søndag 21. oktober 2012

Byen som drukna

Det er ikkje alle overnattingsstadar som sit att like godt minnet. Nokre har eg etterpå vanskar med å grave fram frå gråskodda, medan andre står der spikra fast. Ein slik er hospitset i Mercadoiro. Der var to restaurerte bygningar. I det eine var baren med tilliggande rom, og på andre sida av ein open uteplass med bord, låg huset med rom for overnatting. Eit hus i fleire høgder. Vi hamna heilt nede på grunnplanet etter å ha gått gjennom eit par sovesalar. Men sidan det var eit gamalt hus som var restaurert, så var det noko låglofta, og med lave dører. Noko eg fekk erfare eit par gonger. Første gongen gjekk det greit. berre eit lite skrubbsår, men andre gongen small det så godt at mi kjære måtte fram med førstehjelpveska si. Blodet rann godt frå topploket, så ho måtte først klippe vekk skinnfilla som var skrapa vekk, før ho fekk plastre såret der oppe. Verten ville seinare vite kva eg hadde gjort meg. Nei, sa eg, det er to alternativ, anten er eg for høg, eller so er dørene for lave. Vel, svara han, vi er ikkje så lange her i Spania.
Men morgonen etter var vi lova frukost kl 7, og då stod vi i mørkret utanfor døra til baren. Men inne var det mørkt. Etter ein telefon vart  det brått liv der inne. Vi såg ein skugge i full fart gjennom baren, og så, om ei stund kom lyset på. Og ein ung gut sette igang med å starte opp maskinene. Omsider fekk vi kome inn.  Men å få tinge seg frukost gav eg etterkvart opp og gjekk ut på plassen. Mi kjære gav og opp om litt og kom etter. Vi vart samde om å ta frukosten når vi kom fram til neste by, og byrja å gå.
Det var mørkt i byrjinga, men vegen var god å gå, og låg grå mot den mørkare skogen på sidene. Etter kvart lysna det av dag og landskapet steig fram rundt oss med marker og morgonstille landsbyar.
Og så, etter vel ein time stod vi "der bakkestupet skrånet."

Det er noko vi lærde i Frankrike, og som fekk nya opp att i Galisia. Går stien, vegen, ned nokre hundre meter, ned ei dalside, så går han opp att same lengda på andre sida av dalen.
Slik her også, vegen fall bratt ned lia frå åsen hadde vore på. Ned til elva i dalbotnen. Her ved elva låg det eingong ein gamal by, Portomarin. Men på femtitalet byrja dei å bygge ein dam over elva lenger nede, for å nytte vatnet til å lage elektrisk kraft. Og så byrja vatnet å stige. Den gamle byen ved elvebredden ville verte sett under vatn. Drukne.
Då vi var der, var det lite vatn der vassbasenget skulle vere. Vi såg ruinane etter husa, og brukara etter bruene som eingong gjekk over elva.
For det var det dei gjorde. Reiv byen og flytte han høgre opp.
Men dei to gamle kyrkjene tok dei ned stein for stein, og flytte opp på åsen til den nye Portomarin.
Den såg vi ligge framfor på andre sida av den lange brua over der vassbasenget skulle vere. Men då må ha vore fjøre i det lenge. Graset stod høgt der vatnet skulle vere.
Og oppe på fortauet,ved den gamle festningsliknande kyrkja, Iglesia de San Nicolas, vart det endeleg frukost for mi kjære og meg.
Men om morgonen var grå, så skein det av utover formiddagen. Vel oppe på åsen igjen, opna landskapet seg vidt og ope vestover.

Portomarin
Korset i våpenskjoldet synet til at Johannesriddarane ( av Jerusalem) i si tid rådde i byen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar