For mange år sidan mottok eg nokre brev frå ein organisasjon i Italia. Dei ynskte pengegåver til eit stort pilegrimssenter dei var i fred med å reise i ein by heilt sør i Italia. Over ein Padre Pio. Han var fødd i 1887, og døydde i 1968. I 2002 vart han erklært heilag av pave Johannes Paul II. År seinare på ein tur i Italia, såg eg fleire vogntog som hadde bilete av Padre Pio måla på utsida av førarhuset. I dag er pilegrimssenteret reist og tusenvis valfartar dit årleg. Eit av dei mange "nye" pilegrimsmåla som har dukka opp dei siste par hundreåra. Ein slik pilegrim kan eg nok ikkje kalle meg. Å valfarte til heilage mål i den "katolske" meininga gir ingen respons hjå meg. Då er eg berre ein nyfiken turist, eller vandrar. For meg er det heilage å vandring mot den Heilage. Og den slags pilegrim kan eg like godt vere heime i mitt eige landskap. Eg treng ikkje reise nokon stad for å vere det. Men likevel så gav eg meg ut på å vandre vegar mot heilage mål. Når eg no, etterpå, ser attende. Fann eg far etter pilegrimen i meg under vandringa mi? Kva slags far var det i så fall?
onsdag 25. september 2013
Undervegs

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar