mandag 22. oktober 2012

Vegkrossar

Mange er dei vegkrossane eg har sett sidan vi byrja å gå Jakobsvegen i 2007, langt oppe i Frankrike. Det har vore store og små. Nokre i enkel utføring, andre rikt dekorerte. Dei har vore i tre, smijarn og stein. Nokre har vore ein naken kross, andre har hatt eit krusifiks festa til seg.
Men her langs vegen i Spania har eg møtt nokre andre vegkrossar. Det første møtte eg i Huelva-klosteret i Burgos. Seinare har eg sett nokre fleire av dei vidare vestover, dei fleste etter at eg kom inn i Galisia.
Det er dei høge, doble, vegkrossane eg meiner. Slik som det på biletet over.
Desse krossane har både ei framside og ei bakside. Framsida syner den krossfeste. Denne vende mot vest, og er sliten av vær og vind gjennom nokre hundreår.
Baksida vende mot aust og har stått seg betre. Og baksida syner ofte Maria med barnet.
Nedover søyla og på sokkelen kan det og vere dekorasjonar. Denne krossen hadde berre dekorasjon på sokkelen. Men er der noko på søyla, så er det ofte plassert ein eller annan kyrkjeleg person der, som ein biskop eller liknande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar