fredag 19. oktober 2012

Kva var det med Sarria?

"Kva var det med Sarria?" Spørsmålet dukka opp hjå meg ein av desse siste morgonane. No medan eg driv og skriv om vandringa vår.  Ute er det framleis mørkret som rår, men på lyden av barneføter over meg, skjønar eg at morgonen nærmar seg. Men kva var det med Sarria? Ein av desse små byane på vegen vår mot vest. Eg hugsar ingen ting. Eg vert liggande og grave i minnet for å sjå om det dukkar opp noko som kan setje meg på sporet.

Og litt om litt dukkar Sarria opp frå gråskodda. Vi hadde overnatta, ikkje så langt unna, berre 3-4 km, så vi kom inn tidleg om morgonen og byrja klatre opp gjennom gatene. På eit gatehjørne låg ein stor sportsbutikk med stort utval av utstyr for pilegrimar. Og utanfor døra hekk der ein solid Altus poncho. Ein slik eg hadde vurdert å kjøpe meg på nettet. Lukkeleg vis gjorde eg ikkje det, for han hadde vore berre ei ekstra vekt under vandringa, då vi knapt hadde noko regn. Men hadde vi starta 14 dagar seinare, så hadde han vore god å ha. Men kvifor ei så store forretning her. Jau, for her er det dei startar alle dei som berre skal gå minimumsstekninga, 100 km, for å få pilegrimsbrevet når dei er framme i Santiago.
Lenger oppe gata sit der ein gamal og trøytt konge på si trune. Med kamskjel på kappa si. Nyfiken går eg bort for å helse på, og då ser eg at det er Alfonso IX, far til prinsesse Kristina sin mann, don Felipe. (Kristina si soge kan lesast under etiketten; Prinsesse Kristina) Kong Alfonso IX døydde her i Sarria.
På eit gatehjørne står ein barvert og hankar oss, så då vert det kaffi og bocadillo hos han. Men eg må ha meg meir euro. Kvar er ein bank å finne?
Han viser meg bortover gatene. Og medan dei andre held fram oppover i byen, går eg attende ned i den nyare delen for å finne ein bank. Og med god hjelp av morgonvandrarar, lukkast eg.
Så då er det berre å raske på opp bakkane igjen for å nå att mine medvandrarar. Som nok er komne langt avgarde alt.


Men oppe på toppen av gatene vert eg hefta. Litt lenger borte på åsen ligg eit stort kloster, og eg må bort for å sjå om det er råd å kome inn. Og kanskje få eit stempel i pilegrimspasset. Jau døra er opa, og eg kjem inn i ein liten forgang. Der står ein prest ved eit bord, og han stemplar for meg, og spør om eg har lyst å sjå inn. Eg takkar ja, og han opnar døra vidare inn for meg. Innanfor døra opnar klosterhagen seg. Eg går søylegangen rundt og kjem inn i kyrkja. Stille og vakkert er der, og eg er der mest åleine. Berre ei kvinne er der saman med meg.
Men eg kan ikkje vere der så lenge. Avstanden til dei andre aukar stadig til lenger eg dryger i freden inne kyrkja.
Ute ser eg at pilegrimsvegen held fram ned ein bratt bakke. Eg sender eit spørsmål til mi kjære om kvar dei er, (mobiltelefon er nyttig til sine tider) før eg byrjar å streve meg bakken. Det skadde kneet mitt likar seg dårleg i nedoverbakkar. Vel nede kjem svaret frå mi kjære, så då er det berre å haste avgarde framover dalbotnen.
Så kva var det med Sarria? Berre ein liten by på pilegrimsvegen mot vest. Ein liten by vi gjekk igjennom der det ikkje var så mykje å sjå, og heller ikkje hende så mykje av det som set seg godt fast i minnet.

Eg når dei andre igjen etter kvart. Vi er igjen oppe på den flate åsen og har vidt utsyn. Ein og annan landsby går vi gjennom. I utkanten av ein av dei, i eit vegdele, står ein eldre mørkkledd mann og stoggar oss. Han vil vise oss den romanske kyrkja si. Inne stemplar han omhyggeleg passa våre, og vi må skrive oss inn i ei bok med namn og nasjonalitet. Når vi går, fylgjer han etter oss bort i vegrkysset for å kapre nye pilegrimar til kyrkja si.
Stabbur kjenner vi heimanfrå, men stabbura her i Galisia har ein litt annan utsjånad. Medan våre heime er gått ut av bruk, er desse framleis i bruk. Vi såg mange, både gamle og nybygde, og med stor variasjon i storleik. Dei er kalla horreos, og vert nytta til å tørke mais i. Det minste såg vi ved eit nybygd husvære, men det stabburet hadde fått ein litt annan funksjon. Det hadde to dører på sida. Og dørene hadde påskrift for å vise kvar bakar og postmann skulle legge brød og post.

Sarria

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar