torsdag 29. juni 2023

Å sjå, og ikkje sjå

Når mi kjære, då ho enno var hjå meg, og eg vandra saman etter vegar og stiar var våre opplevingar av det nokso ulik. Ho var i det nære, som med blomar i grøftekanten,  eller insekt på farleg vandring over vegen. Eller det var bær som ropte på merksemd. Kom og smak meg. 
Eg var heller i det fjerne med augene, langt frå grøftekanten si vesle verd.
No går eg åleine for det meste, har eg så smått byrja å sjå det ho såg. 
Årstidene si veksling, frå snødekte brøytekantar til mark som brånar fram under vårsola sin varme. Grønt gras som spirer opp, og så kjem dei ulike blomane og skaper fargerikt liv i grøftekanten. Kvitveis og den gule hestehoven er tidleg ute. Så spenger gule løvetenner seg opp, endå til gjennom hard asfalt.  Og så kjem den eine etter den andre. Snart kjem tuene med gule tiriltunger og kvite prestekragar.  
Det var dette mi kjære var oppteken på våre vandringar etter vegar og stiar.  Og eg med mitt langsyn på fjord, fjerne åsar og fjell, er nok framleis der, men har etter kvart vorte meir merksam på det nære, det som ligg framfor føtene mine. 
Og kor langt er vi komne no i blømingstidene ved vegkanten ?
Det eg såg i går på mi vesle vandring var mange blå blomar. Det er blåklokketid.
Blåklokkevikua, som Alf Prøysen song om.
Og heime ved verandaveggen kan eg bøye meg ned og  plukke meg neven full av dei små, søte og raude markjordbæra.



søndag 25. juni 2023

Bjørnsonstien

Eg vakna tidleg denne morgonen. Sola hadde byrja å kaste sine strålar over kyrne som hadde lægra nede på beitet ved  fjorden, der ein kunne sjå ein svak austavind lage små krusingar på vatnet. Det teikna til å verte ein varm og solrik dag i Romsdalens skjønne egne. Og eldste dottera mi hadde lagt turplanen for dagen.
Når eg er i Sogn så er det mi yngste dotter som har opplegget, men her er det ofte Stikk Ut turar som er aktuelle turmål. Helst turar som går i nokonlunde lett lende. Slik og i dag. Då gjekk turen til gamle Nesset kommune og til Nesset prestegard  ved innløpet til Eresfjorden.
Tett ved prestegarden byrjar Bjørnsonstien i lia inn mot Bugge. Det er ein gamal kjerreveg, lett å gå gjennom furu og lauvtreskog.

Ved enden av stien opna skogen seg og vi fekk eit vakkert utsyn inn over fjorden og fjella. Det dukka og opp ein lokal som kunne utdjupe kunnskapen om kva si såg. Med dei høge toppane over Eikesdalsvatnet og Vistdalsheia.
Men sidan vi var i området måtte vi og ta ein snartur inn om prestegarden der Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp. Den er no opna etter restaurering, men vi var ikkje inn då det var ei tid å vente før omvisning, så det får vere til ein annan gong. 
No vart det berre ein rusletur mellom dei ulike
husa, før vi vende nasa utover Langfjorden att
I 1756 gjekk der eit steinskred vest om Tjelle som tok mange liv og gjorde stor skade, den sokalla Tjellefonna. Eg hadde lest om det, men har trudd at skredet gjekk på andre sida av fjorden. Så då kravde eg ein pitstopp av bilføraren så eg kunne få eit bilete av minnesteinen.
På Molde er det fotballkamp seinare idag, det er ikkje noko for meg. I staden vender eg nasa sørover att med ferge over fjorden, så over Ørskogfjellet til ei ny ferge frå Solevågen over til Vartdalsbygdene og heim ut på kvelden. Ei fin og solrik helg på Nesje er over.

lørdag 24. juni 2023

Sommar

Så er vi komne over på den andre halvdelen av året. I dag er det Jonsokdagen, og  frå no av vert dagane litt kortare for kvar dag som går, men enno er det høgsommar. Og i det ligg vona om mange varme og solrike dagar både i juli og august, og vonleg og inn i haustmånaden september.
Sjølv er eg i utlegd til fagre Romsdal denne jonsokhelga, og det fagre utsynet mot Romsdalsfjella bak Sekken og Veøya kan eg  ikkje klage på.Og når vinden er mild og sola varmar meg  så klagar eg ikkje. 
Måtte det vare, men det er vel litt for mykje forlangt når vi bur vest. Det kjem nok dagar denne somaren og der regnelingane står i kø inn mot Stadt. Så får vi nyte i takksemd dei varme soldagane vi får.



torsdag 22. juni 2023

Tankar etter ein tur

Me høyrer stundom so stort eit Ord
Om alt som folk tykkjest vita, 
om liv og lagnad, om himmel og jord
og alt som mann kan gita.
Eg ottast, alt, som me vita fullt,
er lite mot alt som for oss er dult.
Eg og yngste dottera mi var på ein liten tur på sørsida av Sognefjorden no før helga. Ho sat bak rattet og eg fekk lov å vere passasjer. Det var nokre gamle kyrkjer som drog meg, og ho inviterte meg til å ta turen. 4 gamle stavkyrkjer og ei gamal steinkyrkje vart utbyttet, i tillegg fekk eg vere med på olsokfeiring i ei av kyrkjene. 
Utanom sjølve opplevinga av å vere i kyrkjene fekk eg oppleve kva og korleis fire ulike omvisarar fortalde om kyrkjene til sine tilhøyrarar. Og det i seg sjølv var interessant nok, å oppleve kor ulikt dei utførde den oppgåva.
Men noko som var lite tilstades var trua sin dimensjon hjå folk i tidlegare tide, både før og etter reformasjonen på 1500-talet. Det handla mest om bygnad og innventar, men alt kan ein ikkje vente av omvisarar heller. Unnataket var ein stad der vedkomande hadde ein trang til å lage vitsar om det som hadde med trusdimensjonen å gjere.
Apropo tru. Ved olsoktider vert det ofte sagt at kristendomen kom med Olav Haraldson sin død på Stiklestad, men det er nok ei kraftig underdriving. Trua på Kvitekrist kom nok til landet mykje før, i alle fall på kysten i vest. 
Folk drog over havet på handelsferder og landnåm, og då møtte dei trua. Og dei tok med seg truande trelar og trelkvinner heim, og trua vart sådd mellom folk. 
Kanskje var det keltiske misjonerar som er opphavet til sagnet om Sunniva og seljemennene.
Arkelogar har funne kristne graver frå 800-talet. 
Det vert rekna med at første kyrkja på Urnes var bygd på 800-900-talet ein gong, og ho var nok ikkje den einaste. Den som no står er den fjerde og den vart reist på omlag 1130- talet.
Eg trur at trua på Kvitekrist, i motsetnad til den oldgermanske gudeverda, hadde eit myrkje sterkare fotfeste i folket vårt tidlegare enn mange reknar med, og at den trua har vore med på å forme den norske folkesjela frå tidleg middelalder. Og teikna på det ser eg i dei gamle kyrkjene våre,  om det kjem lite til uttrykk hjå våre unge omvisarar.

Nei, vesle vitet det rekk ikkje til.
Ei tru må stydja opp under.
ei tru som trøysta  og styrkja vil
i mørke stormande stunder.
Eg vonar den visdommen hjelper mest,
som med slik ei tru kunne semjast best.

Tid

Det var ein 17.mai. Eg runda eit gatehjørne, og der sat han, Jarle, med si flaske.Og så kom orda; Harald, det er snart jul. 
Å, nei, det er enno mange månader og veker att. Det er berre nokre få dagar sidan sola vende og byrja på ferda mot vintersolverv att. Enno skal vi ha mange lyse og varme sommardagar og netter. Og etterpå fargemetta haustdagar før snøen fargar fjelltoppane kvite igjen. Enno er det lenge til jul.
Men likevel, han har litt rett med sine ord Jarle. Det er snart jul. 
Eller som Ander
s Hovden sa det i ein song; Tida ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter.
Eg tykkjer eg merkar det, at tida, dagane, renn som elv mot os. Eg vaknar av svevnen og byrjar på dagen sin dont - - og mest før eg veit av det er kvelden der. Og det hender eg tenkjer med meg sjølv når eg igjen leitar opp senga; kvar vart dagen, timane av.
Som barn kunne eg synest tida; dagane, vekene, var uendeleg lange, men no ,
Så kanskje du hadde rett Jarle!  Det er snart jul. 
Men først skal vi ha sommar, sjølv om han kan verte både våt og kald.
For i kveld er det Jonsokkveld, der båla sine loqgar skal lyfte seg mot ein varm og skyfri kveldshimmel

mandag 19. juni 2023

Ord

 Vi veit så mykje, trur vi. Vitskapen kan fortelje oss korleis det heile, alt dette som vi lever i , dette altet, denne vesle jord vi bur på, ja heile dette uendelege universet byrja ein gong,  med det store mytiske smellet, the big bang. 
Men kva var før det store smellet, the big bang tru ?

Inn i dette smett mi tru seg inn, den som er grunna på nokre gamle ord om korleis det heile byrja. Ser eg noka konflikt mellom det vitskapen fortel, og det dei gamle orda fortel. Andre gjer kanskje det, men ikkje eg. For dei fortel igrunnen det same, berre med andre ord. For dei plasserar ein skapar før alt, ein skapar som seier ord som utløyser skapinga. Er det dei orda som utløyser the big bang ?
I opphavet, in the beginning, skapte Gud himmel og jord, og jorda var aud og tom, og mørkret låg over jorda. Då sa Gud "vert lys " og det vart lys.
Johannes fortel om dette med andre ord i starten av sitt evangelium. Han fortel at Ordet, Logos, var sentralt då alt starta.

Gud sa  ord,  ja Gud var Ordet, og det vart.
Men ordet skspte ikkje berre jorda og den store himmelrømda, det gav oss også evna til komunikasjon, evna til å samhandle på godt og vondt oss i mellom.

Ord  - ja kva hadde vi menneske vore utan orda mellom oss. 
Tala ord, tenkte ord, skrivne ord. 
Vame ord, kalde ord,  
kjærlege ord, hatige ord. 
Ord ropa ut i sinne, ord kviskra i kjærleik.
Er det dette Hans Børli set ord på i desse vesle linjene ?

Ordene, 
de dødelige menneskeordene-
veit du at de eier en sjel?

Ord som blir drysset,
som regnets dråper
på blygrå sjø.
Ord som blir kviskret.
Ord som blir nynnet.
Ord som blir bedt
der en skal dø.

Stemningen,-
elden i mennesketanken,
finner ordenes reine metall.
I dikterens esse
blir ordene sveiset
til klare klokker -

til gledens og sorgens
tonende klokker.

søndag 18. juni 2023

Vandrar, dine fotspor er veien

Det er nokre år sidan no at vi kom fram til Santiago de Compostela. Etter det sette eg meg føre å lage ein billedserie av mine foto frå våre vandringar sidan eg byrja å gå til ulike pilegrimsmål.  Og så sette eg ulike slags tekster til dei bileta eg valde. Det kunne vere bibeltekster, ord frå ymse personar eg hadde funne i bøker, og frå salmar og andre vers. Utgangspunktet mitt var å setje ord på mine erfaringar frå vandringane, men då biletserien var ferdig, så slo det meg at dei orda eg hadde valt meg ut, også synte til eit anna og vidare perspektiv. Dei kunne like godt fortelje om ei anna pilegrimsvandring som vi alle gjer, våre vandring frå vogge til grav.      Slik orda som fylgjer nedanfor også kan tolkast.      

                              Vandrer, dine fotspor er veien intet mer.                                                                                               Vandrer, det finnes ingen vei,                                                                                                                  veien blir til mens du går                                                                                                         Mens du går blir veien til.


                                           Og ser du deg tilbake                                                                                                                                     ser du stien du aldri mer skal følge                                                                                                            Vandrer det finnes ingen vei                                                                                                bare runer i havet.    



Kaupanger

Søndag er gudstenestedag sjølv om eg ikkje vitja heimekyrkja. I dag vart det friluftsgudsteneste på Sogn folkemuseum, ved den gamle prestegardsbygninga der.
Heldigvis var det delvis skya, elles hadde det nok vorte i varmaste laget for dei bunadskledde i dåpsfylgja til dei 3 born som vart døypte i gudstenesta.
Sogndalspresten var liturg og diakonen heldt preika. 
Elles var organisten ein kjenning frå heimekyrkja der han ofte har vore vikar på orgelkrakken, men denne gongen drog han belgen på trekkspelet.

lørdag 17. juni 2023

På kongeveg

Så er eg indre Sogn igjen, denne gongen i strålande og varmt sommarvær. Nær 30 grader i sola, ikkje rart at Tor med hammaren er ute og fær når det lid mot kvelden. 
I går måtte brannvesenet rykke ut til Amlaholten etter lynnedslag der.
I dag vart det vandring på ein gamal veg, men ny for meg. Det var på kongevegen frå 1700talet som går frå inst i Barsnesfjorden og opp til Hafslo. 
Vi byrja på Hafslo for då fekk eg mesteparten av vegen som nedoverbakke. Og det kunne eg vere glad for med min skrale pust., for vegen opp frå fjorden var bratt med mange svingar gjennom den storsteinete urda på eine sida, og elva buldrande under floget på andre sida. Ein dansk fut ein gong, som var ille likt, såg seg inga anna råd enn å hoppe utfor og ned i fossen då bøndene ville ta han. Det gjekk ikkje bra for han, og fossen fekk namnet Helvetesfossen etter det.
Eg er alltid nyfiken på nye stadar å gå, og å sjå. Godt at der var mykje skog som skugga for varmaste sola.
Me hadde ein Hafslobygdar som vegvisar og han tok oss med til mange ulike stader langs vegen, som ei gamal bygdeborg frå dei første århundra i vår tidsrekning,og den store fantesteinen. Namnet på grunn av at dei reisande kunne søkje ly under den.

Men ein stad eg hatt som mål å vitje var ei Olavskjelde oppe i vegen ein stad. Ho skulle kome fram i den storsteineste ura. 
Diverre hadde turketida gjort at det var heller lite vatn i kjelda, så eg fekk ikkje drikke av det vatnet.
Men vegen var flott, med murar som synte fram eit imponerande steinarbeid. Det minte meg om vegen Vindhella oppe i Lærdal.







mandag 12. juni 2023

Ålfoten kyrkje

Ålfoten er ei lita bygd i Bremanger kommune og der ligg ei lita og gamal tømmerkyrkje.Ho vart reist i 1610, som erstatning for ei tidlegare kyrkje, truleg ei stavkyrkje frå 1200 talet. 
Det er ei enkel kyrkje med umåla tømmerveggar, og der benkane, som i Davikkyrkja, er påført nummer på benkevangane. Truleg hadde kvar gard sitt eige nummer på benken, eller to sidan det i eldre tidar var  både ei mannsside og ei kvinneside i kyrkjene.
På mannssida er der oppe på veggen festa to rader med pinnar, der mennene kunne henge huene sine under gudstenestene. Kvinnene hadde ikkje bruk for slikt då dei brukte kvinneskaut på hovudet.
Altertavla er ei katekismetavle der øvre del har påmåla ein stjernehimmel. Under den er der tre felt med tekst. Det eine fortel kven som har kosta altertavla, og dei to andre felta er nattverdsinnstiftinga, slik Paulus fortel om den.
Og medan vi var i kyrkja så spela Jon Tvinnereim to stykke på hardingfele.

søndag 11. juni 2023

Så knytter jeg tråd

Det var ikkje berre mennene Claus Frimann hadde eit auge for, også kvinnene sitt arbeid for heim og familie kom med i hans diktning. Som i denne " Sang ved håndarbeidet for qvindekjønnet " Den handla om kvinnesyslinga å strikke, men tilslutt i visa utvidar perspektivet seg.

Så knytter jeg tråd, så øver seg hånden i qvindelig dåd.  Ved hånden å henge man bliver så trætt.  Ved hånden å røre går tiden så lett. Jeg knytter ei silke, jeg knytter ei guld. Min tråd er av ull.

Min uldene tråd, når vinteren bruser , skal varme min fot. Med intet på stikke, med intet på ten, så mangen må skjelve på islagde sten. Gud se til de usle, som nøgne og blå i snevandet gåe.

Jeg knytter kun tråd, jeg knytter ei bånd av ugudeligt råd. Vig langt fra mitt hjerte du mørkhetens ånd. Som lærer å binde bestrikkende bånd. Skal mennesket knytte for menneskets barn et fangende garn.

Min knyttede tråd, meg minner om livet; mitt liv er en tråd. Hver maskeklæd stikke er fullendte dag. Hver maske, hver knute et pulsåreslag. Når livet har ende, o Gud, i din hånd, annam da min Ånd.



fredag 9. juni 2023

Davik kyrkje

Så fekk eg høve til å vitje to nye kyrkjer, Denne gongen i Bremanger kommune i ytre Nordfjord. Det var Davik kyrkje frå 1886, og vesle Ålfoten kyrkje frå 1610.
Noverande kyrkje er den fjerde kyrkja i bygda. Då den skulle reisast vart den ein langvarig strid mellom bygdene på nordsida av Davik herad, og bygdene på sørsida av fjorden. Men det var bygdene i sør som fekk kyrkja.
Det er ei rimeleg stor kyrkje der koret har same breidda som skipet. Men to ting fekk ei ekstra merksemd av meg, ein veldig særprega preikestol frå 1600-talet.
Det andre har eg aldri sett før. Eg har i mange gamle kyrkjer sett at kyrkjebenkane har hatt dører inn i benken ( og kanskje også namnet på gardane måla på benkevangane )  men at benkane var nummererte har eg aldri sett før. Dei som var nærast koret hadde nummer 1, og så auka talet attover mot våpenhuset. Eg reknar med at kvar gard hadde sin nummererte benk, eller to sidan ein tidlegare hadde både ei kvinneside og ei mannsside.

torsdag 8. juni 2023

Ondt ofte ...

Elin Grytting som kom og var med oss hadde mykje å fortelje om diktarpresten, og song og fleire viser av han. Sidan han vaks opp i Selje hadde fiske og fiskelivet ei særleg interesse hjå han, og han teikna eit rått bilete av livet og livsvilkåra til fiskarbonden på slutten av syttenhundre talet. Slik som i visa om fiskaren i ondt ofte lider den fiskermann.

Ondt ofte lider den fiskermand, som ud maae fare, før hanen galer, al dagen pladske i kolde vann. Paa hjem ei tenke, før solen daler. I vaade trøie, snedriv i øie. O, sad i der, i gullbeklædte høie, i andet fandt.
Dog, snar gaar dagen, og alting let. Naar drotten ramler, og lod ei stanser, og kniv ei hviler paa maddingbrædt. Og fisken opp etter snoren danser. Da spares arme at bankes varme. Madkisten glemme de tomme tarme, som skrege før.

Saa mangt nu tenker den fisker paa. Mangt med seg selv nu han monne snakke. I aar skal jorddrot meg lade staae. I aar ei kastes jeg ned for bakke, det har ei fare, nu faar jeg vahre. I aar skal fogden meg gryde spare for skat og told.

God hustru hjemme ser ud igjen. Det qvælder tidlig, og kold er stuen. I krogen setter hun rokken hen. I asken rager, gjør ild paa gruen. Tung opp fra stranden, ind stamper manden. Tre vaade trøier, en efter anden, han slenger hen.


onsdag 7. juni 2023

Claus Frimann

Claus Frimann ? Kven var det ? Alt eg visste om han tidlegare var at han var ein prest i ytre Nordfjord på slutten av 1700-talet, og at han hadde skrive ein song som byrja slik: Ondt ofte lider den fiskermann. 
Etter denne helga veit eg ein heil der meir. Vel, litt fekk eg vite på Y's Men's klubben sin tur i juni i fjor til Selje der Claus Frimann var fødd, men på turen vår no mandag til Davik og Ålfoten fekk vi verte meir kjende med mannen, presten og diktaren som var prest i Davik. Og det var ei interessant reise. 
Vi hadde med oss Elin Grytting som har skrive bok om han, og ho både fortalde om livet hans, og song av visene hans, som hadde mange sider. Mykje meir enn ondt ofte lider den fiskermann.
Framleis er der spor etter han i Davik. Utanom at han var glad i fiskeri, var han glad i tre. Frå prestegarden og til kyrkja planta ein alle av asketre. Mykje av den vart borte då det kom ny veg gjennom bygda, men han fekk og planta to lundar, den eine med furutre oppe på ein haug ved kyrkja.
Det var 11 furuer, ei for kvar apostel. 11 då Judas Iskariot ikkje fekk noka furu. Den lunden står enno og heiter Frimannslunden. Nokre av furuene har folle, men ved dei er det planta nye furuer.

søndag 4. juni 2023

Skodde

Så rullar havskodda inn, sola er borte, berre kald skoddevind er att.

Sol frå blå himmel

Det har sålangt vore ein kjøleg vår. Sjølv med nokre dagar med sol så har dei grå og kalde dagane vore i fleirtal. Men i dag fekk vi ein søndag med klår himmel sjølv om sommarvarmen glimra med sitt fråvær. På meg vart det kyrkjegong først, 
med ein tur på Rjåneset etterpå. 
Det er godt for ein frostvar mann å kjenne på solvarmen, slik eg fekk det i dag.