mandag 6. juni 2011

M15

21.mai 2011


Det er lettskya og kjøleg i Burgos når vi forlet hotellet for å finne ein bar der vi kan få kjøpt oss litt frukost.

Inne på den store Plaza Mayor er det stille.
I går kveld og natt var her mykje folk med talar og høg musikk. No er det berre nokre få morgonvandrarar og ei to, tre politimenn.
Ei feiemaskin køyrer att og fram for å få bort leivningane etter natta sin aktivitet.


Det heng eit stort banner på den sentrale statua på plassen. I går kveld var det festa ein stor ballong i den. No er den borte.
Men under baldakinane langs nokre av husa som kransar plassen, er det reist ei rad med flata pappkasser. Og bak dei ser vi hovud stikke opp.
Når vi kjem nærare ser vi at bak, på det overbygde fortauet, ligg det madrasser, og fleire ungdomar som er i ferd med å kome ut av soveposane.

Baren vi har tenkt oss til, er ikkje opna enno, og Reidun som er den raskaste av oss fire til å ta kontakt, gir seg i samtale med ein ung mann, og då kjem der ein som gjerne vil fortelje kva dette er.
Det er ein folket sin revolusjon, fortel han.
Vi skjønar at det er ein protest mot ei arbeidsløyse og ein poltikk som sikrar den økonomiske politikken, bankane og dei mektige, medan dei svake gruppene får svi.

Seinare forstår vi meir.
På TV ser vi bilete av store folkemengder i Madrid, og politivold i Barcelona.
Og M15 dukkar opp. Det står for Mayo 15 då det heile starta på Plaza del Sol i Madrid, 15.mai
Og bak ligg inspirasjonen frå folkereisinga på Tahirplassen i Kairo.



Så opnar baren dørene, og vi søkjer inn i varmen til ein bocadillo med skinke og ost, og ein stor kopp kaffi.
Og medan vi nyt maten, drøftar vi ei utflukt vi skal gjer her i Burgos, før vi tek bussen vidare til Castrojeriz.
Og eg må ein tur i katedralen for å skaffe meg pilegrimspass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar