søndag 14. oktober 2012

Varme bakkar

Der stod ein og helsa oss god vandring vidare opp bakkane, då vi forlet skuggane under trea ved La Fabia-kyrkja. Det kunne vi trenge, for no vart det lite av skuggefulle tre oppover lia til passhøgda. Og no når klokka hadde bikka middagstimen, byrja sola å varme skikkeleg godt i bakkane. Vel 30 grader pluss, vart det sagt det var.
Stien var veltrakka av tusenvis av føter gjennom århundra. Av lokalfolket på veg til og frå, og av pilegrimar på veg mot vest, fram til Jakob si grav i Santiago.
Etter kvart som vi kom høgre opp, opna landskapet seg bak og under oss, med gardar bortover på alle åsar og fjell.
Men endeleg var vi oppe og kunne setje oss på muren ved vegen. 1330 høgdemeter oppe. Puste ut og nyte utsikta frå O Cebreiro. Vi  var komne opp på det siste fjellet på vegen mot Santiago, og vi var komne inn i Galisia. Grensa gjekk vi over ikkje langt attende, nede i siste bratte bakken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar