fredag 12. oktober 2012

..hmm?

Det er fiesta i byen. Fiesta for Santisimo Cristo de la Esperanza, Heilage Kristus vårt håp. Det rann meg i minne noko eg såg i eit vegdele på vår første vandring, langt oppe i Frankrike. Der stod ein betongsokkel på eit gatehjørnet, med eit lite smijarnskross oppå. Og på sokkelen var det hogge inn desse orda: Salute O Croix, mon esperance. Vær helsa kross, mitt håp.
Og her altså altså ein fiesta, ein festival til det same.
 
Vi gjekk gjennom byen på veg attende til hospitset. Det var byrja å skymest, men i parken var det fullt liv med mykje folk, små og store. Her var det rigga opp tivolibuder, kastebuder og fleire anlegg for radiobilar. Og like ved var det sett opp to scener for underhaldning. To band stod på scenene og konkurerte med kvarandre i lydvolum, song og musikk.
Fiesta for Kristus, vårt håp, med liv og røre, og folkeliv i full utfolding.
Vandraren frå det høge nord kjenner på motstridande kjensler i seg.
På den eine sida dei meditative kjenslene som biletet til venstre byd inn til. Der kjenner han seg heime. Men biletet til høgre kjennest framandt, nesten blasfemisk for han. Grelle neonlys på Kristus vårt håp kolliderar sterkt med hans oppvekst i vestlandspietismen.
Men her er han. Ikkje på vestlandet, men i sydlegare strøk, Ikkje i pietismen sitt land, men i ein katolsk, og truleg, synest det, opnare kultur. 



Han vert liggande og tenkje på dette før svevnen tek han.
Brått sit han forvirra i senga. Kva var det?
Eit kraftig brak ristar huset. Klokka er to om natta.
Det smell kraftig på nytt.
Så går det opp for han kva det er. Den offisielle feiringa av Kristus vårt håp er over, og vert feira med fyrverkeri.
Så stilnar det av. Han legg seg attende i senga og sovnar inn att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar