tirsdag 8. oktober 2013

Å oppdage ei symbolverd

Frå langt attende i min ungdom har eg sett dei, symbola, men igrunnen utan å legge dei noko særleg på minnet. Så fekk eg meg eit yrke som førde meg i nærkontakt med kyrkjeromet, og eg byrja å legge meir merke til dei.  Men det var først under dei to siste dagane på vår første vandring etter Jakobsvegen, at dei steig retteleg fram. Og den utløysande faktoren var tympanumet i Conques. Den seine kvelden eg stod på plassen utanfor kyrkja og høyrde presten legge ut om bileta over kyrkjedøra. Endå eg ikkje skjøna eit ord av hans franske mål. Men det kveikte noko hjå meg. Ei nyfikne på kyrkjekunst og kristne symbol, og den har vakse seg alt sterkare for kvart år sidan. Kanskje er det pilgrimen i meg som stikk hovudet fram?

Vi fekk husrom hjå eit eldre ektepar nede i fransk baskarland, og fekk eit triveleg opphald der. Heimen deira låg oppe i ein åskant eit stykke frå landsbyen. Vi rusla ein tur inn dit i kveldinga for å sjå oss rundt, og vitje kyrkja. Men der var det stengde dører. "Det er ikkje noko problem", sa verten, "Nøkkelen ligg ved portstolpen. Det er berre å ta den og låse seg inn." Og det gjorde eg.
Kyrkja mangla litt på vedlikehaldet. På golvet låg der bitar av murpuss som hadde falle ned frå taket. Dei har vel ikkje så alt for mykje til vedlikehald, små kyrkjelydar på landsbygda i Frankrike heller? Men utanom det, så var det mangt der inne som fanga meg. I koret mellom anna to vakre og fargerike glasmåleri. Det eine fylgjer orda mine her.
Vi ser kvite duer over ein font. Er det ein døypefont? Og på toppen fleire logar som lyfter seg. Begge deler er symbol for Guds Ande. Men mellom duene og logane er eit symbol eg fann att mange stader på vegen mot Santiago. Eit ChiRho teikn, eit symbol forma av dei første bokstavane i det greske ordet for Kristus. Men der er to greske bokstavar til. Ein A og O, den første og siste bokstaven. Starten og slutten. Vert då alt omslutta av dei, alt so er mellom dei to, slik ringen rundt dei viser? Kva er i såfall att utanfor?
Og ein formasteleg tanke. Kva skil i så fall vandraren ifrå pilegrimen?
Er det rett det Maxim Gorki eingong skreiv: " Alle er vi pilegrimar på denne jorda. Eg har jamvel høyrt sagt at i himmelen er sjølv jorda ein pilegrim."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar