onsdag 10. oktober 2012

Villafranca del Bierzo

Bussen set oss av ved inngangen til Villafranca, og så vert det å gå opp gjennom byen og inn til det store torget i gamlebyen. Her er det pynta til fest, for Santisimo Cristo de la Esperanza. Vi slår oss ned ved eit bord og nyt ein kopp varm kaffi medan vi ventar på vår snøggføtte medvandrar. Ho ville gå dei siste kilometerane inn til byen. Men så var det å finne vår overnattingsstad. Den synte seg å ligg nede ved elva, på vegen ut av byen.
Etter å ha ha innstalert oss, er vi på veg attende til sentrum. På brua over elva vert eg slegen av dei mange tårna som reiser mot himmelen i denne vesle byen. Og lengst oppe i bakkane ligg det også her ei stor borg. Det var der oppe markien til Villafranca styrte sitt  landområde frå i mange hundre år.
Byen har vore ein sentral pilegrimsby langt attende i tid, med si plassering ved inngangen til det siste fjellpasset før Galisia, O Cebreiro.
Namnet har den etter franske pilgrimar som slo seg ned her for å dyrke, og foredle vin.
Villafranca del Bierzo


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar