lørdag 5. oktober 2013

Vegen ved krossen

Vi hadde fått ei seng og mat  i den vesle landsbyen oppe i fjellet. Vegboka mi fortalde at landsbyen ei tid hadde vore folktom, at husa forfall og ramla saman. Men no hadde grenda så smått byrja å vakne til liv att. Den hadde opplevd ei oppstode frå ruin og død.
Det var tidleg morgon då vi kom ut i landsbygata, klar for å vandre vidare opp mot toppen på fjellet. Då ser eg, litt attende i landsbygata, krossen teikne seg mot den lysare austhimmelen som raudna av lyset frå den stigande sola, endå var under himmelranda.
Ein pilegrimsveg, ein kross, ein landsby som opplevde ei oppstode, og ein komande ny dag. Der i den mørke landsbygata,  steig dei fram for meg som symbol metta med innhald.
Krossen, det mest kjende av alle kristne symbol. Krossen som fortel om han som fullenda all rettferd, med å gi sitt eige liv som ei soning for all vår urettferd. Til det er eg komen, sa han, det er mi oppgåve.
Landsbyen der dei fleste av husa framleis låg i ruinar, men som så smått hadde byrja å reise seg til eit nytt liv. Og den raudfarga lysstripa i aust som fortalde om at snart byrja ein ny dag for oss.
Den tredje dagen , i solrenninga, vart grava hans tom. Berre likkleda låg att. Oppstoda hans er grunnsteinen i vår kristne tru. Den lovar ein ny start. Etter død og ruin.
Og vegen vi hadde kome vandrande, og som vi snart skulle gå vidare på. Jakobsvegen. Pilegrimsvegen. Eg er vegen, sa han. Gå meg. Gå med meg.
Eg vender meg om og går oppover den mørke gata. Eit stykke lenger oppe når eg att mine medvandrar, og saman går vi opp mot fjellet medan det lysnar av dag rundt oss.

Vandrar eller pilegrim? Vandrar, ja. Framfor ligg mange mil fram til Santiago. Men pilegrim? Jau, også pilegrim. Kvifor? Fordi når vandraren i meg også tek med seg på vegen, Han som sa; Eg er vegen. då skaper Han vandrarvegen om til ein pilegrimsveg. Og vandraren i meg, slik eg tenkjer,  vert omskapt til ein pilegrim som vandrar saman med Han på den lange livsvegen, men og på den kortare vegen til eit heilagt jordisk mål.

Sakte steig vegen oppover mot fjellet der skodda omkransa vegen, skogen og den store røysa under jarnkrossen på Cruz de Ferro. Og medan sola sine strålar braut gjennom skodda, vart tankane mine bytt bort i handling. Ta bilete av oss, høyrde eg frå mine medvandrar oppe ved krossen på den store røysa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar