lørdag 7. september 2013

GR 65

Var eg budd på den lange vandringa? Både ja og nei. Eg trur nok eg helst var ein vandrande turist første året vi gjekk, og lite pilegrim.
Vi kom med fly til Paris, og så hurtigtug sørover til Lyon. Toget gjekk ikkje med same farta opp til St. Etienne. Der bytte vi til eit saktegåande lokaltog vidare inn i fjella til Le Puy en Velay. Pilegrim? Ja, vegen vi skulle gå var den gamle pilegrimsvegen som ein biskop Godescals av Le Puy  gjekk i 950. Eg trur nok at det var lite gåing med han og fylgjet hans. Truleg gjekk ferda på hesteryggen eller med vogn, og dei overnatta nok godt i dei mange klostera undervegs. Men han er rekna for å vere den som opna denne pilegrimsvegen til Jakob si grav på stjernemarka, vest i Galisia. Men vi skulle gå tjue mil det året, og med altfor tunge sekkar på ryggen. Det er ikkje gjort over natta å kome inn i pilegrimslivet. Alt må lærast, så første året av mi vandring var eg nok turist,. Andre året byrja nok pilegrimen å stikke hovudet fram.
Den har mange namn denne vandringsvegen. Dei tyske kallar han Der Jakobweg. På fransk er det Chemin de St-Jacques, dei engelske The Way of St.James, og på spansk Camino de Santiago. Men sidan der er fleire utgangspunkt for vegar til Santiago i Frankrike, har han og namnet etter startbyen, Le Puy Route. Latin var nok det språket som biskopen nytta, og då heitte han Via Podiensis.
Men i vår tid er vegen ein del av eit større nettverk av langvandrarvegar i Europa, noko som på fransk lyder Grande Randonnée, og dei har kvar sitt nummer. Vår veg byrjar i Geneve i Sveits , og ber nummeret GR 65. Og i Le Puy en Velay koblar GR65 seg saman med Via Podiensis. Den var godt merka med eit raudt og kvitt merke som synte oss både kvar vi skulle gå rett fram, svinge, eller kvar vi ikkje skulle gå. Og for ein nybyrjar på pilegrimsvegen gjorde merka det til ei god oppleving å vandre i eit vakker landskap. Kanskje det vakraste av alle dei ulike landskapa på vegen til Santiago.
Dei var gode å ha desse merka i eit framandt landskap. Det hende eg miste dei av syne. Då måtte eg gå attende til eg fann dei att, og slik på kome på rett veg igjen. Om vegen var gamal, så var det godt å finne merka som synte leia vidare mot målet. Kanskje vi kunne trenge å sjå etter merka som viser kvar den gamle vegen går i mange tidsaktuelle spørsmål og, ikkje berre når det gjeld vegen til Santiago. Eg har ei kjensle av at i vår tid er det mange som ikkje er så interesserte i slike vegmerke. Dei vil helst gå på den vegen som er inn i tida. Vegen der folkestraumen går. Den flate og breie. Ikkje den smale, svingete og bratte. Men kanskje vi burde lytte til den gamle profeten Jeremia når han seier: Spør etter dei gamle stiane, etter vegen til det gode. Ferdast på den, så skal de finna kvile.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar