onsdag 27. november 2013

Det skifter fort

Så er snøen som kom før helga borte. Det skifter fort her på kysten. I byte har vi fått regn og vind. Storm lovar værmeldarane, men den vert nok ikkje så sterk her inne i fjorden. Eg har hatt nokre ykter med å spa unna litt singel slik at det vert parkeringsplass til ein bil. Slik den no står sperrar den for å kome fram med snøfresen, så det må eg verte ferdig med til neste snørid. Diverre har kreftene minka siste åra, så det vert ikkje så lange yktene før eg må kvile.  Men no siste ykta med spada måtte eg kaste inn handkledet av andre grunnar. Drivgardane stod tett etter bøane, og vinden byrja å flytte på leiker nede ved huset. Og no er det så grått av regn at eg knapt ser over fjorden lenger. Eg kunne heller tenkje meg ei himmel lik den på biletet. Det er ikkje så mange dagane sidan den synte seg fram slik då sola vart borte bak åsen i sør.

2 kommentarer:

  1. Hm.. Drivgardane, kva tyder det?

    SvarSlett
  2. Eg måtte sjå kva ordboka sa, og såg at ho nyttar e istaden for i. M.a.o. drevgardar. Tyding; drev (fok) av nedbør( snø) i sterk vind. Sjølv har eg alltid sagt det med i, og brukt det både om snø og regn. Noko som etter ordboka er feil. Kva Ivar Aasen brukte i si ordbok har eg ikkje undersøkt.

    SvarSlett