mandag 15. oktober 2012

O Cebreiro

Så er vi der. På O Cebreiro. Nydusja og klare for å sightseeing i "byen".
Ei rad med steinhus langs ei gate i eit fjellpass mellom Bierzo-landet og Galisia. Her er hotell og hospits, matstadar og suvenirbutikkar. Og mange pilegrimar, både syklande og gåande, på veg mot vest.
Og i øvre enden av gata, ei kyrkje. Ikkje den første på staden. Men under gata er det funne restar frå tidlegare kyrkjer. Munkane var her alt på 900-talet. Det var Benediktinarane som sette seg ned her for å vere pilegrimane til hjelp. Hadde vi vore her nokre dagar tidlegare, kunne vi vore med på feiringa av Santo Milagro.
For det var her det hende, det som pave Innocent VIII i 1487 godkjende som sant, det som hadde hendt ei vinternatt nokre år tidlegare, og gav det namnet Santo Milagro, Det Heilage Mirakelet.
Tradisjon seier og at Den Heilage Gralen, staupet som vart brukt under den første nattverden i Jerusalem, hadde vore å finne her på O Cebreiro.
Alt i det 9.århundre var her ei lita kyrkje og nokre munkar, og det vart foretta messe i kyrkja.
Ei stomfull vinternatt på 1400-talet var det ein vantru prest (ein idiot av ein prest, står det i eit gamalt dikt frå 1500-talet) som foretta messa. Han forventa ingen til kyrkje i stormen, men ein bonde frå ein av landsbyane nede i fjellet, streva seg oppover til messa i mørkret og snødrevet.
I det presten lyfter brødet for å vigsle det, går døra opp og snødrevet står inn i kyrkja. Og midt i drevet står bonden, kvit av snø.
Irritert tenkjer presten: Kven er det som går ut i slikt vær for berre ein bit brød og ein slurk vin?
Då hender det. Forskrekka og vantru ser presten at brødet mellom fingane hans endrar seg og vert kjøt, og at vinen i staupet vert til blod.

I kyrkja er der eit lite glasskap der staupet frå Santo Milagro er å sjå.
Og hendinga syner att i Galisia sitt flagg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar