fredag 26. oktober 2012

Ute på bygda

Det er gjerne små og store byar som eg har gitt mest merksemd når eg fortel om vandringa mot Santiago. Og det er vel naturleg sidan det er i byane det er mest av særmerkte bygningar med meir. Men det er landsbygda sine vegar vi ferdast mest på. Gjennom skog og langs dyrka mark. Gjennom små og større landsbyar. Med og utan kuskit i gatene, og med hundeglam bak stengde portar. Landsbyane med dei små og grå steinkyrkjene, og med det enkle inventaret. Kyrkjene som vi vonar er opne så vi kan sjå innom. Og få eit stempel i pilegrimspassa som vi ber med oss.
Og der inne står han ofte, han Santiago med sin vandringsstav og sine kamskjel på kappe eller hatt.
Og i dei små skogkledde dalsøkka hender det at det renn ei lita elv. Etter den langvarige turken denne sumaren, er der ikkje mykje vatn i dei. Men byksa over elva fortel at det er ikkje alltid slik. Det kan nok hende at pilegrimen møter ei elv med strid straum, og då er nok byksa gode på finne.
Det er mange tradisjonar knytte til vandringa mot vest. Ein av dei handlar om å vaske seg rein. For det måtte pilegrimen gjer før han gjekk inn i Santiago. Og det skulle skje i elv nær byen.
I landsbyen Lavakolla si elv. Då skulle kleda av, og pilegrimen ut i vatnet for å vaske bort gamal og illeluktande skit. Ei gamal pilegrimsbok fortel at også den delen av kroppen ein blygest mest for, fekk grundig vask då. Og hadde ein råd, vart det og nye klede på. Rein måtte ein vere når ein steig fram for Santiago i katedralen.
For desse her er det nok berre varmen som lokkar dei ut i vatnet, og ikkje det gamle pilegrimsritualet.
Og så hender det ein sukkar litt. Dette hadde vore fint å ha heime. Ein liten terasse ved veggen. Og til tak over, ein vinstokk som strekte sine griener ut. Til skugge for den brennande sola, og med satige drueklasar mellom greinene. Klare til å plukkast ned og nytast under siestaen.
"Ja, der skulle vi ha vøri, Kal."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar