fredag 8. mai 2009

Figeac 12.sptember 2008


Det er fredlegare å vandre i natur, enn i travle bygater. Men denne dagen skal vi inn om ein større by. Figeac.


I bakkane ned til Figeac er der råd å ta ein annan veg utanom byen.
Vi var samde om å gå inn i den.
Då vi kom med toget frå Paris for 4 dagar sidan, gjorde det ein stans i Figeac før det drog vidare sørover.
No var vi her igjen. 3 dagar hadde vi brukt på å gå dei 5 mila attende frå Conques.


Det kan vere slitsamt å gå langt i varmen. Og i tillegg ha alt ein treng i sekken på ryggen.
Ein vert trøytt.
Figeac er ein av dei større og sentrale middelalderbyane på pilegrimsvegen frå Le Puy-ev-Valey til Spania og Santiago de Compostella, og den ligg ved elva Celé. Byen vaks opp rundt eit Benediktinar-kloster i det 11. århundre.


Altreet i katedralen har ein Kristus med ei i katolske land, ikkje uvanleg utføring.


Eine vindauget i kyrkja hadde ei skildring av Maria med barnet, saman med Josef og gamle Simeon. Og som smertens mor.

Her vart han og fødd, Jean-Francois Champollion, som løyste gåta med Rosettasteinen.

Vi tok kontakt med turistkontoret, og var heldige, der var ei som snakka norsk.
Ho hjelpte oss med å avtale med verten på La Cassagnolle om at han skulle plukke oss opp ved elva om ein time. Den timen nytta vi til å sjå litt av sentrum, kyrkja m.m.


Det er elva La Célé som renn gjennom Figeac.

Etter kvart dukka han opp, ein del etter avtalt tidspunkt, og tok oss med til pilegrimsherget sitt. 5 km opp på åsen, sørvest for Figeac.



Figeac

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar