tirsdag 2. oktober 2012

Til messe i Molinaseca

Det er messe i kyrkja klokka seks, Orkar du å vere med? Hans kjære står ved senga og spør. Han bøyer varsamt kneet, og legg handa på hoftekulen. Det er betre, lyg han, eg vil prøve. Om litt er han ute av senga og på veg ned trappa, sidelengs. Ute på gata ser han kyrkja litt lenger borte, ruve oppe over mange trapper. Det går fint, svarar han på hennar undrande spørsmål. Der er ein handikapveg opp der borte, seier ho og peikar. Eg tek trappene, svarar han og byrjar dra seg opp over dei.
Så er han inne og finn seg ein plass på bakaste benk, saman med sine medvandrarar.
Her er ikkje mange tilstades, og presten drøyer ikkje i liturgien. Det går fort avgarde. Dei fire fem kvinnene litt lenger framme i kyrkja får sine brød, resten bryr han seg ikkje om. Så tørkar han kalken og set den og brødboksa inn i arka att. Fyrer av velsigninga og forlet kyrkjeromet.
Det var raskt gjort, komenterar vandraren, tek kameraet og går ei runde i kyrkja, stoggar litt her og der, tek nokre bilete og går ut i kveldssola. Det ventar middag på ein bar lenger nede mot elva.
Ute på kanten ved trappene stansar han litt og ser utover husa og gatene. Presten kjem ut og går ned i gata. Stoggar eit par, og han høyrer orda hans, Det har vore messe, kvar var de?
Etter middagen ruslar dei ned til parken ved elva. I bakgrunnen går ei lang og gamal bru over elvefaret. Det er nesten tørt, det er ikkje store elva som renn der. Men etter brua sin storleik, kan det nok vere større vassmengder i den til andre tider. Ein ungdom er frampå for å prate litt, og han tek bilete av dei fire.

 
Det mørknar der han ruslar langs elva med nesten smertelaus fot. Berre når lendet hallar nedover kjenner han smerten jage gjennom kneet.
Bak elva, brua og parken, røyser kyrkja der messa var, seg under åsen og ein klår kveldshimmel.

Litt lenger borte ved elva ligg ei anna kyrkje under åsen på andre sida av dalen. Den skulle han gått forbi om han ikkje hadde kome i drosje.

Molinaseca
Provinsen Bierzo
Flagget til Bierzo




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar