lørdag 20. oktober 2012

Berre litt att no.

For kvar 500 meter stod det ein liten stein i vegkanten. Den var merka med namnet på staden (om staden hadde eit namn), og kor mange kilometer det var att til Santiago. Og så hadde desse som må krote namnet sitt overalt, gjerne vore ute med ein tusjpenn og gitt steinen litt ekstra "pynt".
I ein liten landsby stod denne steinen som fortalde oss at no, NO, var det berre 100 kilometer att å gå. Og den steinen var ikkje berre pynta med tusjpenn. Jamvel eit par utslitne sko var sett att ved den. Det var mest uråd å sjå det som opphaveleg stod på den.  Men mi tyske vegvisarbok hella litt kaldt vatn i gleda mi over at 100 km-grensa no var passert. Det er feil, las eg, det rette er at herifrå er 109 kilometer att. Orkar eg å gå så langt, tru?
"Uno cafe con leche. Grande. Por favor".  Desse orda vart sagt nokre gongar gjennom ein dag. (For meg som ville ha han svart, var det cafe americano) Men om vi fekk ein grande, det kunne det vere så ymse med. I sær for oss med americano, dei koppane kunne vere rett små. Men her har mi kjære fått seg ein skikkeleg grande, og lyfter koppen nøgd for å ta første supen.
Igjen er vi oppe i skogen på åsen, og går på fredelege stiar mellom høge murar og store tre.
Dei krev ikkje så mykje areal kyrkjegardane i dei små landsbyane. Gravene går i høgda. Mest like høge som veggane i den vesle kyrkja.
Vi såg mykje søppel attslengd langs stiane etter Astorga, og i sær etter at vi kom inn i Galisia. Det tener ikkje pilegrimane / vandrarane til ære at dei berre kastar frå seg avfallet sitt. Men denne staden tok kaka. Dette korset vi gjekk forbi, på veg ned frå åsen mot nattherberget vårt, såg vi knapt att i alt det var "pynta" med.  Jamvel nokre av våre landsmenn hadde vore med på pyntinga. Kvifor korset stod der, var ikkje råd å sjå i all dekoren. Eg kjende på skam over pilegrimane sine handlingar, då eg gjekk vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar