mandag 1. oktober 2012

Det er langt til Molinaseca

Då pilegrimane forlet landsbyen, gjekk dei forbi eit sykkel på ein stein. Eit minnesmerke over ein tysk sykkelpilegrim som ikkje kom fram til Santiago. Hans dagar på jord hadde nådd sin ende her.
Vandraren såg at sykkelen mangla ein bit av felgen på bakhjulet. Slik kan det gå, tenkte han, våre tekniske vidunder er ikkje fullkomne og kan føre til uforutsette og tragiske hendingar.


 Det var asfaltveg første stykket vidare, og lett å gå for sandalvandrarar, men vandrarar var ikkje komen langt ned i bakken før venstre hoft sa ifrå at ho hadde det ikkje heilt godt. Vel, ikkje mykje å gjere med det anna enn å vona at det ville ordne seg. Men au, ikkje lenge etter melde venstre kne seg. Dette teikna ikkje bra. Enno var det 9 km og 500 bratte meter ned til Molinaseca og kvila. Han prøvde å belaste foten minst mogeleg. Det gjekk nokonlunde på plan asfalt. Det var verre når han kom inn på ujamne terrengstiar. 3 km lenge nede ligg ein liten landsby. Vandrarane nytta høvet til å få seg ein kaffikopp. Skal ikkje du ta ein drosje ned, vart han spurd. Men han er ein sta vandrar. Han skulle gå. Rett etter landsbyen står nokre store kastanjetre. Smil no, sa dei til han då dei stod  ved treet for å verte fotograferte. Som om ikkje han var ved godt mot.
Så byrja prøvinga. Han undra seg på om det øydelagde sykkelhjulet oppe i bakken hadde vore eit varsel, medan han granska siste timane for å finne grunnen til kvifor foten slo seg vrang.
Vandrarfarta vart lavare og lavare til lenger ned i bakkane han kom. Det gjekk nokonlunde når stien var flat, men i bratte og ujamne bakkar gjekk det heller smått framover. Gå de, sa han til dei andre, eg kjem eg og, om det går smått. Men dei ville ikkje forlate han. Ville vel ha kontrollen med han.
  
Endeleg var han komen så langt att han såg dagen sitt endemål, Molinaseca,  framfor seg nede i dalen, men enno var det eit stykke med nedoverbakkar att. Då han nærma seg bilvegen att, fekk han klar beskjed. No går vi ned til vegen, Det kjem ei drosje og hentar deg. Det var den snarføtte medvandraren som hadde gått føre, og som no var på veg attende med bil.
Ein pilegrim oppe på stien hauka at dei hadde forlete stien, der han varsamt gjekk sidelengs ned til vegen. Med det same dei kom ned , dukka drosjen opp. Så vart han stabla inn i setet, og dei sette kursen attende til byen og hospitset dei skulle overnatte på.
Etter eit par kilometer stod dei utanfor døra. Vertinna spurde bekymra om ho ikkje skulle bodsende doktor. Men det får vere ein måte med alt, drosje ok, men doktor. nei. Vel inne på romet, vaska hans kjære vegstøvet av føtene hans, og så fekk han legge seg langflat på senga.
Hans kvinnlege medvandrar forsvann ut for å sjå byen, og overlet vandraren til sine eigne tankar. Granskande tankar om kvar grunnen til den vonde foten var å finne, og undring på om det no var slutt på vandringa for hans del. Var det med buss og drosje han ville kome fram til Santiago de Compostela, og ikkje som gåande pilegrim?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar