tirsdag 16. oktober 2012

Over fjellet

 Det er framleis mørk og stjerneklår morgon då vi byrjar på vegen att. Men dagranda i aust lovar ein fin vandringsdag. Når det lysnar av dag ser vi øyane og havet teikne seg i morgonlyset, langt i nord.
Men hav og øyar her? Vi er då langt inne i landet.
 Og det såg då ikkje slik ut i går kveld? Men så er det ikkje hav og øyar heller, men morgonskodda som ligg nede i dalane lenger nord.
 Det er litt rart å vandre bortover fjellet i 1300 meters høgde, og gå gjennom morgonstille landsbyar med kuskit i gatene. Heime på våre kystar er der berre stein og mose i den høgda.
 Etter eit lite dalsøkk kjem vi opp på ei ny høgd, Alto San Roque, og utsynet vestover mot fjella og dalane i Galisia opnar seg. Vi skal gå gjennnom to provinsar i Galisia. Først Lugo som vi er inne i, og så inn i La Coruña der Santiago ligg. Oppe på passhøgda står der ein pilegrim og kjempar seg fram mot vinden, medan ein dagens pilegrim sit bak han, og  nyt den varmande morgonsola.
Etter høgda berst det nedover til litt lavare lende med nye landsbyar. Men endå ei høgd, Alto Poio, skal vi over før vi er ferdige med fjellet. Den siste kneiken opp er ikkje lang, men stien er bratt, om den ikkje er på mange hundre meter. Men opp kjem vi og kan nyte utsynet attende, og ein kaffikopp med tilbehør på baren som ligg oppe på passhøgda. I vissa om at dette var det siste fjellet, og den siste harde kneika på vegen mot vest. Etter dette er det berre lavare åsar som ventar oss. Men først skal vi ned av fjellet, ned i dalane lenger framme.

Eg tek og med Galisia sitt våpenskjold, med kalken og brødet frå Det Heilage Underet på O Cebreiro, og provinsen Lugo sitt, der vi og finn att kalken som eit av motiva.


Vegen O Cebreiro-Triacastela

Vegprofilen same stykket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar