onsdag 17. oktober 2012

Ned frå fjellet

Utsynet over bygdene under fjellet opnar seg etter kvart som vi nærmar oss lia ned. 600 høgdemeter er det ned til Triacastela der vi skal ende dagen si vandring. Etter som vi går vestover fjellet, byrjar Torbjørg å undrast på om pannekakedama framleis er der.  Då ho gjekk her for nokre år sidan,dukka ei eldre kvinne fram frå eit hushjørne og baud på pannekaker. Og tok ein imot tilbodet, så vart ein kravd betaling.
Vi kom inn i den siste vesle landsbyen før vi byrja på nedstigninga for alvor, berre ei lita klynge med nedslitne hus. Då stod ho der med eit og rette fram fatet med pannekaker. Eg er alltid lysten på å smake pannekaker, så eg tok mot tilbodet. Då kom andre handa fram for betalinga. Eg prøvde meg med 1 euro, men ho var ikkje nøgd med det, så det vart 1 euro til. Kona var blid ho, ville vite kvar vi var frå, og kva pannekaker heitte på vårt mål.  Ho har nok eit godt tilskot til hushaldet sitt med pannekakene ho byr fram til pilegrimane. Kor dei smakte? Omlag som dei eg sjølv steiker heime.
Nede i bakkane måtte vi stogge opp for det minste kapellet på vegen mot Santiago.
Vi går gjennom fleire klimasoner på vegen ned, og det var rart å sjå korleis vegetasjonen endra seg etter kvart som vi kom nedover lia. I desse traktene lever det ulv også, men vi såg ingen.
I den siste landsbyen før vi var nede stod dette store kastanjetreet. Over 100 år gamalt.
Triacastela har namnet etter tre borger som stod her for l000 år sidan, men som vart øydelagde i krigen mot normanniske røvarbander. Berre i namnet på den vesle byen, lever minnet om dei.
Kyrkja er vigsla til Santiago, Sankt Jakob.
Den eldste delen daterar seg attende til 1200-talet.
Torbjørg hadde vore her før, og forkynte at "i kveld skal vi til pilegrimsmesse"
Og det vart ei oppleving. Presten måtte ha fått løyve til å vere litt fri i høve til den vedtekne liturgien, for det vart ei messe med "laus snipp".
Presten opna gudstenesta med å lære pilegrimane melodiane på kyrkjelydsvara. Og han var ikkje nøgd før det høyrdest under kyrkjetaket. Pilegrimar frå ulike land vart kalla fram i koret for delta under preika og i forbøna. Kvart på sitt språk. Torbjørg fekk æra av å vere med under forbøna. Presten var ein kyndig og myndig vegleiar under heile messa. Einaste minuset var ho som vart kalla fram for å tolke presten sin spansk til engelsk. Ho streva med orda, og mangla mikrofon.
Her leier Torbjørg kyrkjelyden i forbøna, på norsk, medan presten ventar på å få kome inn med eit kraftfullt Amen. Og Santiago overvåker det heile frå altertavla.

Triacastela

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar