tirsdag 9. oktober 2012

Borga (Ponferrada)

Det er borga som ruvar mest i Ponferrada. Borga som tempelriddarane byrja på i 1218, og som dei 70 år seinare avslutta bygginga på. Men dei fekk berre 20 år som borgherrar. Med avdelingar i mange land, hadde dei vorte ein mektig og rik organisasjon, men i 1312 fekk deira fiendar, med den franske kongen i spissen, overtala paven til å oppløyse ordenen for vranglære. Leiarane vart fanga og drepne, eignalutane konfiskerte, og tempelriddarordenen vart knust og oppløyst.
Etter dei var det ulike lokale fyrstar som rådde i borga, før den spanske kongen gjekk lei kivinga deira og la borga under krona. Der var den til adelsherren til Villafranca kjøpte den av krona i 1588.
I dag er bygga inne på borga under restaurering. Eg tykte det var spanande å vandre rundt på området, og langs den store ringmuren som vender mot bygatene. Der har muren mange utbygde vakttårn for å sikre borga mot eventuelle angrep frå bysida.


Mot vest er borga betre verna. Der er det ei bratt skråning ned mot elva, og den nyare bydelen på andre sida av den.
Ut gjennom eine skyteskåret ser eg fjella, og stien, der eg kom haltande ned dagen før. Og over muren ragar tårnet til kyrkja "Vår frue til eika". Molinaseca ligg gøymt borte under åsane.


Borga dekkjer 16 mål i areal, og eg såg murane etter mange hus inne på den store og opne plassen inne på den.
Lenger vest reiser det seg nye fjell som vi skal over. Og borte under fjella, i enden på den 2,5 mil lange sletta, ligg den siste byen i Bierzo-landet. Dit skal vi denne dagen. Men dagen hallar, og for å nå fram, nyttar vi rutebussen. Derfor forlet vi borga og dei mange interessante utstillingane der, og leitar oss fram gjennom gatene til busstasjonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar