mandag 29. oktober 2012

Monte do Gozo

Så er enden der. Starten låg 1500 kilometer attende. Langt oppe i fjella midt i Frankrike. Men no var det berre 24 kilometer att inn til målet, den store katedralen i Santiago.
Klokka 7 om morgonen var vi klar for frukost. Men igjen var det ikkje samsvar mellom meldinga dei gav om kvelden, og røyndomen om morgonen. Ingen frukost før 7.30. Og då var det berre å byrje å gå til vi fann ein open bar lenger vest i bygda.
Det er mørkt så tidleg om morgonen. Det gjekk bra gjennom den første morgonstille landsbyen. Der dukka det opp fleire pilegrimar. Men så svinga vegen av inn i ein skog av høge eukalyptustre, og der inne var det stupmørkt. Dessutan delte vegen seg. Kva for ein veg skulle vi ta? Kvar var dei gule merka? Dei som hadde lykter lyste både høgt og lavt, men til inga nytte. Vel då var det berre å velje den som såg mest veltrakka ut, og vone det var rette vegen. Der, på veg gjennom skogen, sakna eg hovudlykta mi som låg att heime. Det einaste eg hadde var ei svak lita lommelykt som eg kunne lyse ned for føtene med, såpass eg såg kvar vegen var.
Men så lysna det. Vi var igjennom. Framfor låg opne marker. Litt lenger borte bilvegen og husa langs den. Og i aust lyste dagranda opp for den vaknande dagen.
Det gjekk snøgt avgarde denne dagen. Lendet var lettgått, og i ein landsby fann vi open bar med tilbod om frukost.
Santiago sin flyplass ligg på den gamle pilegrimsvegen, så for å kome forbi den må dagens pilegrimar gjer ein sving nordover. Opp på ein liten ås. På toppen såg vi eit fly takse bortover rullebana. Medan vi gjekk ned av åsen att, og gjekk under enden av flyplassen, høyrde vi brølet av flyet som tok av. Der tok nok nokre moderne pilegrimar fatt på heimvegen.
Nede på flata igjen, ligg den vesle bekken der pilegrimane skulle vaske seg, men det freista ikkje å fylgje den skikken. I staden byrja vi på den 5 kilometer lange vegen opp til ein ny ås. Vi kunne sjå at vi nærma oss storbyen. Nye hus låg på begge sider av gata opp, og oppe på åsen låg Galisia sin TV og radiostasjon.




 


Så var vi framme på Monte do Gozo. Gleda sitt berg. Her fekk pilegrimane det første glimtet av tårna på katedralen nede i byen, og gleda kunne bryte ut. Den lange vandringa var ved enden. Der nede venta San Tiago på deira bøner.
Trondheim hadde og sitt gleda sitt berg. Feginsbrekka var det kalla. Fegin av fjåg, glad.
Det hadde ikkje vore mange pausar på dei 2 mila  fram til Gleda sitt berg desse morgontimane. Klokka var ikkje meir enn 11 då vi var der.
Oppe på åsen låg eit stort monument til minne om då den polske paven, Johannes Paul II, var her som pilegrim. Det har store bronsebilete på alle sider, og ein underleg figur på toppen. På eine sida er der ein relieff over dei ulike pilegrimsvegane, Der fann mi kjære og vår veg.
Monte do Gozo er prega av å vere ein turiststad med alt det fører med seg, men inne mellom trea ligg og eit lite kapell, og der inne var det stillt og fredfullt. Ein stad for ettertanke og bøn.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar