fredag 8. mai 2009

Solsikker


Det er mange solsikkeåkrar langs vegen vi går. Dei fleste er i mogen alder, medan andre enno er i ungdommen. Også gamle brune, lutande med hovudet mot bakken, ser vi. Trøtte av livet. Ein dag møter vi den store maskina som er i gang med å hauste inn åkrane.

Og så slår han ned i meg tanken på solsikkene sitt livsløp, og oss som vandrar forbi dei på vegen.


Vi var og ein gong unge og grøne, med lyfte hoved på ranke kroppar (stenglar) , klare for livet. Ein dag er vi komne i vaksenlivet, og vi blomstrar med våre store solgule blomstrar.


Men livet går sin gang. Vi modnast. Hovudet bøyst meir og meir, og ein dag er alderdomen der, og vi luter mot bakken, og våre fagre blomar er visne og grå.
Og så... ein dag er hausten der, og stengelen vert klipt av. Vi vert hausta ut av livet.

Solsikka og mennesket. Ulike, men likevel så like.
Solsikka gir sine frø som spire opp til nytt liv i ein ny vår.
Men kva med oss?

Påskedag gir også oss eit løfte om ein ny vår då vi skal verte kalla ut av gravene til eit nytt liv.
Men det er no vi lever. Kva er det vi fyller dagane våre med av verdiar?
Er det berre for oss sjølve vi lever, eller... ser vi og vår syster og bror som treng oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar