lørdag 20. august 2016

Leveld kyrkje

Sist søndag var eg tilstades i Leveld kyrkje i Ål i Hallingdal. Eg har køyrt forbi den vesle kvite kyrkja nokre gongen, men no fekk eg høve til å sjå inn og. Det var ei folkemusikkgudsteneste vi deltok i. I Ål har dei laga sine eigne melodiar til dei liturgiske delane av gudstenesta, og eg tykte dei fungerte svært godt, om litt uvande for meg som høyrde dei for første gong.  Og i staden for orgel til songen, var der eit ektepar som nytta trekkspel både til liturgien, salmane og folketoneinnslag. Elles fanga glasmedaljongane på dei fire vindauga meg. Det er første gong eg har sett ei slik framføring av Jesus sitt liv.





mandag 8. august 2016

Kaupanger

Så har vi gjort ei mellomlandig i Sogn på vår veg til Hallingdalsfjella. Vi er oppe i Kaupangerbakkane ein grå morgon og med meldt mykje regn utover dagen. Her oppe i lia har vi fin utsikt over Kaupangerbukta, og bortanfor Amlaholten ser vi ein glimt av Sognefjorden. Men Kaupanger med hovedhusa på godset og den gamle kyrkja frå 1200-talet er ikkje å sjå frå her eg er. I mellomalderen låg der ein kaupang, ein kjøpstad, der ned på flata ved bukta, men ein dag i borgarkrigsåra segla kong Sverre med sine birkebeinarar inn bukta, og då dei reiste igjen hadde av kaupangfolket mist livet og kaupangen var berre rykande ruinar. Seinare kom danske adelsmenn inn og skapte seg eit stort gods her med vide skogar høyrande til. Og litt lenger oppe i lia over hovedhusa på godset ligg den gamle stavkyrkja som framleis samlar soknet til gudstenester. Og i morgon køyrer vi vidare mot Hallingdal, eg må berre først få tetta eit bilhjul som ikkje held på lufta.

fredag 5. august 2016

Sommararbeid

Harald Sætre sitt bilde.Det er på det meste same bilhuset, men det er ikkje berre fargen som er ny. Det er berre sperrene og portane som er frå den gamle, resten er nytt. No er det litt listing som står att før ein kan seie seg ferdig med eit arbeid som vart meir omfattande enn eg i utgangspunktet såg føre meg. Og no er ryggplaga eg drog på meg i starten midt i juni, og i ferd med å bli bra. Grunna den vart eg i lang tid berre sitjande å sjå på at sonen gjorde arbeidet. Men idag kan eg vel vere nøgd, både med arbeidet og med å ha nådd endå ein milepæl i livet. Det er litt rart at alderen ser ein og kjenner berre i og på kroppen, resten er berre ungdomen endå.