søndag 26. juni 2011

Mot vest att

28.mai 2011

For å sleppe å gå ei mil på fortau, tek vi drosje ut av Leon.
Fram til Virgin del Camino. Møya av vegen.


Bussen set oss av ved ei nyare kyrkje frå 1960-talet. Ei omstridt kyrkje på grunn av sin uvanlege utforming. Den er inspirert av den kjende arkitekten Le Corbusier.


Frontveggen syner Maria som himmeldronninga, omgjeven av dei tolv apostelane.


Inn i kyrkja leier store bronsedører. Vandraren er knipsa i det han går ned på kne for å fange ein liten detalj i døra.


Døra er full av små detaljar og symbolikk.
Her er det stallen med stjerna over.


Inne er det nakne veggar, utanom alterveggen der eit gamalt retablo er bygt inn


med eit gamalt "Pieta" frå 1600-talet som sentrum.


Det er to vegar å velge mellom. Ein langs bilvegen, og ein gjennom eit fredlegare landskap. Den er litt lenger, men vi vel den.
Etter ei stund kan vi snu oss og sjå attende mot Virgin del Camino i det fjerne.


Pilegrimen finn ein på mange slags måtar langs pilegrimsvegen.



Så ligg sletta der igjen framfor oss. Open og vid med den uendelege himmelen over.


Ein liten landsby byr på høve til ein liten rast med kaffi, is og kvile for føtene.
Det er Chozas de Abajo.


Kyrkja ved sida av puben, minner meg om eit av våre små bedehus heime, men dei har ikkje klokketårn.



Etter kvart er sletta i ferd med å endre karakter. Innimellom dei store kornåkrane, møter vi parti med tre, buskar og lyng - og blomster i mengd.





Så dukkar landsbyen der vi skal overnatte opp. Villar de Mazarife.


Og hospitset med huset liggande i ein vakker hage.
Her er det herberge oppe, og hostel i kjellaren. Der har vi våre rom, og der er og matsal og kjøkken.
Hospitset serverar berre vegetarmat til middagen, og dei tilbyr også psykiaktrisk samtale, om vi skulle trenge det.
Pilegrimane veit å nytte den vakre hagen utover ettermiddagen og kvelden.


Santiago og eg.


Mi kjære og eg har oss ei runde i varmen gjennom gatene i den vesle landsbyen.
Forbi kyrkja, Iglesia de Santiago, eit Camino-museum, puben og kolonialane. Stort meir er der ikkje.


Noko eg ikkje har sett før under vandringa er at fleira av husa, mellom anna begge kolonialforretningane, er pynta med ein kross.

Så er det tid for middag, og matsalen er full av skravlande vandrarar. Her har dei eigen kokk, og vi har høyrt han kokkelere ei stund, og lukta frå matlaginga har siva rundt i gangane.
Så byrjar serveringa, tre rettar og så dessert.
Godt var det, og kokken fekk applaus etterpå.

Det kom eit ungt par litt ut på kvelden. Dei fekk romet ved sida av mi kjære og meg.
Dei har ikkje den beste lydisoleringa desse hospitsa. Eg sovna raskt, men mi kjære sovna inn til heftige lydar frå naboromet.

Chozas de Abajo sitt våpenmerke

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar