Den vart kortvarig denne vinterrida vi fekk. I dag er snøen borte og markene er atter grøne. Og ute er det vårleg temeratur med 11 grader pluss.
Opphaveleg var det ein innhaustingsfest for byggkornet, påska. Men då Moses tok folket med seg ut frå trelekåra i Egypt, fekk påska eit nytt innhald. Påske tyder å gå fobi, og det var Herrens engel som gjekk gjennom landet for å ta livet til alle førstefødde,men hjå hebrearane i Gosen var det smurt blod på dørskeidene, og dei dørene gjekk han forbi. Etter denne hendinga har påska namnet sitt. Den natta baka dei i all hast usyra brød, og gjorde seg klare til å dra når dagen rann. Og nokre dagar seinare stod på bredden av vatnet som stengde vegen vidare fram, og bak dei kom farao med si hær. Då opna Gud vatnet for dei, og dei gjekk over på turre botnen. Frelste frå døden som kom bak.
Med Jesus sitt liv og død - oppstode - fekk påskehøgtida eit nytt og utvida innhald.Opphaveleg var det ein innhaustingsfest for byggkornet, påska. Men då Moses tok folket med seg ut frå trelekåra i Egypt, fekk påska eit nytt innhald. Påske tyder å gå fobi, og det var Herrens engel som gjekk gjennom landet for å ta livet til alle førstefødde,men hjå hebrearane i Gosen var det smurt blod på dørskeidene, og dei dørene gjekk han forbi. Etter denne hendinga har påska namnet sitt. Den natta baka dei i all hast usyra brød, og gjorde seg klare til å dra når dagen rann. Og nokre dagar seinare stod på bredden av vatnet som stengde vegen vidare fram, og bak dei kom farao med si hær. Då opna Gud vatnet for dei, og dei gjekk over på turre botnen. Frelste frå døden som kom bak.
Blodet på dørskeidene, det usyrde brødet, og ferda på botnen frå døden til livet fekk i den påska eit nytt innhald. Og no er vi i adventstida. Ei ventetid mot noko som enno ikkje er her.
I Bibelen kan eg lese mange fortellingar om kva som skal hende, ein gong i tida der framme. Eg trur at Gud som er historia sin Herre, gjennom desse fortellinga fortel oss kva som ventar ein gong i ukjend framtid. Kanskje er påska si soge ikkje ferdig skriven. Kanskje ventar det endå ei påske med "blod på dørskeidene, usyra brød, hausting av bygg og ferd frå død til liv", då påska sitt neste kapittel vert skrive. Men kva, korleis og til kva tid er det så mange tolkingar av at eg vil ikkje våge meg ut på med mi eiga. Den er uansett like feil som alle andre si. Men den dagen då han kjem attende til jord veit vi det, og då skal alle få sjå at det hender.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar