mandag 29. april 2024

Nesland stavkyrkje

Det er ikkje alt eg tykkjer like godt om på facebook, men likevel har eg nokre faste sider som eg fylgjer med på, og no er eg komen inn på noko som kallast norske stavkyrkjer. Og der finn eg mange ting som er nye for meg. Ikkje berre om dei kyrkjene som enno stend i bygdene, men og om dei det ikkje er råd å vitje lenger.
Ved byrjinga av 1800,- stod framleis 95 stavkyrkjer.
Vedtaket som vart gjort rundt 1850-talet om kyrkjene skulle ha plass til 1/3 av kyrkjelyden gjorde nok at mange av dei gamle kyrkje var revne og erstatta med nye, og då med den tid sine moderne kyrkjer. Frå 1850 til 1885 vart 32 kyrkjer borte.

Ei av dei som fekk den skjebnen var ei lita kyrkje i Telemark, truleg frå 11-talet. Ho var berre 8-9 meter lang. Det var Nesland kyrkje i Vinje. M. B. Landstad prøve å berge henne frå riving, men lukkast ikkje.
Men han etterlet seg eit minne i verseform om denne gamle og vesle kyrkja i Kvenne-Karis vise.

Å der er vent ved Neslands kyrkja 
Når klokkune gjeve dur.
Der gjekk eg og las for gamle presten, 
og der heve eg stade brur.
Gud hjelpe den som er gamal.

Å der er vent ved Neslands kyrkja
når folket kallar på Gud.
Der heve eg fenge lagt i frå meg
mi såraste hjartesut
Gud hjelpe den som er gamal.

Der ligg han Olaf  jamsides,
og der hadd'eg tenkt me te, 
der skal dei ho Kari leggje, 
der vil ho jordast ned.
Gud hjelpe den som er gamal.

Eg totte det var trega lege
riva det skruvet ned,
men der vekse no sure applar
allstødt på gamle tre.
Gud hjelpe den som er gamal.







søndag 28. april 2024

Symre

Ho står den kvite symra, 
den fyrste blom i år, 
der like inn på snøen 
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede 
så fager som ei brud. 
Sjå henne vel i auga, 
då har du skoda Gud.

Eit bod frå himmerike, 
ein fatig liten svein. 
Som helsar frå Gud Fader. 
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta, 
og all min vesaldom, 
kled sjela i din nåde. 
Så kvit som denne blom. 

Ander Hovden.

lørdag 27. april 2024

Dei gamle fjell

Vårsola varmar her eg sit ved leveggen som stenger ute trekken frå vest. 
Framfor meg har eg utsynet til fjord og fjell på andre sida av fjorden.
Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå. Med same gamle bryningom, og same topp ompå, song Åsa-Ivar. 
Ja, denne fjellrada har vore mitt faste fylgje frå eg var ein liten gut. Eg har sett den skifte let, alt etter årstida. Frå snøkvite vinterfjell, til våren og sommaren si grøne drakt. Før hausten fargar dei med sine gulbrune blad. Og så varslar vinter si kome igjen med kvitt snødryss over toppane.
I bygdom byggjer sveinane, og husa stend der laust. held Ivar fram.
Ja grendene under fjella har endra seg mykje i mi levetid. I min barndom var det gardstuna og nokre einstaka hus langs bygdevegen eg såg, elles var det gardane sine bøar ned mot fjorden som fortalde at her  var det mange småbruk som gav arbeid og leveveg til mange familier.
I dag ser det annleis ut. Småbruka har vorte ferre. Bøane har mange stadar vorte nedbygde av store husklynger, og småbrukaren har skifta jobb til fabrikk eller handelsnæring.
Men heldt Åsa-Ivar fram : men dei gamle merkesteinane, dei standa like traust.






tirsdag 16. april 2024

Tidleg vår

Heimbygda ligg i solbad denne dagen, midt i april, og eg har funne meg ein funne meg ein lun plass i solveggen.
Vi er berre midt i april enno, men våren er alt langt komen dette året. Snøklokken er alt borte, krokusen line eins, no er det gule påskelijer som lyser opp i det spirande graset.
Framfor meg, her eg sit, har eg utsyn mot fjella som i aust omkransar heimbygda sin fjord og dalar, og midt i augesynet ruvar ei gamal og stor bjørk. Dei var to då eg sette bu her, men eine fall for nokre år sidan, då ein granne ville ha friare utsyn, og tok seg til rette på grannen si tomt. Det vart ikkje vondord av den mistydinga over tomtegrenser. Den eine fekk friare utsyn, den andre fekk mykje god bjørkaved. Og eg har glede over ei gamal bjørk som strekkjer sitt sprinkelverk av tynne greiner opp mot den blå himmelen. 
Og oppe på dei øvste tune greinene brukar eit par kråker å vagle seg, og underhalde grannelaget med sine ikkje altfor vakre rop.

Enno er ikkje dei snøkvite fjella gøymde bak ei mengd med små bjørkalauv, men det ikkje lenge før. Andre yngre bjørker har alt byrja å få grønskjeret. Og tett ved sida mi står ein raudhylle full av blomar. Til glede for småfuglane når blomane har vorte til raude bær om ein månad eller to.


.