onsdag 6. mai 2009

Opp til Golinhac 31.august 2007

Frå Estaing til Golinhac er 15,5km, og det stig frå 320m ved Lot til 650m oppe på åsen ved Golinhac.

Det er ein strålande fin morgon.
Adelgunde vil ta drosje til Golinhac på grunn av sin vonde ankel.
Leif slit framleis med gnagsår, så han og Torbjørg slår fylgje med henne.
Bodil vil gå saman med meg.
Eg var oppe noko etter kl.6 og tok meg ein tur i morgonstille Estaing.

Vi oppdaga at vi hadde rekna feil på dagane slik at vi låg ein dag føre skjemaet.
Vi måtte ha gløymt ein dag, antan i august eller september.
Men først frokost på pannekakerestauranten.

Om vandringa er det ikkje så mykje å fortelje: Vi vandrar nokre kilometer langs Lot, før vi byrjar stigninga oppover til toppen av lia. Vandrar gjennom ope jordbruksland og parti med skog.


Landkapet opnar seg når vi oppe på åsen, og vi får vidt utsyn.


Langt borte i horisonten ser vi konturen av borgruinen på toppen av fjellet ved Espalion.

Det er ein varm dag. Bodil slit med pusten og vonde kne i bakkane, og eg vil fram. Til slutt brest det, og eg får meg ei skikkeleg skrape.
Det verste er; eg trur det var på sin plass.


Så er vi framme i Golinhac, og finn dei andre i ei hytte på campingplassen.
Golinhac er ein liten landby rundt ei kyrkje ved torget, og den ligg på åskanten over dalen, med vidt utsyn.



Etter at vi har fått instalert oss, dusja og roa oss litt, er det tid for å sjå litt på landsbyen.
Og å vitje kyrkja.


Her hadde Jakoben fått ein annan plass og form enn vi hadde sett under vandringa før.
Her var han i treskurd på inngangsdøra til kyrkja.

På torget ved kyrkja markerar Golinhac sin lange tradisjon som pilegrimsby på Jakobsvegen.


Ved ein gamal, velhalden kross



og ved eit nyare minnesmerke, frå år 2000.


Attende i hytta for å nyte ettermiddagssola og freden, var det ein liten katt som fann seg eit fang, og ei hand som ville stryke litt.


Kl.19.00 var pilegrimane samla i restauranten ved torget til middag. Ved vårt bord var vi franske, tyske og norske i lett blanding, og praten gjekk på alle tre språka med nødvendig tolking til.


Då vi gjekk attende til hytta, var det mørkt vorte, og kyrkja teikna seg mot den lysare himmelen





Golinhac

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar