torsdag 28. november 2013

Det bles

Eg skreiv sist at eg rekna ikkje med mykje vind her inne i fjorden, men denne gongen tok eg i miss for det vart det. Rett inn fjorden kom han, og sterk var han i vindkasta, stormen som for austover fjella. Regnet kom meir i byger, men når det kom var det høve til å verte godt våt om ein var ute. Noko mi kjære og eg fekk erfare då vi skulle i kyrkja ut på kvelden.
Eg hadde meg nokre runder ut utover kvelden for å sjå til at vinden ikkje gjorde skada, men tilslutt kraup eg under dyna og let vind vere vind, sjølv om det i vindråsene ula godt utanfor veggane.
No har vinden dreia litt meir mot nord, så sjølv om fjorden endå går kvit, er vi komne litt meir i le for den. Men nettavisene no på morgonen har mange meldingar om stengde vegar og ferger som er innstilte.

onsdag 27. november 2013

Det skifter fort

Så er snøen som kom før helga borte. Det skifter fort her på kysten. I byte har vi fått regn og vind. Storm lovar værmeldarane, men den vert nok ikkje så sterk her inne i fjorden. Eg har hatt nokre ykter med å spa unna litt singel slik at det vert parkeringsplass til ein bil. Slik den no står sperrar den for å kome fram med snøfresen, så det må eg verte ferdig med til neste snørid. Diverre har kreftene minka siste åra, så det vert ikkje så lange yktene før eg må kvile.  Men no siste ykta med spada måtte eg kaste inn handkledet av andre grunnar. Drivgardane stod tett etter bøane, og vinden byrja å flytte på leiker nede ved huset. Og no er det så grått av regn at eg knapt ser over fjorden lenger. Eg kunne heller tenkje meg ei himmel lik den på biletet. Det er ikkje så mange dagane sidan den synte seg fram slik då sola vart borte bak åsen i sør.

onsdag 20. november 2013

Morgon raud

I går morgon vakna eg til denne vinteren sin første snø. Snøelingane kom jamt utover formiddagen, men ut på dagen klårna det av. Og i dag tidleg loga austhimmelen opp og farga morgonen raud.
I tillegg fortell mi kjære meg at under vandringa langs Olavsvegen i Spania komande mai, vert eg åleine mann mellom fem kvinner. Det kan verte spanande.

lørdag 16. november 2013

Det bles og regnar

Lavtrykka står i kø inn mot kystane våre i desse dagar. I går kveld og natt for eine stormen nordover. Ikkje så mykje vind hjå oss her inne i fjorden, men regn vart det nok av. 90 mm siste døgnet, noko som gav store jord og steinras fleire stader. Jamvel hus vart truga, og mange fekk ei natt på trygge stader utanfor heimen. Været var betre i dag. Lite vind og ikkje så mykje av regnet, men elvane gjekk flaumstore. No til kvelden er vinden i ferd med å ta seg opp att. Eit nytt stormsenter er på veg inn mot kysten lenger nord, men sjølv i fjorden her sør merkar vi at noko er på gang. Det kan verte ei uroleg natt for mange.

mandag 11. november 2013

Det dagast

Eg sit med det yngste barnebarnet i hendene. Det er tidleg morgon. Over fjellranda i aust byrjar ein varsam raudfarge å syne seg. Den aukar i intensitet, så eg leitar fram kameraet. Etter ei stund når den topppunktet. Den gyllenvarme raudfargen lyser opp dei grå skyene. Men brått byrjar fargen å tone ned, og snart er den borte. Berre ein grå vinterhimmel er att. Ikkje lenge etter ser eg snøfoket står opp og ut frå dei høgste toppane. Det teiknar til å verte ein vindfull og grå dag, men mogonhelsinga den kom med var fager.

fredag 8. november 2013

Oi!

Det er ikkje så ofte posten ringer på mi dør, men her ein dag hende det. Då eg opna fekk eg ei pappøskje i handa. Frå Amazon i England, må vite. Den fjerde boka i ein serie på fem. Om kristent opphav og Gud. Eg tinga den på våren ein gong, då eg såg at den var på veg. For eit par veker sidan vart eg varsla om at den ville kome til meg den 5. nov. Og den dagen ringde posten på døra mi. Eg venta ikkje lenge med å opne pakken for å ta boka i augesyn. Då var det ikkje berre ei bok, men to. Så no har eg arbeid ei tid framover. Omlag 1500 tettskrivne sider om Paulus, hans samtid og teologi, vil kreve si tid. Når det i tillegg er på engelsk må eg nok til tider og opne ordboka. Det vert nok mindre tid til å sjekke kva kanalane på TV'en har å by på framover. Og det er kanskje berre bra.


mandag 4. november 2013

Det kveldar

Det mørknar mellom fjella. Kvelden legg seg over bygda og natta stundar til. Dagen gav sol frå blå himmel og 13 grader pluss på det meste. Men inn frå vest ruller tunge skyer. Kva har dei i famn for morgondagen?


søndag 3. november 2013

Helgemessesøndag

Det er tidleg morgon helgemessesøndag. Dagen som talar om at der er noko meir på andre sida av vår siste fiende, døden. Ute har naturen skifta let siste dagane. Lauvet er for det meste borte frå trea. Att står nakne greiner. Bygda har fått ein annan fargetone. No er haustens raud, gul, brune fargar borte. Liene har kledd seg i brun og grått. Berre bøane lyser enno opp med sin grøne let.
Øvst oppe under dei grå skyene har fjelltoppane kledd på seg ei kvit drakt. Eit varsel om at vinteren nærmar seg. Det er på tide å sette bort det som høyrde sumaren til, og sjå til at snøfresen er klar for det første snøfallet.
Men helgemesse talar om ein ny vår. Når vintertida er over, vil det igjen grønkast i liene. Nytt liv vil spire fram.  Det veit vi av erfaring. Kva som hender når vi forlet dette livet, veit vi heller lite om. Ingen har vendt attende for å fortelje. Men Guds Ord talar om at også der ventar ein ny vår etter "vår vinter."