torsdag 11. oktober 2012

Mange kyrkjer i Villafranca.

Då eg stod på brua over elva og hadde byen framfor meg, måtte eg byrje å telje kyrkjetårn. Byen er ikkje stor, vel 3600 innbyggarar, og likevel talde eg seks kyrkjer. Og endå er det ei to/tre til. Medrekna nokre kloster. Så sjølv om det alt var godt ut på ettermiddagen, måtte eg ta meg tid til å vitje ei av dei.
Men eit måltid varm mat måtte vandrarane også ha. Vel; varm og varm.
Igjen opplevde eg å ha bomma mellom kva eg tinga, og det eg trudde eg skulle få. Marinert aure såg bra ut, og eg såg fram til eit måltid varm sprøsteikt aure. Men au. Det eg fekk var ein heil aure med spor og hovud, men kald. Så den dagen vart det berre varm kaffi på denne pilegrimen.

Oppe i bakken over torget ligg ei gamal kyrkje. Den seiest å vere grunnlagt av Frans av Assisi då han gjekk som pilegrim til Santiago i 1214. Den er derfor tileigna han. Og kyrkja inne fanga interessa mi. Først høgalteret, og då særleg eit av felta. Denne varianten av krossfestinga har eg aldri sett før. Eg var for ei tid sidan inne i ei samtale om Jesus sin død var ein del av Guds frelsesplan, eller om Gud berre brukte det som den vonde fekk gjenomført med hjelp av romerar og jødiske prestar. Kunstnaren plasserar på dette høgalterfeltet Gud inn på ein for meg svært uventa måte.

I eit sidekapell var stilen heilt annleis. Her var det ein stil som eg har sett lenger sør i Spania, mellom anna i Alhambra i Granada.
Særleg var der ein tydeleg mudejar-stil (maurisk-stil) i taket.
Dei andre kyrkjene. Dei vart det berre å sjå utanfrå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar