torsdag 18. oktober 2012

Stengde dører

Det går to ruter vidare frå Triacastela. Den kortaste går opp over ein liten topp. Den andre og kortaste går ned i ein liten dal, før den går oppovar att. Så møtest begge rutene der vi hadde planlagt å overnatte.
Torbjørg som hadde gått den lengste før, ville gå den kortaste. Reidun slo lag med henne. Medan mi kjære og eg valde den lengste fordi den går om Samos, der det store klosteret ligg.
 
Etter nokre kilometer langs ein morgonstill bilveg, tok pilegrimsvegen av inn i bondelandet. Til små landsbyar og gjennom dei dyrka markene. På sidene av vegen vi gjekk var det mura opp høge murar. Truleg for å lage flatare terasser i dei bratte liene. Murane såg gamle ut, og vedlikehaldet såg ikkje ut til å vere av høgste prioritet. Røter frå trea hekk alle stadar i murane, og store trea hadde somme stadar sprengt muren ut. Galisia har vore, og er, den fattige delen av Spania, og der vi gjekk fekk vi eit bilete av det. Dei små landsbyane såg nedslitne ut. Ein stad stod ei eldre kvinne og vaske kle i elva som rann gjennom grenda.
Ut på morgonsida, kom vi fram på ein bakkekant, og der, ned for oss låg klosteret i Samos. Eit stort bygningskompleks med ein liten landsby rundt.
 

Vi tok oss ein kopp kaffi på ein bar i landsbyen, og såg på folkelivet. På vegen hit hadde vi vore nesten åleine. Her var det litt fleire pilegrimar å sjå.
Ein gamal krumbøygd munk kom til baren og fekk dagens avis, før han sakte stabba seg attende til klosteret.
Vi fylgde etter han for å vitje det. Men der var det stengde dører alle stader, så det vart berre med ein tur rundt det. I dag er der visst ikkje mange munkar att, men det må ha vore mange her i klosteret sine velmaktsdagar.

 
Då vi ikkje kom inn i klosteret, tok vi strake vegen ut av landsbyen. Første kilometerane var vandrarvegen ved sida av bilvegen, men så tok den av opp lia. Vi hadde hatt vegen stort sett for oss sjølve denne morgonen, men her kom det eit heilt fylgje etter oss, og dei gjekk fort. Ankerkvinna ville vite kvar vi var frå. Sjølve var dei frå Nederland. Så forsvann dei bak neste sving. Langt oppe i bakkane nådde vi dei att. Då hadde dei funne seg ein rasteplass nede på ei eng. Og seinare då vi sat i sola framfor vårt nattkvarter, passerte toget i god fart borte på vegen. Dei skulle nok til Sarria den dagen.
 
Det skulle vere hovedalternativet av pilegrimsvegen vi gjekk, men eg trur dei fleste brukte det kortaste alternativet, for her var få medvandrarar på vår veg. Og landsbyane verka å ha hamna i bakevje for den store pilegrimsstraumen. I ein av landsbyane hekk det framleis falma flagg ved hospitset, og skilt som inviterte inn. Men vegen fram til huset var heilt nedgrodd, og lite tydde på stor aktivitet dei siste par åra. Det same var tilfelle med eit lite kapell tett attmed. Mi kjære brøytte seg veg fram til døra. Den var stengd, men gjennom gluggen i døra tok ho eit bilete inn.
Men om det var nedgrodd ute, må det likevel ha vore aktivitet der for ikkje lang tid sidan. Det stod friske roser ved alteret.

Så kom vi ut av skogen, og forlet dei høge murane ved vegen. Framme ved hospitset var våre to medvandrar alt instalerte, og hadde funne seg plassar i den varme sola.
Samos

Vegen Samos-Portomarin

Vegprofilen same stykket. Høgdeforskjelene er ikkje så store som ein kan få inntrykk av.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar