fredag 8. mai 2009

Le Pech 15.september

Vi forlet det store, høglofta, huset, Gité Les Gloriettes og vår vertinne Marie le Belgique i vakker morgonsol.
Hels herr Aakerman når de treffer han, var hennar siste ord.
Det ynskje var det kanskje ikkje like enkelt å utføre. Det er langt frå Sunnmøre til Vestfold.

Også denne dagen fine vandrarvegar, vekslande mellom skog og opnare strekningar.
Det er siestatid når vi kjem til Varaire, men for å kome dit må vi bryte av frå den merka pilegrimsvegen.
Vi bestemmer oss for å gå inn i byen i von om ein open kafe.
Etter ein km er vi der.
Kyrkja er stengd, men på den lokale kafeen får vi kome inn og kjøpe oss kaffe.


Då vi skal gå vidare er det ei eldre kvinne som fortel at vi skal ikkje gå attende til krysset der vi tok av men gå ein annan veg vidare.
Det viser seg at det var ein variant ho leidde oss inn på, og det er ein gamal romersk veg, Cami Gasco, heiter den. Eit vakkert og fredeleg stykke veg mellom store, skuggefulle tre.


Det flagra med sommarfuglar rundt oss. Ein av dei fann at Torbjørg sin ryggsekk var ein høveleg kvilestad.


Og ved ei trestamme stod ein liten tettbygd mann.
Var det ein Jakob, tru?

Det er sein ettermiddag når vi klatrar opp bakkane til åskanten der hospitset i Le Pech ligg.
Etter ein lang dag og varm dag ser vi fram til ein dusj og eit måltid med noko anna enn brød, ost og vatn.
Frå Limogne-en-Quercy til Le Pech er det 27km, og og vi er 200.m.o.h.

Hospitset er fullt får vi høyre. Men heldigvis, vi har tinga rom, og på døra heng eit papirark med påskrifta; 3 franske og 4 norske (norvègienne; norske kvinner).

Dei tre unge franske kvinnene ser litt overraska ut då det med eit står 2 eldre menn i romet. Dei skal gå 36 km neste dag, så dei vil gå tidleg til ro og stå opp alt kl 6neste morgon.

Om litt kan vi benke oss rundt langbordet, vi norske og 9 franske, og verten kjem med første rett. Det vert 4 til før måltidet er over.
Det er ikkje så lett å kommunisere når ein ikkje snakkar same språk. Men når eg byrjar på ei sms-melding heim til ei av døtrene mine om måltidet og kva rettar vi får, då er kontakta der, og mange deltek i samtalen om kva vi et og korleis det skal skrivast.
Det vert rett triveleg ved bordet, medan and og suppe og dessert m.m. vert fordelt og fortært.

Desverre stokkar det seg litt for meg. Først slettar eg meldinga med eit feiltrykk, så går det ei underleg melding heim til Ørsta, men ved tredje forsøk lukkast det.
Plutseleg ringer telefonen. Det er ei bekymra datter som undrast på om alt er vel. Ja, heilt flott, forsikrar eg. Då kjem det: "Du far, eg måtte berre kor du høyrdest ut når du var brisen". Og eg som nesten ikkje hadde smakt på vinen.

Seinare på kvelden går eg ein tur bortover åsen i eit nydeleg måneskin. Frå husa lyser det varmt ut i kvelden og eit par hundar stormgøyr mot framandkaren ute på vegen . Då tikkar det inn ei melding heimanfrå om ein stille kveld med fullmåne over Melshornet og spegelblank fjord.

Men om måltidet var perfekt, så var ikkje senga det. Det vert ei lang natt. Madrassen er i tynnaste laget. Eg kjenner kvar fjøl i sengebotnen, og i tillegg knirkar ho slik at eg mest ikkje torer røre meg.

Kl.6 ringer ein mobil, og dei tre franske tørnar ut av seng og rom, og snart høyrer eg at det går i utdøra. Ute er bekmørkt enno, og kaldt.
Når vi startar litt seinare er sola oppe, men markene som ligg i skugge er kvitrima. Eg prøver meg med T-skjorte og shorts i sola, men må snart kapitulere og finne fram meir kle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar