lørdag 13. oktober 2012

Mot fjellet

Det er 3 mil frå Villafranca og opp på fjellpasset O Cebreiro, og dit hadde vi tenkt oss denne dagen. Men dit opp er det 800 høgdemeter, og mesteparten på den siste mila. Litt i meste laget for oss seniorvandrarane, derfor tok vi i den årle morgon buss fram til La Portela, og då hadde vi berre høgdemeterane og 1,5 mil att. Det ville vere overkomeleg. For sjølv om morgonen var kald og eg sakna hanskar, så visste vi at det ville verte varmt nok opp bakkane med solsteiken i ryggen.
Men sjølv frå La Portela var det halve mila å gå framover langs elva i den tronge dalen, før lia opp til O Cebreiro byrja. Det gjekk både opp og ned framover, og vi passerte fleire små landsbyar. Omsider var det kome så langt ut på morgonsida at barane byrja å opne, og vi kunne kjøpe oss litt mat og kaffi, så pass vi hadde noko å gå på når vi skulle byrje på fjellet.
Nokre få landsbykyrkjer var og opne så vi kunne få kike inn, og stemple pilegrimspassa våre.
I ei av dei var denne Pieta-scena sett inn i altertavla. (Pieta-scena syner Maria, Jesus si mor som held sin avlidne son.) Den mest kjende Pieta-skulpturen er nok Michelangelo sin Pieta i Peterskyrkja, men eg har sett mange andre som har bergteke mitt sinn meir enn den. Kanskje fordi dei har vore nærare røyndommen i si litt grovare utføring. Michelangelo sin tykkjer eg er for vakker, for glatt, og Maria for ung og for lite sorgfull. Men det er mi vurdering, og eg er sjølvsagt ingen stor kunstkjennar.
Omsider var vi framme i Ruitelan på 690 m.o.h., og vi kunne byrje på den siste mila opp mot fjellpasset.
 Første delen gjekk bratt opp ein skogvokst og bratt elvadal. Inne mellom trea var svalt, men den bratte stien røynde godt på både pust og føter likevel. Endeleg var vi oppe over skogen og bøygde av bortover ein liten åsrygg. Bort til ei gamal kyrkje, La Faba, for matrast og kvild før den neste bratte lia opp til toppen stod for tur..
Ved La Faba var vi komne opp på 916 meter. Eg ser på verdsveven, etter at eg er vel komen heim, at sykkelpilegrimar som nyttar vegen, har ei stigning på opp mot 16%. Då undrar eg meg på kva slags stigning dei gåande pilegrimane har på same stykket. 20-25%? Eller meir?
Pilegrimsstien frå Villafranca til O Cebreiro


Og topografien same stykket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar