lørdag 4. juni 2011
Vandringa 2011 er over
Dei 20 mila vi hadde som mål å gå av pilegrimsvegen mot Santiago de Compostela dette året er over.
Den 30.mai stod vi på åskanten over San Justo de la Vega og såg mot fjella på andre sida av Astorga.
Det var sol der vi stod, men byen og fjella vestanfor vart bløytt av regn.
Dagen etter vandra vi dei siste kilometerane i sol over sletta fram til av utkanten byen, og klatra opp gatene til gamlebyen innanfor bymurane.
Vi var framme ved endepunktet for vår vandring over høgsletta, mesetaen.
Ei vandring gjennom grøne kornåkrar, blømande veggrøfter og gjennom større og mindre byar i provinsen Leon.
Neste år ventar fjella og dalane vestover, inn i Galicia og fram til Santiago de Compostela,
1. juni byrja vi på heimreisa med buss attende til storbyen Leon. Vidare med nattbuss til Madrid. Så med fly om Dusseldorf og vidare til Gardemoen.
Der venta det ei ny natt på buss heim til Sunnmøre og bygda ved fjorden.
Ei reise der det gjekk mange og lange timar på flyplassane, med venting på at neste etappe av reisa kunne ta til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar