mandag 8. oktober 2012

Vår frue i eika. (Ponferrada)

I eine hjørnet av det store torget ligg kyrkja til " Nuestra Señora de la Encina" eller "Vår frue i eika" på heimleg mål. Det slo meg at eg tidlegare hadde sett eit tårn som likna, det mauriske Giraldatårnet på katedralen i Sevilla.
Vår frue i eika. Nok eit av desse underlege namnet på ei kyrkje. Og bakgrunnen for det?
Då det kom eit maurisk tokt nordvestover, gøymde borgarane eit liten treskulptur av Jomfru Maria og barnet i ei hol eik. Og der var ho gløymd og gøymd i mange år. Heilt til tempelriddarene var komne her og hadde byrja på borga. Det var dei som fann henne att. I eika. Ute på torget framfor kyrkja står ein skulptur som syner ein av riddarane der han lyfter Jomfrua og barnet opp mot himmelen.
 
Etter legenda så gret barnet då riddarane stod i ferd med å fellle eika. Legenda seier og at det var biskopen til Astorga, Toribio, som tok Jomfrua og barnet med seg frå Det heilage landet i det 5-århundret. 
 

Og inne i kyrkja, i den opplyste delen av høgalteret, har den Nuesta Señora del Encina som riddarane fann, fått sin opphøgde plass.


Men eg nyttar og litt tid framfor tre vakre scener frå lidingssoga. Frå barokken si tid.
Dette er noko av det eg misunner den katolske kyrkja for. Desse kunstnarleg vakre bileta eller skulpturane i kyrkjene som byd inn til stille meditasjon. Våre kyrkjer er i for sterk grad bygd opp om ordet åleine. Vi har for lite av det som stimulerar synsinntrykket. Det vert for mykje øyre og for lite auge. Tykkjer eg




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar