onsdag 6. mai 2009

Mot målet 1.september 2007

Frå Golinhac til Conques er det 21 km. Golinhac ligg på 650m.
Det går 8,5 km ned til Espeyrac på 370m. Deretter stig det igjen opp til St.Marcel på omlag 600m og etter 18km. Det siste stykket går ned gjennom lia til Conques på 280m o.h.


Morgonskodda ligg i dalen under oss når vi startar vandringa si siste etappe.
Eller rettare sagt. Vi vil gå så langt føtene held.


Adelgunde vandrar saman med oss fram til vi møtter riksvegen til Conques. Derifrå ville ho haike seg fram.

Vi hadde gode vandrarvegar frå starten.
Men det var mykje opp og ned, og med mykje skog mellom dei opne, dyrka områda.
Sola kom etter kvart fram, og vi hadde ein fin bris frå vest.


Ein stad stod dei ei underleg forsamling, litt tilsides for stien.
Er det gamal gudedyrking, tru?


Vi kom fram til Espeyrac og tok ein liten pause med mat og drikke på torget ved kyrkja. Sidan eg hadde lite kontantar att, prøvde eg å få ut pengar på postkontoret. Men nei, det kunne dei ikkje gi meg; Men i Conques var det kort-terminal.



Lange Michael dukkar og opp. Han vil ta ein avstikkar frå pilegrimsvegen, fortel han.


Ein kyrkjevegg kan ikkje berre stå der til unyttes. Den må då kunne nyttast til klestørk.


Føtene held enno.
Vi legg Espeyrac bak oss og vandrar vidare mot neste landsby.

Dit, til Sénergues, er det 3km og mykje oppoverbakkar, for det meste gjennom skog.


Så dukkar Sénergues opp på toppen av ein bakke.


Oppe på bakken, vis-a-vis kyrkja, står ei vakker Maria-statue.


Mange av kyrkjene har vore litt mørke, grunna naturfarga stein i veggane.
Denne er lys og varm i fargane.


På torget der ein open kafe, og toalett i ei sidegate.
Så her vert både kaffi, is og anna nødvendige ærend.
Prøver å handle brød, men det var siestatid.
Og i tillegg er eg konk. Tom peng pung.
Eg må til Conques for å løyse det problemet.
Og sidan føtene heldt bra, bestemmer vi oss for å ta dei siste 9km og.

Hadde ein liten pause med mat og dobesøk i St.Marcel.
Der stod eit bord ved kyrkja og baud inn til rast.


Men eg tek meg tid til å vitje kyrkja.
Ei eldre, lita kvinne var i ferd med å skifte blomane på sidealtera inne i kyrkja.
Sidan dei stod litt høgt oppe på veggen, fekk eg hjelpe henne med å ta ned vasane.


Dei andre er meir fornuftige enn å flyge rundt med kameraet. Dei syrjer for å seg litt styrkande mat i kroppen.




Landskapet endrar seg. Vi er oppe på ein open ås med vidt utsyn.


Men dagen har bydt oss på mange ulike landskap.
Skog, dyrka mark, opne utsyn, og når vi nærmar oss Conques, rysslyngblømande skråningar


Men og dei første, modne druene eg har sett under vandringa.


Men kva er dette, tru?
Ei svensk maistang?
Eller er det ei flaggstang?
Det er ei brullupsstang.
Gjerne med ei buske i toppen. Og eit skilt som fortel kven ho vart reist for.
Stanga vert reist når eit par giftar seg og set bu. Og så står ho der til ho ramlar ned.
Vi såg dei som stod der, merkte av at det var år sidan den vart reist.


Snart etter gjekk vegen utfor åskanten.
Først god, asfaltert veg, men den stogga ved eit hus nede i lia.
Det som erstatta vegen var eit djupt sår i bakken. Tusenvis av føter og regn gjennom århundra hadde gjort att muren som eingong hadde vore ved sida av stien,no hekk i sidene, høgt over oss.


Somme stadar hadde muren gitt etter for trykket. Andre stader hekk den i trass, eller fordi store trerøter heldt den på plass.
Heile vegen ned lia stod store tre som eit mektig, grønt tak over oss.


Men så lysna det og vi kom ut i ope landskap, og snart dukka dei første husa i Conques opp i lia framfor oss


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar