søndag 28. oktober 2012

Det minkar

Så er vi gang att. Etter litt bocadillo med skinke og ost (min favoritt, men dei er for store til å nytast i eit mål. For meg rekk ein av dei til heile dagen si vandring) og kaffi, er vi klar for å korte ned avstanden til Santiago endå meir. Men framleis er det over førti kilometer att, og det er for langt å gå på ein dag. Så det vert ei overnatting til, i Rua. Ein av dei mange små landsbyane langs vegen. Ei bok eg har namngir 16 stykker av dei på dagen si strekning. Ikkje alle av dei er like store, eller små om ein vil.
Vi går gjennom eit ope og flatt landskap. Inn mellom landsbyane og dyrka marka er der skogar av store eukalyptus tre, og vi høyrer motorsager gå inne mellom trea, og ser store tømmerbilar, med kraftige stokkar på, køyre forbi borte på bilvegen.
 

Vi har vore heldige med været så langt under vandringa vår. Vi har ikkje vore nøydde til å leite fram regnkle. For nokre dagar sidan høyrde vi snakk om at det ville kome regn. Men ut på dagen forsvann dei grå skyene, så det var berre støv, og ikkje sleip raudbrun søle, som farga skorne den dagen og.
Men denne dagen ser vi at det tjuknar til i vest, og ut på formiddagen byrjar det å yre så smått. Det aukar på etter kvart, men denne dagen var eg ikkje førebudde på regn. Capen ligg i sekken eg har sendt i førevegen. Dette kan verte våtsamt. Då ligg berginga der. Ein liten bar i vegkanten. Der er det alt fullt av pilegrimar som har søkt ly, men vi får lurt oss inn under tak, Og medan vi nyt ein kopp kaffi med bocadillo til, regnar det frå seg ute.
Det vart ikkje meir enn denne eine regnbya, og kleda vart ikkje våtare enn at dei snart var turre igjen då vi vandrar vidare.
Det heiter seg at dåren skriv sitt namn alle stadar, men makan til skriving som i ein annan bar vi var innom eit par timar seinare, har eg aldri sett. Der var heile romet dekorert med skribleri. Veggar, bord, stolar, tak, ja, overalt der det var råd å finne ein plass å bruke tusjpennen på. På talrike språk frå heile kloda. Og fann ikkje skrivaren nokon plass, så var det alltid råd å henge opp ein post-it lapp.
Våre to medvandrar var til tider litt bortreiste denne dagen. Deira menn var på veg sydover til Santiago for å møte dei att der, og det var nok tankane på kor det gjekk med mennene på reis som opptok tankane deira.

Så var vi framme ved det siste herberge på vandringa vår. Her var det endåtil symjebasseng i hagen. Men eg let meg ikkje freiste til å prøve det. I staden fekk skallen min igjen prøve nærkontakt med for lave dørkarmar. Det small godt, og igjen måtte mi kjære fram med førstehjelpsaker. Litt minne etter turen skal ein vandrar ha.

Vegen Arzua - Monte Gozo

vegprofilen same stykke. Litt kupert, men ikkje store høgdene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar