fredag 8. mai 2009

Limogne-en-Quercy 14.september 2008

Vi byrjar å få vanskar med å få oss overnatting. Det er så mange på vegen, og det overraska oss. Vi hadde ikkje venta det ettersom den franske ferien er over.
Også hospitsvertane gav uttrykk for at det var uvanleg med så mange på denne tida av året.

Den morgonen vi forlet La Cassagnolle, kom det eit heilt fylgje av franske vandrande inn frå ein sideveg. Dei fekk vi sjå og høyre mykje til i dagane framover (dei laga mykje støy), sidan vi heldt omlag same farta.
Nokre vi prata med på hospitset i Cajarc, fortalde at dei hadde prøvt å gå i juli, men då regna det så mykje at dei hadde avslutta vandringa for å halde fram no i september. Kanskje låg det ei forklaring der.


Vi ringde oppe i bakkane for å melde at vi var undervegs.

Det eit hus bak muren, der vi rasta og ringde.
Huseigaren hadde rigga opp eit par kvileplassar for vandrarane. Samstundes hadde han sett opp ein plakat med tekst på fleire språk.
Velkomne til å raste, men ver så snill; bruk ikkje hagen innanfor muren til toalett.

Nokre timar seinare, for seint til middag, kjem vi inn i landsbyen.
Vi går over torget og vidare i retning ut av byen. Og der ser vi skiltet inn til hospitset.
Vel inne på gardsplassen, bak jarnporten, vert vi tekne hjarteleg imot av Marie la belgique og hennar to hundar.
Den franske horde sit alt borte under nokre parasollar, og på klesnora heng klesvasken deira.

Vi får spesialoppvarting. Vi er då landsmenn av Arne Aakerman.
"Han er god ven, må vite. Han har eit eige rom her, og der brukar han bu når han er her. De har lese boka hans. Han sat her og skreiv. De må helsa Arne frå Marie la belgique"
Så vert vi geleida inn ei anna dør i det store herskapshuset og opp ei sliten trapp,
" Skoa må de sette her i trappa".


Og inn i eit høglofta rom med 2 par køysenger og 1 framme ved vindauget.
Dei franske er på andre sida av veggen høyrer vi.
"Badet er inn der", seier ho og viser inn ei sidedør til eit rom som er vel så stort som det sengene står i.
"Er det ikkje eit problem å halde så høglofta rom varme om vinteren," spør eg.
Nei, når oktober kjem reiser ho heim til Belgia. Til mann, barn og barnebarn.
Men når våren kjem, då er ho på plass her att for å gjere klart til opning av herberget for nye vandrarar.

Middagen er vi igjen for seint ute til, så vi må ut for å få oss litt varm mat.
Der ein kafe ved torget, men dei sel berre øl og vin med smårettar til.
Ein restaurant oppe i ei sidegata har for eksklusive prisar.
Kva no?
Redninga vert ei nedslita pizzasjappe.
Det er to grove langbord der inne med benkar til å sitje på. Og bak disken står ein mann på vår alder med langt, grått skjegg. Mistenkjeleg lik kyrkjetenaren vår heime.

Pizza kan vi få. Han gir oss menyen og vi granskar den grundig medan vi prøver å finne ut kva dei einskilde franske orda betyr.
Vi bestemmer oss og bestiller og han set i gang bak disken.
To flate trefat med pizza kjem fram på disken. "Versågod".
Her er det sjølvbetjenning.
Det smakte godt. Vi må ha ein til, og vi bestemmer oss for eit pizzanamn.
"Den er best", seier han, og ein mørkhuda som er komen inn og har fått seg eit glas vin, er samd. Og den var verkeleg god.
På borda står nokre bollar fulle av mørke valnøtter. ¨
"Han har plukka dei i eigen hage", fortel den mørke. "De må berre ta".

Vel attende på hospitset og i seng, vert eg liggande og sjå på månen som seglar sakte forbi vindauget.
Dei andre søv alt, medan eg vert liggande å fundere på vegar og vandringa gjennom livet. Det vere seg om ein kallar seg ein pilegrim, eller om ein ikkje torer kalle seg anna enn ein vandrar.


Neste morgon er det ordna med frukost for oss.

Frå Cajarc til Limogne-en-Quercy er det 17km, og vi er igjen oppe i 300m.o.h

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar