fredag 5. oktober 2012

Mangt å sjå. (Molinaseca)


 

Eg ser at vi er komne inn i ein ny landsdel etter fjellet. Vi er i Bierzo-landet, og sjølv om det høyrer til Leon-regionen er mykje endra. Borte er husa av soltørka murstein. Her er det steinen som råd. Landsbyane har endra karakter, og landsbykyrkjene har vorte lavare  og utan den høge tårnveggen. Her er det firkanta og lave klokketårn.
Inne er dei enkle utan mykje pynt på veggane, berre koret skil seg ut med alterveggen, retabloet, som dekkjer heilt frontveggen frå alteret og opp til taket. For ein lutheranar som har fått viska ut all lærdom om dei heilage menn og kvinner, undrar eg meg ofte på kven dei er desse menn og kvinner som har fått plass på alterveggen. Deira soge er for meg skriven på blanke ark. Herren sjølv har ofte ein plass på ein av sideveggane i koret, eller som eit lite krusifiks på alteret.
Men enkelte av skikkelsane har eg lært å kjenne. Slik som franskmannen Roche, eller Roque som han heiter i dette landet. Han vore ein trufast fylgjesvein heilt frå ferda vår byrja langt oppe i Frankrike.
I ei kyrkje var han tilstades i to utgåver. Den eine litt meir stilrein enn den andre.

Men korset og krusifikset er og tilstades i ulike utføringar. Her eit enkelt kors som syner nokre gjenstandar som kan knytast til Jesus si lidingssoge.
For dei som ikkje kunne lese, skulle kunnskapen kome gjennom å hyøyre og å sjå.
Dei same gjenstandane er med dette utsnittet av ein altervegg, men her er krusifikset plassert inn i ei ramme med ein europeisk middelalderby som bakgrunn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar