lørdag 6. oktober 2012

Ponferrada

Det er kjøleg morgon når vi vandrar forbi Jakob'en ut av Molinaseca (namnet tyder staden der dei turkar eller mel korn.) og tek fatt på dei 7 km fram til neste by.
På veg ned mot sletta ved Ponferrada er det alt mykje varmare. Ponferrada er den siste store byen før vandringa endar i Santiago. På 1100-talet vart det bygt ei bru over elva ved byen, og i den vart det nytta jarn. Denne jarnbrua gav namnet til byen. Pons Ferrata -jarnbrua.
I dag er nok byen meir kjend for den store festninga den har. Det var tempelriddarane som byrja på den då dei fekk ansvaret i 1186 for å verne pilegrimsvegen  Sjølv i dag er den imponerande med sin murar og tårn.
Byen er hovedstad i Bierzo-landet.






Ponferrada


Vegen frå Molinaseca til Villafranca del Bierzo


 Høgdeprofilen same stykket

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar