søndag 24. mars 2024

Morgon og kveld

Under Nobelfesten for Jon Fosse vart det lest eit utdrag frå Jon Fosse si bok " Morgon og kveld". Den lesinga har levd i meg så eg fann boka i hyllene på bokhandelen sikra eg meg  den. Det er ikkje noka tjukk bok, men den fasinerte meg. Kva ho handlar om? Den første og siste dagen i guten Johannes sitt liv. Eller rettare sagt; det som hender han den første dagen etter den siste. Høyrest det underleg ut ? Ja, kven kan vite noko om det? Ingen har då kome attende for å fortelje om det som då hender.
(Diverre nektar bloggen meg å få bileta lagt ut på høgkant. Kvifor det plutseleg ikkje er råd har eg ikkje funne ut av )

I mi heimekyrkje er der eit loft over kyrkja sitt kor, og for å kome inn der er der ei lita dør langt oppe på veggen mot det loftet.
Etter den siste oppussinga av kyrkja, då ho fekk sine noverande fargar, vart ikkje den døra stengt godt nok, så når det bles godt nok ute, opna og stengde denne døra seg utan menneskehjelp.
Under ei konfirmantsamling hadde dei merka seg dette, og der kom spørsmål kvifor ho stundom var open eller stengd.
Ein av konfirmantane kom med si forståing av fenomenet.  
Jau ho er open for at sjela til dei det vert helde gravferd for skal ha ein veg ut av kyrkja.
Eg må tilstå at etter det reiste ein stige og klatra opp og stenge døra forsvarleg.
Men, er det noko i konfirmanten sine tankar ?
I jødisk tradisjon forlet ikkje sjela den avdøde sin kropp før etter tre til fire dagar.  Jamfør Jesus si oppvekking av Lasarus.
Er det dette Jon Fosse i sine tankar er inne på når han endar "Morgon og kveld" med det Johannes opplever, medan kroppen hans ligg død og kald i senga heime i kammerset sitt.?

tirsdag 19. mars 2024

Det vårast

Det har vore mildt i mange dagar alt. Og snart er mars månad over og vi går inn i påskedagane. Eg har framleis att fuglefrø so eg legg ut til mine små fjørkledde gjestar. No er det mest gråsporv som vitjar matbordet, og i den eføykledde veggen til grannen held dei konsert kvar gong eg går forbi. Og frå mi  eldste dotter fekk eg for eit par dagar sidan melding om at no var staren komen. Jau det vårast. 
Så sit eg i stolen min i dag, inn for verandadøra og gløser på telefonen medan eg ventar på at brøddeiga skal heve frå seg så eg kan byrje på å få deiga over i formene. Då trenger ein lyd av vekker fuglesong inn til meg, og ute på rekkverket sit ein svarttrast  og kvitrar på vårsongen sin.