lørdag 27. oktober 2012

Arzua

Det er 9 landsbyar mellom Melide og Arzua. Tidleg på ettermiddagen var vi framme, og herberget vårt låg i byrjinga av den lange gata gjennom byen. Etter å ha instalert oss og dusja av støv og svette frå vandringa, tok mi kjære og eg oss tur vestover gata. Var turistar i framand by og glana litt på folk og butikkar medan vi rusla der. Mi kjære er alltid på utkik etter suvenirfingerbjør, så det vart nokre pausar ved aktuelle butikkvindauge. Noko lenger vest delte gata seg. Ei eldre og smalare gate utan butikkar svinga av ned ein liten bakke. Vi tok den for litt lenger framme skulle det ligge ei gamal kyrkje som  var verdt ei vitjing. Kyrkja fann vi, men der var det stengde dører.
Så var gata slutt, og det var byen og. Vi runda eit hus og kom opp i ein park med rislande fontener under skuggefulle tre. Arzua er stolt av sin osteproduksjon. Og då må sjølvsagt kvinna som skapte den mest kjende av ostane ha si statue, sentralt plassert i parken. Osten er forresten kalla Tetilla, og det tyder på mitt mål; det vesle brystet, då den med si koniske form liknar på nettopp det.

Der låg ei kyrkje til ved parken, men den og var stengd. Så i Arzua fekk vi berre sjå det ytre av kyrkjene. Men ein kan finne små detaljar likevel. Detaljar som eg tykte var interessante. Som denne med Jakobskrossen, kamskjelet og stjerna som peikar ned på kvar Jakob si grav er å finne. Slike symbol er det mange av etter pilegrimsvegen. Mest er det av kamskjelet.

Som på denne steinen som stod på fortauet i eit gatekryss. Kamskjelet er med.

På veg attende til herberget, kom våre medvandrar i mot oss, og då vart det retur til parken for kaffi og is.
Og medan vi sat der, gjekk ein bonde med kuflokken sin forbi, i gata bortanfor parken. Og fleire pilegrimar spang etter med kameraet klart. Dei pitoreske Galisiamotiva må sikrast i minnet. Men der og då var eg berre ein doven turist med sin kopp kaffi. Så bonden fekk gå i fred for meg.

Arzua

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar