søndag 29. april 2012

Fjellkost. Alpujarras



Det er mangt som er spanande ved å reise. Å få lære litt om stadane eg kjem til, ikkje berre i notid, men og i fortid, tykkjer eg er av dei tinga som gir meg mykje. Det syner nok igjen ved at eg skriv ein god del om det. 
Noko anna eg har lært meg å setje pris på, er høve til å smake lokal mat. Og det er igrunnen litt utruleg, då eg langt inn i vaksen alder har slite med å tore smake på ukjend mat. Men takka vere sta døtre som nytta alle høve til å servere meg ting eg "heilt sikkert ikkje likte". Og dei pinlege opplevingane av andre som grein på nasen og skuva vekk matfatet med orda "eg et ikkje kva som helst", har eg smått om senn klart å snu mi matvandheit. Derfor nyttar eg alle høve når mine borneborn seier nei takk, til å gi vidare litt av mi leie erfaring med å vere matvand. Men eg skal ikkje nekte for at eg framleis kan kjenne på ein sterk indre motstand når eg vert servert ukjende rettar.  
Ikkje slik denne dagen, på ein restaurant oppe i ein av fjellandsbyane. Ein triveleg stad med store steinheller til tak over takbjelkane.
Her vart vi servert ein fat med lokal fjellkost. Skinke, poteter, blodpølse, grov innmatspølse og speilegg. Og det smakte.



lørdag 28. april 2012

Bittert vatn. Alpujarras

Oppover går det . Opp og opp. I sving etter sving, opp den bratte lia. Så er vi oppe i Capileira på 1436 m o.h.  Her er det ikkje fleire landsbyar over oss opp mot det snøkvite snaufjellet med toppar på over 3000 m. Eit ettertrakte fotturterreng.  Men vi skal ikkje på fottur i fjellet. Vi skal vitje ei fuente, ei vasskjelde lenger framme i lia.
Det er eit grøderikt landskap, om jordflekkane på dei oppmura terassene er små.  Mange slags frukt vert dyrka her, noko vi fekk sjå ein morgon på ferskvaremarkedet i Malaga. Der bugna det av alle slags frukter, dei fleste ukjende for meg.
Der står eit lite kapell ved kjelda.  Ei trapp fører ned til den. Eit skilt på kapellveggen viser veg. Fuente Agria står det. Agria tyder bittert. Og kjelda vert nytta, då vatnet skal ha mange gode eigenskapar.
Gjennom eit lite kikhol i døra får eg eit glimt inn i kyrkjeromet. Enkelt og vakkert.
Vatnet frå kjelda renn under vegen og ned gjennom krattskogen i lia. Ein gangsti fører ned den bratte lia. Ned til eit lite dalsøkk lenger nede. Inst inne i dalsøkket fell vatnet i liten foss utfor kanten ovanfor, og renn så vidare nedover lia. Her nede er det mest som å stå midt i ein tett jungel av høge tre, og med denne underlege gulbrune bekken i botnen.
Mi kjære, saman med andre, tek med seg smaksprøver av vatnet. Det smakar litt bittert, som mineralvatn. Ikkje heilt i min smak, men det skal vere godt for helsa på grunn av alle minerala det inneheld.
Men om det ikkje er det beste eg har smakt, så er det fargesterkt. Eg tek fingrane ned i botnslammet, og får dei fulle av eit gult stoff. Det er vel dei grøderike og mineralrike  jordpartiklane i vatnet som har lagt seg att som botnslam. Og den fargen var det ikkje enkelt å få bort.

fredag 27. april 2012

Fikentreet. Alpujarras

Bussen køyrer gjennom Pampaneira og vidare oppover i den bratte fjellsida. Vi skal heilt opp til den øvste av dei tre byane. Men før vi kjem så langt, svingar  sjåføren bussen ut på ein stor plass, der vegen svingar rundt ein bergrygg. Og her er det eit flott utsyn over fjella og dalen djupt der nede. Ei bergnasa stikk opp og ut frå vegen. Dei yngste i flokken ser utfordringa og klatrar opp, men det varer ikkje lenge før eg finn også mi kjære sitjande der med føtene utanfor kanten.
                                                                                                                          

Det ligg to kapell på plassen. Kvifor dei er bygde her får eg ikkje svar på.
Her er det berre bratte liene rundt, og landsbyane ligg ikkje så langt undan? Begge kapella er stengde, men der er eit lite vindauge i dørene inn til roma innanfor.
Det største, som ligg inne på plassen, har rom nok for å kunne samle ein liten kyrkjelyd til messe. Men det andre kapellet er mindre, og ligg heilt inn til bilvegen. Der inne er der liten plass, men eg ser eit alter, dekt av friske blomar.

Då vi skal til å køyre vidare, ropar Marta på meg. Ho har tidlegare budd i Israel. Kom å sjå, seier ho, Her står eit lite fikentre, og det er rett før knoppane sprett.
Og rett bortanfor kapellet, nedfor muren, står der eit lite skot av eit tre. Ei tynn stamme med to greiner oppe under toppen, og med tre bristeferdige knoppar. Eg tykkjer det liknar eit skot av lønnetra som det har vorte så mange av i mine heimeskogar, så eg spør opp att om det verkeleg er eit fikentre, og får bekreftande svar. Men meir vert det ikkje, for no ropar ektemannen på henne at ho må kome. Bussen ventar.

onsdag 25. april 2012

Alpujarras

Alpujarras? Kva er det? Eg hadde undra meg over det sidan eg såg det stod på reiseruta. Etter det medsende kartet skjøna eg at det var inne i Sierra Nevada fjella. Men eg greidde ikkje å knyte noko som helst til namnet. Det skulle endre seg gjennom denne dagen. Den femte av vår tur gjennom Andalusia.

Bussen tok oss austover kysten, Forbi Malaga og Nerja, og vidare austover til motorvegen enda. Der svinga bussen av inn mellom fjella gjennom ei trang fjellkløft. Lenger inne køyrer vi forbi eit stort, oppdemt vassreservoar. Vi er inne i Poquiradalen. Så ligg byen Orgiva der, oppe i lia, provinshovedstaden i området. Vi køyrer rett igjennom og opp i fjellet. Vi skal opp 1000m til, opp til tre kvite byar lenger inne mellom fjella. Pampaneira, Bubion og Capileira, som den høgstliggande av dei tre. Øvst oppe i fjellsida, 1436 m.o.h.
Byen klatrar på smale og svingete vegar oppover fjellsida. Dette er eit grøderikt område, men den bratte lia gjer at dyrkamarka er berre små teigar her og der. Små flat-taka, kvite hus ligg og somme stadar og klamrar seg fast, med ein liten hage rundt.
På denne turen har eg lært mykje om dei siste åra for islam sitt fotfeste på den iberiske halvøya, noko som har kome fram i det eg har skrive i samband med vitjingane i Sevilla, Cordoba og Granada. Men her fekk eg høyre om siste akt i dramaet.
Det var i fjella her den siste Granada-emiren fekk eit tilhald før han drog over havet mot sør. Men før han overlet Granada, vart det gjort ei avtale, der muslimar og jødar vart sikra rett til fri utøving av si tru. Men sigerherrane byrja snart å ville konvertere jødane og muslimane over til kristen tru.  Det gjekk ikkje så lett, og jødane vart snart forviste ut av riket. Men mange muslimane søkte inn i fjella her etter som trykket auka.  Det kom til fleire opprør, og dei kristne prøvde på ulike måtar å slå ned opprøra.
Men etter at eit opprør i 1568 var slått ned, vart muslimane forviste frå området. Med unntak av to familer i kvar landsby, som skulle vere at for å lære opp dei nye kristne innbyggarane i den lokale jordbruksmetodane,
Då vi i fjor gjekk gjennom provinsen Palencia (i nord) kom vi til ein landsby som heiter Moratinos. Der var dei første innbyggarane truleg tvangsflytta muslimar.
Men etter eit nytt opprør i 1609 vart muslimane landsforviste.
Og dei har vore borte heilt til vår tid. Men på vår rundtur i Andalusia såg eg mange nybygde moskear, så no må her vere mange nye muslimske innbyggarar.

Tilslutt dukkar dei tre landsbyane som målet vårt opp over oss. På bilete her er det dei to øvste, Bubion og Capileira, vi ser mot dei kvite fjella i bakgrunnen Den nedste, Pampaneira, er gøymt lenger nede i lia.

mandag 23. april 2012

Dans


Det er kveld der vi går gjennom gatene.  I ei gate går det ein korridor inn i ei bygning. Litt lenger inne svingar den og fører oss ned ei trapp til eit lavlofta og halvmørkt kjellerlokale.
I eine enden er der ei plattform med eit vindauge og eit par stolar som einaste dekorasjon.. Kanskje skal det ligne ein kveld i ei stille gate.
Lokalet er på det næraste fullt. Tett i tett sit der folk. Vi vert førde heilt fram til plattforma der det står nokre tome, og ikkje alt for gode stolar og ventar på oss.

Etter ei stund blir lyset i lokalet sløkt. Berre plattforma er opplyst. Eit par gitaristar kjem inn og finn seg plass. Så kjem to til inn og vert ståande på kvar si side. Frå gitarane kjem nokre forsiktige tonar, før ei fengande rytme stemmer opp, og dei to ståande fell inn med song og klapping.
Showet er igang. Framfor oss ligg ein god time med Andalusia si særeigne musikkform, flamenco.
Dansarane kjem inn, og så skifter det i sang, gitarsolo, kastanjettar, rymisk stepping, humor, glede, elskhug og sorg. I fargerike og skiftande kostymer. Frå dansargruppa i samdans, til ein, to eller tre saman.
Så er det over. Salen tømer seg ut i nattestille gater. Klokka nærmar seg midnatt.
Det tek litt tid utover natta før flamencorytmene i meg stilnar av og svevnen kjem.
Utanfor siglar fullmånen si stille ferd gjennom natta, over himmelkvelven mot vest, og ei ny dagrenning i aust. Medan bylgjer bryt mot sanden på stranda ved det djupt blåsvarte havet der månen teiknar si lysande gule stripe mot land.

søndag 22. april 2012

Den fjerde dag.

Det står på min Bibel si første side, at på den fjerde skapingsdagen sa Gud: "Det skal verte lys på himmelkvelven til å skilje dag frå natt! Dei skal vere teikn for høgtider, dagar og år. Dei skal vere lys på himmelkvelven og skina over jorda." Og slik vart det. Gud laga dei to store lysa, det største til å herske over dagen, og det minste til å herske over natta.

På den sjette morgonen av vår tur til Andalusia stod begge dei to store lysa saman på himmelkvelven. Månelyset var i ferd med å verte slukt av det stigande og sterkare sollyset. Det skil berre få minutt mellom biletet av månen og sola. 
Månen hang bak pyramidene oppe på hotelltaket, og var på 4 døgn i ne, men hotella ved stranda var enno ikkje farga av den komande soloppgangen. Men 14 minutt seinare var sola  på veg opp over havranda i aust, bak palmene på Costa den Sol-kysten, og farga alt i gull.






lørdag 21. april 2012

Raud saft.

For ein som vaks opp i eit miljø der sterk drykk var forbunde med noko negativt som ein skulle halde seg på sikker avstand frå, var det å byrje reise til sydlegare landskap der slik drykk var normalen, ein stor mental overgang.
Det var ikkje te, kaffe eller eller farga brusevatn som kom på bordet til maten, men det som eg sjølv i mi tid som ungdomsklubbleiar hadde åtvara så sterk imot. Raud saft med alkohol i.
Det er i slike høve ein må ta sine tilvande haldningar opp til ny vurdering , og kanskje til revisjon.
For eg har etter kvart skjøna at eg kan ikkje forvente å få få Solo eller Sylte si appelsinbrus (sjølv om eg nok framleis hadde valgt det om eg hadde høve til det) på bordet i dei før nemnde sydlegare egne.


Eg har nokre gongar fått høve til å vitje ein vingard. Slik også på denne turen til Andalusia. Men ulikt dei andre eg har vore på, dreiv desse ei heilt gjennomførd økologisk drift på sine 40 mål med vinstokkar.
Vi fekk ein grundig gjennomgang i heile prosessen frå vindrua vart plukka, til vinen vart tappa over frå fat til flaske. Også om kva type eik som vart nytta i fata, det har mykje å sei for smak og aroma. Og sidan det ikkje vart nytta kjemikalier i produksjon, gav heller ikkje vinen ein for meg erfart etterverknad, som hovudverk. (vart det fortalt)


På slike vitjingar får vi alltid høve til å smake på den raude safta deira. Slik også denne gongen.
Men denne gongen vart det ikkje meir enn å smake. Ikkje som ein gong i Italia der vi også fekk høvet. Då var det ein som forkynte at her var alt gratis, så no gjaldt det å nytte høvet. Det var til slutt ikkje ein dråpe att nær han.
Her stod det tre glas til kvar. Eit av kvar type dei produserte. Og så fekk vi fortalt litt om kvar type, og kva slags måltid og mat dei høvde til.


Til slutt fekk vi fortalt at ein av desse hadde vunne ein europeisk vinpris, med spørsmål om kva for ein vi meinte det var. Som før nemnt så kan eg ikkje rekne meg som ein kjennar av denne type drykk, sjølv om eg har lært meg å høfleg takke ja når den vert servert. Men alle tre sortane var drikkande. Sjølv likte eg den mørkast raude druesafta best. Den var fyldigare på smak enn dei andre to. At den og hadde høgst alkoholprosent, nemner eg ikkje.
At eg likevel venta litt med å gi mi stemme, til dei andre hadde synt sitt val, og då lyfte glaset med den svakaste safta, var nok helst fordi taparen og skulle få nokre røyster.
Mi kjære såg litt undrande på meg då. Meinte du det? spurde ho. Ho fekk berre eit lite smil til svar.

fredag 20. april 2012

Alhambra. Generalife

Generalife var emirane sitt sommarpalass. Det ligg på åskanten, ut mot det gamle Granada i dalen nedanfor. Det var i  emirane si tid forbunde med festninga ved ei gangbru over det vesle dalsøkket som skil dei to.
Framme på åskanten over Granada reiser bygningane i Generalife seg, men elles er det ein stor park med blomar, tre, fontener og basseng.


Våren var på gang då vi var der. Vårblomane var planta ut, og dei gav oss ein liten forsmak på korleis det ville sjå ut når alle blomane ville stå i full blomst.
Det går mot kveld når bussen vår køyrer ut av Granada, sørover mot kysten.


Etter mange år der byen var omringa av dei katolske regentane Ferdinand og Isabella sine tropper, gav den siste emiren Muhammad opp i 1492. 29.januar gav han nøklane til Ferdinand og reid bort.
Det er fortalt at då han kom så langt at han kunne sjå Alhambra for siste gong, snudde han hesten. Og medan han såg attende på Alhambra, brast han i gråt. Då er det mor hans seier til han; Du gret som ei kvinne for det du ikkje makta å forsvare som ein mann.
Muhammad fekk seg eit område til å styre oppe i fjella i sør, men ikkje mange åra etter drog han over havet til Marokko.

torsdag 19. april 2012

Alhambra. Palasset


Etter litt venting var det vår tur til å kome inn i emiren sitt palass. Utsmykkinga over inngansdøra gav ein liten forsmak av kva som venta i roma innanfor. Det synte seg å vere ein ein svært liten forsmak
Her har jødiske, kristne og muslimske bygningskunstnarar på 1300-talet skapt noko eineståande fagert for emiren og hans harem, og dei som vart bedne inn i hans private palass.
Det strøymer inntrykk imot meg frå tak, veggar og golv. Mest ordlaus går eg frå rom til rom og let meg gripe av alt eg ser. Frå dei små detaljane til dei store kunstferdig dekorerte  salane.
Fotoapperatet vart flittigt brukt, og det er vanskeleg å velje kva eg vil ta med. Men eg har valgt nokre for å kunne gi eit inntrykk. Ved å trykke på bileta kan ein gjer dei større. Eg let vere å komentere og let bileta tale.

Det er ikkje enkelt å velje kva eg vil syne frå emiren sitt palass. Det vert berre eit lite glimt inn. Resten overlet eg til den som vel å vitje staden, og oppleve den med eigne auge. Det er vel verdt å ta ein tur dit.




Den siste emir forlet sitt palass, og inn kom dei nye herskarane, Reyes Catolicos, det katolske regentparet. Dei ville og ha sitt emblem i bygget, og det kom i dette taket.     
Vi forlet og dei vakre roma og vandrar ut i parken utanfor og går mot utgangen til Alhambra. Men emiren hadde og eit sommarpalass. Det ligg på andre sida av eit lite dalsøkk. Dit styrer mi kjære og eg våre steg.

onsdag 18. april 2012

Alhambra. Festninga

Oppe på ein årsygg over Granada ligg den gamle festninga Alhambra. Emirane i det berbisk/muslimske Nasrid-dynastiet byrja bygginga av festninga på midten 1300-talet . Rundt overgangen til 1400-talet var det muslimske Alhambra bygt ferdig.
Men det er ikkje den mauriske festninga vi ser i dag. Då den siste emir reid ut av festninga i 1492, og overlet den til dei katolske regentane Ferdinand og Isabella, byrja ei ny epoke med nybygging og restaurering etter forfall og jordskjelv, fram til det Alhambra vi ser idag, og som står på verdsarvlista.
Festningsmurane er bygde av raudaktig stein, av det kjem namnet Alhambra, som tyder den raude. Bygningane var opphaveleg kvitpussa, men dei fleste har idag same let som murane.
I dag ligg festninga der med vakre parkanlegg, og bygningar i ei blanding av ulike stilarter. Alt etter kva tidsepoke bygget vart reist, og kven som var byggherre, og kva han ynskte å bruke bygget til. Så her har både mauriske og katolske herskarar  sett sitt preg på området.

Men det som er hovedattraksjonen i Alhambra er det gamle palasset til emirane til Granada. Det ligg i bakgrunnen på dette biletet. Og er innvendig framleis sterkt prega av den mauriske bygningskunsten.
 Vi hadde bilett til klokka 12.00, og då måtte vi ver på plass, elles kunne vi berre gløyme at vi hadde bilett til å kome inn.



tirsdag 17. april 2012

Granada

For eit par år sidan kom eg med buss sørover frå Madrid. Etter slettelandet lenger nord, køyrde vi gjennom nokre forrevne fjelldalar og ut på på ei ny slette. Ein by dukka opp. Det var Granada, fekk eg høyre. Kva forbatt eg med Granada? Ei maurisk festning som var vide kjend. Alhambra. Medan bussen køyrde gjennom byen, strekte eg hals for å få eit glimt av den. Så kom bussen ut på slettelandet igjen. Hadde eg fått auge på den ? Nei, det kunne eg ikkje sei.
Så er åra gått. Eg har, saman med vandrarfelagane mine, kome nokre mil nærare Santiago de Compostela.
Men denne dagen er eg attende i Granada.
I aust lyfter snøkvite fjelltoppar seg, og under meg breier ein stor by seg utover slettelandet.
Granada. No veit eg meir om den. Det var residensby for den siste emiren, og hans vesle emirat. Rundt byen låg i fleire år troppene til det regentparet som skulle verte dei første regentane i det nye riket, Spania. Ferdinand V av Castillia og Isabella av Aragon.
No skjønar eg kvifor eg ikkje såg Alhambra. Eg såg i feil retning, Eg såg mot byen på sletta, og ikkje opp mot åsryggen over byen.
Der ligg ho , den raude festninga, Alhambra. Ei av Spania sine største atraksjonar.

I januar 1492 var den katolske gjenerobringa av Spania fullførd. Den muslimske emiren til Granada, Muhammad XII gav bynøklane over i hendene på kong Ferdinand, og forlet sitt kjære Alhambra.   
                                                                                                          
Granada sitt byvåpen speglar denne hendinga. Vi ser dei to katolske monarkane øverst på seglet, Under ser vi festningstårnet på Alhambra, med eit vaiande spansk flagg. Ved sida av ei grein med eit granateple. Granateple på spansk er la granada. Emiren fekk styre eit område i fjella sør for Granada, men reiste ikkje lenge etter til Marokko.
Kva skjedde med det muslimske Granda etter erobringa. Den store moskeen vart jamna med jorda. I staden vart det reist ein stor katedral. Og festninga Alhambra fekk mange nye bygg gjennom århundra, men emiren sitt palass ber framleis eit sterkt preg frå den tid emiren rådde grunnen i det.
Idag har vi vore av dei heldige som har fått oss bilettar til palasset og skal få vitje det.