søndag 7. oktober 2012

Kaffirast på torget. (Ponferrada)

Det er grått ute denne søndagsmorgonen. Eg ser knapt landet på andre sida fjorden. Fjorden som idag vert uroa av vestavind, har kvite bylgjetoppar på den blågrå flata. Utanfor stoveglasa bøyer trea seg for vindrosene. Det er lova mykje nedbør over nordvestlandet framover, så det vert nok ein innedag. 

 
Ikkje så den solblanke formiddagen i Ponferrada. Vandrarane treng påfyll etter den enkle frukosten med toast, marmelade og kaffi vi fekk i Molinaseca, og slår oss ned på fortauet under dei mektige murane av tempelriddarborga, før vi går vidare opp i byen til torget for å få oss ein kopp cafe con leche eller ein cafe americano. (kaffi med mjølk eller svart kaffi)
Vi finn oss eit ledig bord og tingar styrkedrikken vår. Grande, por favor. (stor, takk)
Bak oss er det byggeaktivitet, og ei stor kran driv og lyfter byggmaterial over hovudet på oss. Kikar litt varsamt opp. Er her trygt å sitje, tru?
Det er eit stort og ope torg med rådhuset og kyrkja på andre sida av plassen.
Ute på torget står ei drikkefontene. Ein velkledd mann i svart dress og kvit skjorte kjem over plassen, stoggar, drikk litt, fyller handa med vatn og vaskar varmen av andletet, pratar ut i lufta og gestikulerar litt med eine handa. Så legg han handa over vasstrålen, endrar retning på den og sender strålen utover den solvarme plassen medan han snakkar til nokon som ikkje er der. Eller?
Vi undrar oss. Kva er det han driv med? Berre leikar han seg med vatnet?
Folk er tydeleg vande med han, for ingen stansar opp for å undrast på kva dette er.
Då ser vi duene kome, og dei set tydeleg pris på å dusje.
Lenge står han der og stør seg mot fontena medan han sender vasstrålen over fuglane, pratar med dei og gestikulerar med andre handa.
Ein ung gut har stansar opp. Står og ser på. Så vil han prøve, og den velkledde vik undan bortover plassen. Men ungdommen får det ikkje til. Prøver lenge men han har tydeleg ikkje teknikken inne og forlet etter ei stund. Den velkledde vender attende, dusjar fuglane enno ei stund før han slå ut med hendene og forlet dei. Dagens badstund er over. Borte ved ei statue på plassen rettar han på nokre blomar, før han vert borte i gatene.
Og våre koppar er tome. Det er tid for å sjå seg litt rundt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar