søndag 22. juli 2012

Eit år er gått.

22.juli. Det er alt eit år sidan landet vårt vart råka av det uventa og vonde. For mange eit langt og vondt år. Ein av våre eigne landsmenn valde å ta liv, mange liv, for ei sak som han såg på som viktig. I dette året har vi og opplevd ei lang rettsak der eit av dei store spørsmåla har vore om mordaren kunne vere psykisk tilrekneleg for det han hadde gjort. Eller om han hadde vore psykisk sjuk. I dag var eg tilstades i ei minnegudsteneste på årsdagen. I talen var soknepresten inn om vala som mordaren hadde gjort. For han hadde eit val. Og han valde det vonde, ikkje det gode. Det vonde og den vonde åndsmakta er ein realitet mellom oss. Vi er blinde om vi nektar det. Der er nok dei mellom oss som på grunn av psykisk sjukdom utfører vonde gjerninger, men dei fleste av oss er gitt høvet til å velje mellom det gode og det vonde. Og vi kan ikkje laste andre kjelder enn oss sjølve om vi vel det vonde. Det meiner eg også om voldsmannen frå Utøya og Oslo. Han står åleine ansvarleg for sitt val. Dei jødiske vismennene seier at alle menneske har to kjelder i seg. Ei kjelde til det gode, og ei kjelde til det vonde. Så må kvar enkelt av oss velje kva kjelde vi vil ause av i våre liv, og kva for ei kjelde vi vil la vere å nytte. Preiketeksta i gudstenesta i dag var 1. Kor 13, der siste verset er; "Så vert dei verande desse tre; Tru, von og kjærleik, og størst er kjærleiken." Så er det opp til oss å velje kjærleiken. Men det er kanskje ikkje like enkelt å gå vidare frå orda og til gjerningane?

tirsdag 17. juli 2012

300!

Det er enno så få pilegrimar som går pilegrimsvegen til Trondheim har eg lest. Trass i millioninvesteringer frå staten si side. Men det kan ikkje verte resultatet når dette året skal oppsummerast. For i kveld såg eg på Kveldsnytt at 300 spanske pilegrimar byrja på vegen mot Nidaros. 300! Rett nok skal dei gå berre 180 km og vere framme til olsok, men likevel. Snakk om å gå i stim. Under full musikk og med vaiande flagg. Det vil nok høyrest når den skaren nærmar seg.
Det minte meg om ein morgon i Frankrike. Vi kom vandrande i morgonstilla frå nattlosjiet, då det høyrdest høgrøysta prat som overdøyvde duekurringa i skogen. Og inn frå ein sideveg kom ei vandrande rei med franske av begge kjønn. Og mellom dei gjekk praten høgt, og med store fakter. Vi kom til halde fylgje utover formiddagen. Stundom var vi først, til andre tider var det dei som førde ann. Men heile tida høyrde vi omen av dei.
Om det var dei eller vi som tilslutt fekk eit forsprang hugsar eg ikkje, men vi oppdaga med eit at i skogen rundt oss var det igjen fuglar som song.

ps. Eg må nok rette opp ein feil. Det var ikkje meir enn 200 spanske pilegrimar som som starta å gå frå Jevnaker, på veg mot Trondheim. Men det er likevel ein stor flokk med pilegrimar.

søndag 15. juli 2012

Til lærdom

Nokre ord fylgde meg heim etter gudstenesta i dag. "Gjer meg korkje fattig eller rik, men lat meg få den maten eg treng! Elles kunne eg verte så mett at eg fornekta deg og spurde: "Kven er Herren?" eller verte så fattig at eg stal og krenket namnet til min Gud." Slik sa Agur, son til Jake. Steingamle ord, men dei er ikkje utan aktualitet i vår tid heller. Heller ikkje for meg.

lørdag 14. juli 2012

Gud veit

Herre, du ransakar meg og veit-
du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.
Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.

Orda ovanfor er tilskrevne kong David, og er såleis eldegamle. Men eg kjenner det ikkje slik.
Dei kjennest gjeldande for meg og, i år 2012.
Og korleis opplever eg dei?
Skremande?
Kontrolerande?
Det er kanskje ikkje så reint få som opplever dei slik. Dei ynskjer ikkje ein Gud som veit alt om dei.
Eg opplever det frigjerande at Gud veit alt om meg, kjenner meg fullt ut. Eg kjenner at det set meg fri.
Det trur eg og at kong David opplevde, når han held fram:

Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.
Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatte det.

Det er ikje eit trugmål, men ein rikdom, ei velsining og ein  nåde i å vere omgitt av Gud på alle kantar gjennom livet.
God helg.

torsdag 12. juli 2012

Regndråpar

Etter fine sommardagar, også med sol og varme, vakna eg i dag til ein grå regndag. Så dette vert ein innedag, ein fridag frå murprosjektet mitt. Eit prosjekt som har teke mykje tid desse siste vekene, og som enno ikkje er avslutta.
Dette biletet er frå ein annan regndag, men den dagen braut sola fram og laga ein refleks av lys i vatnet der store regndråpar skapte ringar i ei still vassflate.
Ein liten notis i den svenske avisa Dagen har svirra i tankane mine siste døgnet. Ein svensk teolog har skapt reakjonar, særleg i USA, med ei teologisk avhandling. I avhandlinga undersøkte han kva som står i evangelia om krossfestinga av Jesus, kontra det biletet vi har av hendinga. Samsvarar dei? Han fann at det gjer dei ikkje. Sjølve Jesus-hendinga, teologien, samsvarar, men om staffasjen er evangelia lite konkrete. Men der er våre bilete heilt konkrete og utfyllande, skapte gjennom kyrkjekunst og sidefortellingar. Til dømes kva står om krossen, i høve til det biletet vi har av den?
 Dette har det vorte rabalder om. Så langt at han har fått dødstruslar for si avhandling.
Eg las om ein som hadde konvertert til islam fordi der fekk han dei enkle og klare svara  han trong. Der var Gud sine krav og påbod så eintydige.
Må vi alltid ha dei enkle og klare svara på våre spørsmål? Og om vi ikkje får dei, ramlar grunnen under vår tru bort då?
Eg skulle tru at spørsmålet om korleis krossen såg ut, ikkje skulle vere så veldig viktigt som grunnlag for trua. At det heller var sjølve Jesushendinga som var det.
Er det den enkelte vesle vassdråpen og ringen den lagar som vert det eine saliggjerande, er eg redd det fort endar i noko som ikkje er positivt.
Då trur eg det er viktigare å få Guds overlys over liv og tru. Slik at ein kan makte å sjå den store samanhangen.