onsdag 31. oktober 2012

Kva no?

Framme. Kva no?
På den store plassen er det oppstilt ei mengd med gamle bilar, og mange går rundt mellom dei og kikar, og beundrar. Særleg ein gamal jeep frå krigens dagar, med eit par karar i amerikanske uniformer, er omsverma. Det er mange som vil ha bilete av seg saman med dei.
Bak oss, ved rådhusbygninga, står mange pynta til fest og ventar på eit par som er inne og vert vigde til ektefolk.
Borte ved Hotel Parador, bak bilane, står flagga rett ut i den stive vinden, og sanneleg er der ikkje eit norsk flagg og.
Inn på plassen kjem det heile tida nye pilegrimar. Både syklande og gåande. Så skal det klemmast og kyssast og gratulerast med vel endt vandring, Og fotoapperata vert flittigt brukte for å feste stunda til minnebrikka.
Og eg? Eg kjenner på ei stigande kjensle i meg. Kva no? No er eg her. Vandringa er over. Målet er nådd. Er der ikkje meir? Er det berre å snu og gå heim att?
 Men så er det meir. Vi må nå pilegrimskontoret før dei stenger. Registrere oss, og få våre bevis på at vi har vandra pilegrimsvegen til Santiago de Compostela. Og det må skrivast på latin, må vite.
Nede i ei gate, ikkje langt frå katedralen finn vi kontoret. Skiltet forkynner på mange språk at her, innanfor porten, er staden. Og langt nede finn vi det og på vårt eige mål.


 Men å komen inn er verre. Her er lang kø av ventande pilegrimar som alle skal for inn for registrering og utskriving av pilegrimsbeviset.
Så her er det berre å stille seg i køen og vente. Sakte sneglar køen seg fram. Inn porten til gardsromet innanfor, inn døra til første etasje, gjennom romet og opp ei trapp til andre etasje. På gangen opp for trappa står ein mann og ordnar køen. Fire om gongen får sleppe inn i roma til dei som ordnar med registreringa.
Langt om lenge er det min tur, og ved skranken må eg vise fram pilegrimspasset mitt, som vert grundig sjekka, før ho stemplar det. I mellomtida har eg fått eit skjema å fylle ut. Namn, kjønn, alder og nasjonalitet. Kvar eg starta og grunnen til at eg gjekk. Var det av religiøse, kulturelle eller andre grunnar? Ja, kva skal ein skrive der tru? Der var så få som hadde kryssa av for det første, så eg melde meg, under tvil, på der. Sjølv om eg nok ofte har kjent meg meir som ein kulturell turist enn ein religiøs pilegrim. Så var det namnet mitt då, når det og skulle vere på latin. Kva det vart? Haraldur? Er det latin? Eg tykkjer det ser meir norrønt ut eg.

Det hadde tatt si tid å stå i den køen,  men mat må ein og ha, og katedralen må og få si første vitjing. Det halla på dagen då vi kom inn dørene til kyrkja, så det vart berre ei rask runde gjennom det store romet. Det var fredeleg og godt å kome inn i stilla frå vinden ute på plassen. Inn gjennom vindauga høgt oppe kom det solstrålar og lyste opp figurane oppe på veggen. Men borte bak høgalteret, var det kø. Lang kø av dei som skulle ned i krypten der sølvkista med Jakob sine levingar står.
Så vi kom til at det fekk vente til neste dag, søndag. Var vi tidleg ute, så var kanskje ikkje køen så lang. Då skulle vi og til messe i katedralen. Så då vart det ut i vinden att, og krysse opp gatene bak katedralen til vårt vesle, men sentrale hotell. To dagar skulle vi vere i byen, før mi kjære og eg, grytidleg ein morgon, ville la oss frakte ut til flyplassen for å byrja reisa heim.

tirsdag 30. oktober 2012

I mål!

"Vi må videre frem, her er ikke vårt hjem", heiter det i ein gamal vekkelsessong. Og Monte do Gozo er ikkje vårt endemål, Det er plassen framfor Jakobs-katedralen inne i byen, og dit er det knapt 5 kilometer att. Så vi byrjar på bakkane ned frå gleda sitt berg, ned til gatene vestover, inn i byen.  Vel nede går vi høgt over den breie motorvegen, der bilane susar avgarde i travel aktivitet, på kraftige plankar i gangbrua og inn i gatene.  Eit par kilometer lenger vest dukkar det opp eit kyrkjetårn over hustaka. Vi nærmar oss målet.
Tårnet aukar i storleik til nærare vi kjem. Og når gata opnar seg mot Praza de Inmaculada, ser vi store bygningar omkranse plassen, og i sør er der ikkje lenger berre eit tårn, men fleire, der benediktinarklosteret og Catedral de Santiago de Compostela ruvar mot oss. Her sit raske Reidun og ventar på etternølarane. Vi skal gå samla inn på plassen framfor katedralen.

Frå ein stad framfor strøymer det sekkepipemusikk imot oss. Er her skottar, undrast eg. Nei, ikkje skottar denne gongen. Inne under bogegangen inn til den store plassen, står ein galisier i nasjonaldrakt og spelar på sekkepipa si, i von om at nokon vil legge att nokre myntar i instrumentkofferten . Til dei klagande tonane frå sekkepipa kjem vi laurdag 22.september, klokka 12.38 inn på Praza de Obradoiro. Vi er framme. Vandringa er over.
Rundt den store plassen ligg dei store bygningane til Hostal de los Reyes Catolicos, no hotel Parador nacional, det galisiske parlament og byen sitt rådhus, og Colegio de San Jeronimo, Men den bygninga som samlar mest merksemd er fasaden av katedralen til Sankt Jakob av stjernemarka, Catedral de Santiago de Compostela. Stor og mektig ruvar vestveggen av den over plasaen med sine tårn og spir.

Inne på plassen kjem Ottar og Leif oss i møte, og det vert eit hjarteleg møte mellom våre medvandrar og deira ektemakar. Og så er det oppstilling for fotografering av oss som har gått pilegrimsvegen i Spania, Men også Leif må vere med. Han som var med då vi byrja langt oppe i Frankrike, 1535 kilometer, og 84 vandringsdagar attende. Men som måtte kaste inn handkledet etter Pamplona, då ryggen ikkje ville meir. Og inn kom Reidun i hans stad. Ottar er fotograf ved dette høvet.
Santiago de Compostela

mandag 29. oktober 2012

Monte do Gozo

Så er enden der. Starten låg 1500 kilometer attende. Langt oppe i fjella midt i Frankrike. Men no var det berre 24 kilometer att inn til målet, den store katedralen i Santiago.
Klokka 7 om morgonen var vi klar for frukost. Men igjen var det ikkje samsvar mellom meldinga dei gav om kvelden, og røyndomen om morgonen. Ingen frukost før 7.30. Og då var det berre å byrje å gå til vi fann ein open bar lenger vest i bygda.
Det er mørkt så tidleg om morgonen. Det gjekk bra gjennom den første morgonstille landsbyen. Der dukka det opp fleire pilegrimar. Men så svinga vegen av inn i ein skog av høge eukalyptustre, og der inne var det stupmørkt. Dessutan delte vegen seg. Kva for ein veg skulle vi ta? Kvar var dei gule merka? Dei som hadde lykter lyste både høgt og lavt, men til inga nytte. Vel då var det berre å velje den som såg mest veltrakka ut, og vone det var rette vegen. Der, på veg gjennom skogen, sakna eg hovudlykta mi som låg att heime. Det einaste eg hadde var ei svak lita lommelykt som eg kunne lyse ned for føtene med, såpass eg såg kvar vegen var.
Men så lysna det. Vi var igjennom. Framfor låg opne marker. Litt lenger borte bilvegen og husa langs den. Og i aust lyste dagranda opp for den vaknande dagen.
Det gjekk snøgt avgarde denne dagen. Lendet var lettgått, og i ein landsby fann vi open bar med tilbod om frukost.
Santiago sin flyplass ligg på den gamle pilegrimsvegen, så for å kome forbi den må dagens pilegrimar gjer ein sving nordover. Opp på ein liten ås. På toppen såg vi eit fly takse bortover rullebana. Medan vi gjekk ned av åsen att, og gjekk under enden av flyplassen, høyrde vi brølet av flyet som tok av. Der tok nok nokre moderne pilegrimar fatt på heimvegen.
Nede på flata igjen, ligg den vesle bekken der pilegrimane skulle vaske seg, men det freista ikkje å fylgje den skikken. I staden byrja vi på den 5 kilometer lange vegen opp til ein ny ås. Vi kunne sjå at vi nærma oss storbyen. Nye hus låg på begge sider av gata opp, og oppe på åsen låg Galisia sin TV og radiostasjon.




 


Så var vi framme på Monte do Gozo. Gleda sitt berg. Her fekk pilegrimane det første glimtet av tårna på katedralen nede i byen, og gleda kunne bryte ut. Den lange vandringa var ved enden. Der nede venta San Tiago på deira bøner.
Trondheim hadde og sitt gleda sitt berg. Feginsbrekka var det kalla. Fegin av fjåg, glad.
Det hadde ikkje vore mange pausar på dei 2 mila  fram til Gleda sitt berg desse morgontimane. Klokka var ikkje meir enn 11 då vi var der.
Oppe på åsen låg eit stort monument til minne om då den polske paven, Johannes Paul II, var her som pilegrim. Det har store bronsebilete på alle sider, og ein underleg figur på toppen. På eine sida er der ein relieff over dei ulike pilegrimsvegane, Der fann mi kjære og vår veg.
Monte do Gozo er prega av å vere ein turiststad med alt det fører med seg, men inne mellom trea ligg og eit lite kapell, og der inne var det stillt og fredfullt. Ein stad for ettertanke og bøn.


søndag 28. oktober 2012

Det minkar

Så er vi gang att. Etter litt bocadillo med skinke og ost (min favoritt, men dei er for store til å nytast i eit mål. For meg rekk ein av dei til heile dagen si vandring) og kaffi, er vi klar for å korte ned avstanden til Santiago endå meir. Men framleis er det over førti kilometer att, og det er for langt å gå på ein dag. Så det vert ei overnatting til, i Rua. Ein av dei mange små landsbyane langs vegen. Ei bok eg har namngir 16 stykker av dei på dagen si strekning. Ikkje alle av dei er like store, eller små om ein vil.
Vi går gjennom eit ope og flatt landskap. Inn mellom landsbyane og dyrka marka er der skogar av store eukalyptus tre, og vi høyrer motorsager gå inne mellom trea, og ser store tømmerbilar, med kraftige stokkar på, køyre forbi borte på bilvegen.
 

Vi har vore heldige med været så langt under vandringa vår. Vi har ikkje vore nøydde til å leite fram regnkle. For nokre dagar sidan høyrde vi snakk om at det ville kome regn. Men ut på dagen forsvann dei grå skyene, så det var berre støv, og ikkje sleip raudbrun søle, som farga skorne den dagen og.
Men denne dagen ser vi at det tjuknar til i vest, og ut på formiddagen byrjar det å yre så smått. Det aukar på etter kvart, men denne dagen var eg ikkje førebudde på regn. Capen ligg i sekken eg har sendt i førevegen. Dette kan verte våtsamt. Då ligg berginga der. Ein liten bar i vegkanten. Der er det alt fullt av pilegrimar som har søkt ly, men vi får lurt oss inn under tak, Og medan vi nyt ein kopp kaffi med bocadillo til, regnar det frå seg ute.
Det vart ikkje meir enn denne eine regnbya, og kleda vart ikkje våtare enn at dei snart var turre igjen då vi vandrar vidare.
Det heiter seg at dåren skriv sitt namn alle stadar, men makan til skriving som i ein annan bar vi var innom eit par timar seinare, har eg aldri sett. Der var heile romet dekorert med skribleri. Veggar, bord, stolar, tak, ja, overalt der det var råd å finne ein plass å bruke tusjpennen på. På talrike språk frå heile kloda. Og fann ikkje skrivaren nokon plass, så var det alltid råd å henge opp ein post-it lapp.
Våre to medvandrar var til tider litt bortreiste denne dagen. Deira menn var på veg sydover til Santiago for å møte dei att der, og det var nok tankane på kor det gjekk med mennene på reis som opptok tankane deira.

Så var vi framme ved det siste herberge på vandringa vår. Her var det endåtil symjebasseng i hagen. Men eg let meg ikkje freiste til å prøve det. I staden fekk skallen min igjen prøve nærkontakt med for lave dørkarmar. Det small godt, og igjen måtte mi kjære fram med førstehjelpsaker. Litt minne etter turen skal ein vandrar ha.

Vegen Arzua - Monte Gozo

vegprofilen same stykke. Litt kupert, men ikkje store høgdene.

lørdag 27. oktober 2012

Arzua

Det er 9 landsbyar mellom Melide og Arzua. Tidleg på ettermiddagen var vi framme, og herberget vårt låg i byrjinga av den lange gata gjennom byen. Etter å ha instalert oss og dusja av støv og svette frå vandringa, tok mi kjære og eg oss tur vestover gata. Var turistar i framand by og glana litt på folk og butikkar medan vi rusla der. Mi kjære er alltid på utkik etter suvenirfingerbjør, så det vart nokre pausar ved aktuelle butikkvindauge. Noko lenger vest delte gata seg. Ei eldre og smalare gate utan butikkar svinga av ned ein liten bakke. Vi tok den for litt lenger framme skulle det ligge ei gamal kyrkje som  var verdt ei vitjing. Kyrkja fann vi, men der var det stengde dører.
Så var gata slutt, og det var byen og. Vi runda eit hus og kom opp i ein park med rislande fontener under skuggefulle tre. Arzua er stolt av sin osteproduksjon. Og då må sjølvsagt kvinna som skapte den mest kjende av ostane ha si statue, sentralt plassert i parken. Osten er forresten kalla Tetilla, og det tyder på mitt mål; det vesle brystet, då den med si koniske form liknar på nettopp det.

Der låg ei kyrkje til ved parken, men den og var stengd. Så i Arzua fekk vi berre sjå det ytre av kyrkjene. Men ein kan finne små detaljar likevel. Detaljar som eg tykte var interessante. Som denne med Jakobskrossen, kamskjelet og stjerna som peikar ned på kvar Jakob si grav er å finne. Slike symbol er det mange av etter pilegrimsvegen. Mest er det av kamskjelet.

Som på denne steinen som stod på fortauet i eit gatekryss. Kamskjelet er med.

På veg attende til herberget, kom våre medvandrar i mot oss, og då vart det retur til parken for kaffi og is.
Og medan vi sat der, gjekk ein bonde med kuflokken sin forbi, i gata bortanfor parken. Og fleire pilegrimar spang etter med kameraet klart. Dei pitoreske Galisiamotiva må sikrast i minnet. Men der og då var eg berre ein doven turist med sin kopp kaffi. Så bonden fekk gå i fred for meg.

Arzua

fredag 26. oktober 2012

Ute på bygda

Det er gjerne små og store byar som eg har gitt mest merksemd når eg fortel om vandringa mot Santiago. Og det er vel naturleg sidan det er i byane det er mest av særmerkte bygningar med meir. Men det er landsbygda sine vegar vi ferdast mest på. Gjennom skog og langs dyrka mark. Gjennom små og større landsbyar. Med og utan kuskit i gatene, og med hundeglam bak stengde portar. Landsbyane med dei små og grå steinkyrkjene, og med det enkle inventaret. Kyrkjene som vi vonar er opne så vi kan sjå innom. Og få eit stempel i pilegrimspassa som vi ber med oss.
Og der inne står han ofte, han Santiago med sin vandringsstav og sine kamskjel på kappe eller hatt.
Og i dei små skogkledde dalsøkka hender det at det renn ei lita elv. Etter den langvarige turken denne sumaren, er der ikkje mykje vatn i dei. Men byksa over elva fortel at det er ikkje alltid slik. Det kan nok hende at pilegrimen møter ei elv med strid straum, og då er nok byksa gode på finne.
Det er mange tradisjonar knytte til vandringa mot vest. Ein av dei handlar om å vaske seg rein. For det måtte pilegrimen gjer før han gjekk inn i Santiago. Og det skulle skje i elv nær byen.
I landsbyen Lavakolla si elv. Då skulle kleda av, og pilegrimen ut i vatnet for å vaske bort gamal og illeluktande skit. Ei gamal pilegrimsbok fortel at også den delen av kroppen ein blygest mest for, fekk grundig vask då. Og hadde ein råd, vart det og nye klede på. Rein måtte ein vere når ein steig fram for Santiago i katedralen.
For desse her er det nok berre varmen som lokkar dei ut i vatnet, og ikkje det gamle pilegrimsritualet.
Og så hender det ein sukkar litt. Dette hadde vore fint å ha heime. Ein liten terasse ved veggen. Og til tak over, ein vinstokk som strekte sine griener ut. Til skugge for den brennande sola, og med satige drueklasar mellom greinene. Klare til å plukkast ned og nytast under siestaen.
"Ja, der skulle vi ha vøri, Kal."


torsdag 25. oktober 2012

Melide

Det var morgonstille i huset då vi låste døra etter oss og forlet hospitset "Die zwei deutche" og byrja gå vestover att. Alle barar var stengde i den vesle landsbyen, så det vart nok ingen frukost før vi kom fram til neste by, vel 6 km framme.  Ikkje lenge etter forlet vi provinsen Lugo, og kom inn i Provincia de A Coruna. Den siste provinsen på vandringa vår. Santiago låg no berre 63 km lenger vest. Det var framleis folketome gater då vi gjekk gjennom den siste landsbyen før Melide.


Melide, eller Melid som han heiter på gallego, er det geografiske midtpunktet i Galisia. Galiserane er kelterar. I slekt med folk i Irland, Wales, Cornwall og  Bretagne. Men språket gallego er ikkje keltisk men i slekt med portugisisk.  Men om byen er det geografiske sentrum i regionen, ofrar ikkje vegboka mi mykje omtale den. Der er fleire kyrkjer, men berre ei kyrkje er verdt å vitje, står det. Så vi tråklar oss fram i gatene til den kyrkja, Iglesia de Santi Spiritus. Den Heilage Ande kyrkja.

Men inne i kyrkja var det messe då vi kom, så det vart berre ei stutt vitjing, før vi kryssa oss attende til pilegrimsvegen, og heldt fram vandringa mot vest. Gjennom landsby etter landsby, fram til siste byen før Santiago, Arzua.



Melide
Vegen Palas de Rei - Arzua


Vegprofilen same stykket




Provincia de A Coruna

onsdag 24. oktober 2012

Palas de Rei

Vi hadde tenkt å overnatte i ein liten landsby som heiter Airexe, men der fekk vi ikkje plass. Noko vi nok skulle vere glade for, sidan det der i byen var fiesta. Det hadde vorte ei uroleg natt. I staden vart det nokre kilometer lenger, og ein nyoppbygd, tidlegare prestegard, vi tok inn på. Reine luksusen vart det.
Neste morgon stod han på sin sokkel, Jakoben, og peika vidare mot vest.


Ut på formiddagen gjekk vi gjennom ein liten by, Palas de Rei. Kongens palass. Namnet har han frå ein visgotisk konge som hadde sin tilhaldsstad her for 1300 år sidan. Men palasset hans er borte for lengst. Der er ikkje mindre enn 43 kyrkjer i området rundt byen, men vi stogga berre ved ei, Iglesia de San Tirso, som hadde den mest moderne alterveggen eg har sett etter pilegrimsvegen.
Det vart eit kort opphald i byen, og så var vi ute på vegen att. Gjennom den eine vesle landsbyen etter den andre. Det syntest i landsbygatene at vi var på bondelandet. Her måtte ein sjå etter kvar ein sette føtene, for her hadde kyrne også gått til og frå beite.

Lendet vart flatare og vidare til lenger vest vi kom. Oppdyrka marker på sidene av vegen, med ein og annan skogkrull i dei små dalsøkka eller på høgdene.

Palas de Rei


Pilegrimsvegen Portomarin - Palas de Rei

Topografien same stykket

tirsdag 23. oktober 2012

"Store tre og runnar"

Ein av desse dagane under vandringa vestover, gjekk vi forbi eit plantefelt. Men trea i feltet skapte i viss undring, då det på same treet var både grøne og sølvfarga blad. Og i sollyset skein det i sølv oppover heile lia.
" Kva er dette slags tre?" var undringa vår.
Etter ei tid fann vi løysinga. Det var unge eukalyptustre. Men underleg var det å sjå tre med to så ulike blad på seg.
Etter kvart kom vi inn i heile skogar av eukalyptus-tre. Vi kunne kjenne lukta av dei der vi gjekk, men gnei vi på blada var der lite lukt att på fingrane. Kinken i nakken var ikkje langt unna når vi bøygde nakken bakover for å sjå opp mot toppane av dei.
Oppver i trea hekk der frå greinene lange remser av borken, og stammene var heilt nakne.
Men kvar kom eukayptuslukta frå når det lukta så lite frå blada?
Då såg vi desse grøne skota som vaks opp frå bakken. Grøn stilk og grøne blad. Det såg ikkje ut som om det var starten på slike store tre. Men desse blada lukta sterkt av eukalyptus.
Slike store tre måtte då ha store frø? Men nei. Frøa til eukalytusen liknar på ein liten knapp, sånn omlag 1,5 cm i diameter. Då var det noko anna med dei konglane som låg strødd på bakken i ein furuskog vi gjekk gjennom.
Dei var noko større enn furukonglane frå våre heimlege furuer.


mandag 22. oktober 2012

Vegkrossar

Mange er dei vegkrossane eg har sett sidan vi byrja å gå Jakobsvegen i 2007, langt oppe i Frankrike. Det har vore store og små. Nokre i enkel utføring, andre rikt dekorerte. Dei har vore i tre, smijarn og stein. Nokre har vore ein naken kross, andre har hatt eit krusifiks festa til seg.
Men her langs vegen i Spania har eg møtt nokre andre vegkrossar. Det første møtte eg i Huelva-klosteret i Burgos. Seinare har eg sett nokre fleire av dei vidare vestover, dei fleste etter at eg kom inn i Galisia.
Det er dei høge, doble, vegkrossane eg meiner. Slik som det på biletet over.
Desse krossane har både ei framside og ei bakside. Framsida syner den krossfeste. Denne vende mot vest, og er sliten av vær og vind gjennom nokre hundreår.
Baksida vende mot aust og har stått seg betre. Og baksida syner ofte Maria med barnet.
Nedover søyla og på sokkelen kan det og vere dekorasjonar. Denne krossen hadde berre dekorasjon på sokkelen. Men er der noko på søyla, så er det ofte plassert ein eller annan kyrkjeleg person der, som ein biskop eller liknande.