sin siste månad. Og det skal eg ikkje klage på. Men sola som skulle gi oss eit glimt  av seg på den fyrste dagen i det nye året, fekk ikkje sleppe til. Ho måtte vente til i dag med å lyse inn i vår stove.  Ni minutt var det ho fekk i dag, men det vert meir i morgon, om vi får sjå den. Men eit lite varsel fekk vi og den fyrste dagen. Ei rift i skyene synte oss kvar ho var, då ho sende sine lysstrålar inn mellom dei grå, som ei lita helsing inn imot kvelden.

 
Son min gav meg ei nettadresse der eg kunne fylgje med på vind, nedbør og temperatur på denne vesle kloda vår. Det har eg funne interesse i, Især det som høyrer den nordlege Atlanteren til. Så no prøver eg meg på å spå været, eg og, til liks med værmeldarane på fjernsynet. Eg har sett korleis lavtrykka og stormane har kome over havet frå vest, og sendt varme luftstraumar inn over landet vårt, ja, heilt opp til nordpolen. Medan landa vest om havet har fått merke kaldare luftstraumar frå nord. Snø i Mexico las eg. Men no er det slutt for oss og. I alle fall for nokre dagar. For no er det kalde luftstraumar austanfrå som strøymer inn over oss. Heilt ned til Svartehavet og Tyrkia er landa farga blå, og ikkje varme gule. Men mi kjære som heller vil nytte almenakka og månefasane, trøystar meg med at det varer ikkje så lenge. For komande nymåne og fullmåne varslar syd, sydvestlige vindar om ikkje så veldig mange dagane. I fall det slår til, får vi nok skyer og gråvær att, og varmare vindar. Då er det berre å nyte klårværet enn så lenge, --- og kle seg for kulden som fylgjer med. Og sola ho stig for kvar dag.


lørdag 2. januar 2016

Morning has broken

Morning has broken, like the first morning.
 
Det var berre ei svak rødme på austhimmelen  då eg forlet mi kjære og kom meg ut av sengevarmen, ut i den litt småkjølege morgonlufta, for å ta turen opp til postkassa og morgonavisa. Men då kaffien var kokt og avisa pløgd igjennom, hadde fargane ute endra seg. Fjord og himmel hadde fått ein sterkare let av raudt. Det var då eg kom på songen. Songen som så ofte var i tankane mine, morgonane der sør på vegen mot Satniago. Morgonane då himmelen stod i brann over meg der eg vandra inn i den nye dagen. Morning has broken. like the first morning.
Og no har vi tatt ned dei gamle kalendarane og hengt opp dei nye. Eit nytt år har byrja, vi er alt i den andre dagen. Mange er dagane som ligg framfor oss, dagar som skal fyllast med opplevingar og levd liv. Må vi få eit godt, opplevingsrikt og fredfyllt år..